"The Last of Us"
Av og til....
Av og til dukker det opp filmar og TV-seriar som er heilt fantastiske, og når ein har sett dei, så forstår ein at HER har ein bevitna noko heilt spesielt.
Filmar og TV-seriar basert på bøker er langt fra noko nytt, og vi har også hatt suksessrike seriar og filmar basert på tegneseriar.
Det siste nye er seriar og filmar basert på diverse dataspel, og det er nettopp det vi skal sjå på i kveld:
HBO sin fantastiske versjon av dataspelet "The Last of Us"
Eg har aldri spelt The Last of Us, har heller ikkje noko ønske om det, men eg har sett det som er HBO sin storsatsing, og svært suksessrike TV-serie av samme navn. Og la det være sagt med ein gang; Dette er kanskje den beste TV-serie eg har sett. Saman med Watchmen fra 2019 (Også HBO), samt The Sandman (Netflix, 2022), er The Last of Us, heilt der oppe. I ultraklassen.
Handling:
Vi byrjar i 1968, med ein slags prolog der det vert diskutert denne sopptypen som tek over "hjernen" til innsekt, eks. maur, og kva som kunne skjedd dersom soppen kunne gjere det samme med.....folk....
Fast Forward til 2003, og det er nettopp det som har skjedd. Det kan verke som arnestaden er Djakarta, denne megabyen i Indonesia, men det sprer seg i svært stor fart rundt om på kloden iallfall.
I USA 2003 treffer vi så Joel, ein entreprenør og åleinefar som arbeider omtrent døgnet rundt, og har derfor liten tid til si tenåringsdotter.
I løpet av ei natt treffer apokalysen også Joel, og soppsmitta folk herjer over byen hans og verda ellers.
Fast Forward ein gang til, nå til 2023, og USA er eit øydelagt samfunn, både grunna alle dei infiserte (ikkje zombiar nei), og ikkje minst grunna det totalitære militærstyret til FEDRA.
Befolkninga er plassert i såkalla "trygge soner", der korrupsjon og diktatoriske tendensar herjer med innbyggarane.
Mot FEDRA står bl.a. opprørsgruppa Fireflies, og i bakgrunnen lurer alltid redsla for dei infiserte, som kan herje både over og under bakken, og som slett ikkje er ein einsarta masse heller. Det fins nemleg fleire typar infiserte....
I ein diktatorisk Fedra-styrt bystat, Boston, har Joel klart seg som smuglar og hardhaus i 20 år. Han er hverken FEDRA eller Firefly, alt han vil er å komme seg vekk og finne sin bror Tommy, som skal være vestpå einstad.
Opprørsgruppa Fireflies har imidlertid kome over ein gullklump av dei sjeldne, ei tenåringsjente som viser seg å være immun mot smitte fra dei infiserte. Nå må ho fraktast til Firefly sin forskningslab i Salt Lake City, og det endar såklart opp med at Joel og hans kjære medsammensvorne, Tess, må få ho ut av byen, og over store deler av det amerikanske kontinentet. Eit land og ei villmark der det befinn seg lovlause bandar, farlege opprørarar, diktatoriske FEDRA-soldatar, og ikkje minst; MENGDER med infiserte.
Og enda er vi ikkje komne lenger enn til episode to...
På vegen over USA vert vi kjent med ei rekke personar, eks. Bill og Frank i det som må være ein av tidenes beste TV-episodar. Oh-la-la.
Det er mange fellestrekk med andre post-apokalyptiske seriar, men også ein del store forbedringar. Ein samanlikning kunne jo være Netflix-serien "Resident Evil", som var heilt katastrofalt dårlig. Knallartig spel, men serien var altså aldeles håplaus.
Eller kva med The Walking Dead?
Jo, det passer bedre. Med eit svært viktig unntak; I The Last of Us går det adskillig kjappare unna. Der The Walking Dead brukte fire sesongar på å møte sitt totalitære samfunn i form av The Governor, så bruker The Last of Us fire episodar.
Der The Walking Dead brukte seks år på å finne Alexandria, og dermed ein nokolunde sivilisert plass, så bruker The Last of Us seks episodar på å finne sin nokolunde trygge havn.
Og dette mykje raskare tempoet går ikkje på bekostning av bakgrunnshistoriar eller oppbygging av persongalleri. Vi vert kjent med svært mange forskjellige figurar her, bl.a. Melanie Lynskey (Rose, fra Two and a half men) i ein heller spesiell rolle som skruppellaus bydiktator.
Vel, eg kan ikkje sei for masse, for det kan jo øydelegge spenninga, men la meg berre sei at denne serien må einkvar TV-tittar få med seg. Det er ein lavmælt, men intens spennande dramaserie, fra eit postapokalyptisk og nærast lovlaust USA.
Kva er så det aller beste med serien?
Sjølvsagt dei to hovedpersonane. Her snakkar vi Emmy-materiale.
Pedro Pascal fra Game of Thrones, The Mandalorian og Narcos spelar Joel. Hard, tøff, hensynslaus når det trengs, men kven veit kva som skjuler seg under det beintøffe ytre??
Som 14-åringen Ellie treffer vi Bella Ramsey, for min del sist sett som arrogant og veslevoksen adelsjente i Game of Thrones. Om Pedro Pascal er enorm i si rolle, så er Ramsey enda bedre.
Eg har ikkje ord for kor god ho er, og samspelet med Pascal er i skyene.

Hvis du enda ikkje har sett ein av tidenes beste TV-seriar, så MÅ du få med deg denne. Alle ni episodane ligg nå ute på HBO.
Ein soleklar
Ein soleklar
Kommentarer
Legg inn en kommentar