Om ruspolitikken legger til rette for kriminelle nettverk? Såklart!!
Opprinnelig sendt til Aftenposten som svar på debattinnlegg. Det vart ikkje tatt inn der, så da kan eg like godt legge det ut på min eigen plattform. Neppe like mange lesarar, men greit å dele med den som måtte være interessert :-)
***********************************************************
Om ruspolitikken legger til rette for kriminelle nettverk?
Min gamle kullkamerat fra Politiskolen anno 1989, Kjetil Ravlo, stiller dette spørsmålet i eit innlegg i Aftenposten pr. 25.5.2023.
I motsetning til Ravlo har eg forlengst slutta i etaten, og på mange måter hadde eg godt av det. Eit liv utanfor politiet har lært meg kor feilslått narkotikapolitikken vår har vært. I likskap med Ravlo var eg også med i NNPF i si tid, og trodde på straff og forbud som virkemiddel.
Eg tok feil. Eg vedgår det gladelig.
I over 50 år har vi prøvd å straffe og forby oss ut av problematikken, uten at det har hjelpt på skadefølgene av illegal rusbruk, snarare tvert om. Skadefølgene har etter alt å dømme blitt større, som ein direkte følge av forbud og straff, jfr. våre narkotikarelaterte dødsfall.
For å svare på Ravlo sitt spørsmål:
Såklart legger vår ruspolitikk til rette for kriminelle nettverk! Ikkje berre det, det er ein uunngåeleg konsekvens av å forby produkt som er sterkt etterspurd. Markedet har etter over 50 år med strafferegime slett ikkje forsvunne. det har auka.
Joda, det er ein auke i kokainbruken nå, men det er slik over heile Europa, ikkje berre Norge.
Ei presisering av politiets retningslinjer, formulert i eit rundskriv fra Riksadvokaten har fått skulda for auken her til lands. Men som nevnt, auken skjer i ei rekke europeiske land, det er såleis ein langt meir omfattande trend vi ser.
I samme periode har imidlertid bruk av MDMA og extacy blitt redusert, uten at det vert nevnt. Vi ser altså god, gammeldags cherry-picking her: Ein plukkar kun ut det som samsvarer med eiga syn på førehand.
Nei, eg ønsker ikkje at mindreårige skal nytte illegale rusmiddel, som kriminelle pøser ut på eit tilsynelatande umetteleg marked, med ei enorm fortjeneste.
Så kvifor skal fortsatt forbud og straff brått fungere?
Vi har ikkje lukkast på dei siste 50 åra, kva er annleis denne gang?
Ravlo meiner avslutningsvis at eit forsatt forbud vil være dårlig nytt for kriminelle nettverk. Neppe. Kriminelle nettverk vil juble over eit fortsatt lukrativt monopol, og kan fortsette å selge dyr og dårleg drittdop til våre barn 24/7. Dette er konsekvensen av systemet vi har valgt.
Det er på overtid å gjere som i t.d. Tyskland og Canada: Ta ansvar, legaliser og reguler. Vi veit at dette virker for vi har gjort det før, den gang vi oppretta vinmonopolet for å regulere omsetninga av alkohol.
Det same ser vi med omsetninga av tobakksvarer; Streng statleg regulering fungerer, men av ein eller annan grunn har vi overlatt ALL omsetning av narkotiske stoff til kriminelle. Vi burde ha lært av suksesshistoriane om korleis vi skal omsette alkohol og tobakk.
Og før eg blir beskulda for å være “bruker” sjølv: Nei, eg har aldri prøvd illegale rusmiddel, og har heller ikkje ønske om det.
Knut Røneid
Kommentarer
Legg inn en kommentar