Ein tur med toget: Diverse kortare omleggingar.

Serien om våre nedlagte og tildels sære banestrekningar er over, men eg tar ein liten oppsamlingspost om mindre omleggingar. Sjølvsagt kunne ein del av dei fått sin eigen post, men det gidder eg ikkje nå. 

La oss gå til Bergen først. Der kan vi framleis finne tunnelar og spor(!) etter gamle banestrekningar. Dette var fra den gang det skulle transporterast gods fra båt til bane. Eller motsatt. 
Havnebane Nord kan vi nevne, og her kan vi framleis finne gamle tunnelar, som i dag er brukt til gang/sykkelveg, men null bane. Forbi Koengen t.d.
Det er også eit spor mot vest, Havnebanen Vest, som vi kan finne i ein lang tunnel under Nygårdshøyden.
Til tross for at denne strekninga vart bygd ferdig så seint som i 1967, så er det null togtrafikk der. Kun to stengte tunnelopningar vitner om at det har gått tog her.

Den største endringa i Bergen skjedde da Bergen stasjon måtte flyttast. Før Bergensbanen stod ferdig, så låg stasjonen på motsatt side av Lille Lungeren, og noko nærare sentrum. Trafikken på den nyopna Bergensbanen vart imidlertid så stor at stasjonen måtte flyttast til dagens plassering. Dermed vart eit par km. bane sør for gamle Bergen stasjon nedlagt og fjerna. I ein periode gikk det endatil spor mellom dei to stasjonane, tvers gjennom byen. Dette tok slutt i 1920, da spor til havneområda fra den nye Bergen stasjon vart lagt i tunnel.

Fra Bergen hopper vi til Skien, og deira  opphaveleg stasjon. Den låg adskillig meir sentralt i byen enn dagens stasjon, og årsaka er at dette var endastasjon for Vestfoldbanen i si tid. Den stod ferdig fram til Skien i 1882, som smalspora bane. 
Men så kom Hydro med si bane fra Rjukan og Notodden. Denne var normalspora, og kom nordfra. Den kunne såleis ikkje passa dårligare i høve til den allereie eksisterande bana, så derfor anla Hydro og NSB ein heilt ny stasjon lenger nord i Skien. Bana vidare mot Herøya kom ned att på Vestfoldbanens trase på Eikonrød, eit par km. sør for den gamle Skien stasjon, som dermed vart liggande heilt i bakleksa. Nokre forsøk på å opphalde lokaltrafikken fra Skien gamle stasjon fungerte ikkje, og snart var all trafikk borte vekk. Sporet vart liggande brakk i mange tiår, uten at det nokon gang var skuggen av eit tog der. 
Det var jo viderloftige planer om eit bybanesystem i Grenlandsområdet for nokre år tilbake, og da var denne gamle traseen faktisk aktuell igjen. Men det kokte bort i kålen og bybanen i Grenland vart liggande på fantasibrettet. Der blir den vel også.

Vi fikk også ein ny stasjon i Egersund i si tid. Da Jærbanen stod ferdig i si tid, dvs. i 1878, så låg Egersund stasjon midt i byen. Men så skulle Jærbanen forlengast vidare til Flekkefjord, som ein del av den kommane Sørlandsbanen, og da kunne ikkje Egersund stasjon befinne seg som ein endestasjon lenger. Stasjonen vart derfor flytta, slik at toga fra Stavanger slapp å ta snuen nedom byen, for så å måtte rygge opp igjen til Sørlandsbanen. I 1952 vart det km.lange sidesporet ned til den gamle Egersund stasjon omsider tatt ut av bruk. Verdt å nevne at her var det treskinnespor i ein lengre periode, da det gikk både smalspora og normalspora tog på den korte strekninga inn til gamle Egersund stasjon.

Mange jernbanestrekningar i landet er nedlagt, og den aller første av slaget er ei 5,5 km. lange strekning i Trondheim. Dagens jernbanestasjon ligg nede ved havna, og opna alt i 1884. Den gamle derimot, hadde hatt sitt endepunkt rett ved sidan av Nidarosdomen, midt i byen, utan sjanse for forlenging vidare nordover. Denne stasjonen opna heilt tilbake i 1864, da som endestasjon for "Trondheim-Størenbanen". Dette var lenge før Dovrebanen og Rørosbanen var på plass. 
Med den nye stasjonen beliggande på ein langt bedre plass, med høve til utviding og forlenging nordover, så vart traseen inn til den gamle stasjonen nedlagt, etter kun 20 års drift.  Langsiktig planlegging var visst ikkje alltid tilfelle før i tida heller. 

Randsfjordbanen er eit av våre meir underlige jernbaneprosjekt her i landet. I dag går det daglege tog mellom Roa på Gjøvikbanen, og inn til Hønefoss på Bergensbanen. Denne strekninga er imidlertid mykje yngre enn den opphavlege jernbana opp mot Jevnaker. 40 år tidlegare var det nemleg ferdigbygd ei strekning fra Hønefoss, via Hen (og Sperillbanen), og heilt fram til Randsfjorden. Denne strekninga opna heilt tilbake i 1868, men lokalt oppstod det straks diskusjoner om den kommande Bergensbanens trase. Resultatet vart at den kom på den andre sida av dalen, på mange måter parallellt med den eldre Randsfjordbanen. Med den nye og bedre Bergensbanen på plass, så var det sjølvsagt ingen som ville reise med den tregare og lengre Randsfjordbanen på andre sida av elva, og alt i 1933 vart persontrafikken nedlagt. I mange år gikk det betydleg godstrafikk på denne øverste delen av Randsfjordbanen, men i dag er det kun fra Hen, knappe sju km. fra Hønefoss at dette er aktuelt. Dei siste 12 km. opp mot Jevnaker er tildels brukt som turveg. 

Til slutt i denne oppsummeringa:
Oslo V - Skøyen, samt Havnebanen.
Eg har faktisk tatt tog fra Oslo V eit par ganger, noko som er ein smule nostalgisk å tenke på i dag. 
Vestbanestasjonen var endestasjon for bana til Drammen da den opna tilbake i 1872. I dag er det smått utrulig å vite at denne strekninga vart bygd med smalspora profil, men slik var det nå ein gang.
Oslo V tok seg av trafikken mot Vestfold og Sørlandet i mange år, medan Oslo Ø tok seg av trafikken mot Østfold, Bergen, Gjøvik, Trondheim, Kongsvinger og kva dei nå heiter alle stadene.
Det vart tidleg sysla med ideen om ein felles jernbanestasjon i Oslo, og dermed fikk vi bygginga av Oslo S og Oslotunnelen. I 1980 gikk dei første toga fra Oslo S, og trafikken fra Oslo V vart gradvis redusert heilt fram til 1989, da var det slutt. Strekninga ut fra Oslo V og ut mot Skøyen er den einaste banestrekninga med elektrisk drift og dobbeltspor som er nedlagt.

Mellom Oslo V og Oslo Ø gikk det i mange år eit forbindelsesspor, som vi nesten bør nevne her. Dette sporet opna i 1907, og var i opninga eit treskinnespor, da dei to stasjonane som nevnt hadde ulik sporstandard. Den tredje smalsporskinna vart fjerna ca 1920. 
"Havnebanen" vart dagleg trafikkert i mange år, sikkert til stadig større irritasjon for dei etterkvart fleire billistane som køyrde forbi Vestbanestasjonen, Oslo Rådhus og inn mot Akershus. 
Men da Oslotunnelen opna i 1980, så kunne billistane omsider slappe av ein smule. Da vart det slutt på tog framfor Rådhuset i Oslo. Spora er etterkvart fjerna, men ved Akershus kan vi framleis sjå eit par korte tunnelar fra dengang det gikk tog tvers gjennom Oslo by. 


Da er vi komne til "spors ende". Hvis eg får ånden over meg, så tek eg ein runde på diverse jernbaneplaner fra gamle dagar, dvs. baner som aldri vart bygd. Det planlagde jernbanenettet er nemleg adskillig lengre og meir variert enn det vesle vi har i dag.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden