Ein tur med toget: Flekkefjordbanen
Åjoda, vi rekker ein tur med toget i dag også.
Igjen skal vi ta ein tur med ein av Sørlandsbanens mange sidebaner, og i dag er det Flekkefjordbanen som står for tur.
Alt i 1904 kunne dei feire at jernbanen kom til Flekkefjord, etter ein byggeprosess som hadde vore alt anna enn enkel i eit svært krevande terreng, med mange tunnelar i det som dei lokalkjende meinte var "uframkommelig". Det hadde alt gått bane fra Stavanger til Egersund i nokre år, og planen var at det som var Flekkefjordbanen skulle bli ein del av den framtidige "Vestlandsbanen". Men Stortinget var heller ikkje på den tid til å stole på, og da trasevalget om "Vestlandsbanen" vart fastsatt to tiår seinare, så skulle det vise seg at det slett ikkje skulle gå via byane på Sørlandet, men istaden følge noko dei kalla "Midtlinjen". I praksis betydde det at "Vestlandsbanen" vart lagt i ein trase der det nesten ikkje bodde folk, og alt som kunne ha minna om lokaltrafikk var tapt.
Flekkefjordbanen var bygd som smalspora bane, og da "Vestlandsbanen" som nå var kjent som "Sørlandsbanen" kom forbi, så betydde det sporbrot, og omlasting på Sirnes, Sørlandsbanens stasjon, og følgelig også Flekkefjordbanens endestasjon.
Fra å ha håp om å bli ein del av det store togprosjektet "Vestlandsbanen" som altså Sørlandsbanen vart betegna som før ferdigstilling, vart Flekkefjord nedgradert til ENDA ei sidebane.
Etterkvart som åra gikk, og vegnettet vart stadig bedre, så stod imidlertid Flekkefjordbanen på stedet hvil. Banemateriell, tog, lok, skinner og trase vart neglisjert, men til tross for dette var faktisk passasjertala slett ikkje verst, endatil heilt fram til nedlegging.
Flekkefjordbanen vart også lagt på hoggestabben i 1988, i 1990 gikk det siste toget i regi av NSB.
På den nedlagte delen av strekninga er det tildels laga ny bilveg, men Flekkefjordbanen fikk i løpet av si levetid ei ny strekning for å unngå litt av den rasfarlige strekninga, samt å lette omlastinga.
På denne gamle banestrekninga har det vore mogleg å leige dresin, og bana har blitt vedlikeholdt siste åra.
I 2015 vart bana freda av Riksantikvaren, og året etter var bana i såpass stand at det gikk an å køyre tog der igjen!
Flekkefjordbanen er derfor ein av dei få banestrekningane vi har lagt ned, og som eit par tiår seinare er oppstått fra dei døde, som ein slags sidebanenes svar på Lasarus.
Denne 17 km. lange sidebanen lever dermed på eit slags vis, om enn det ikkje er kommersiell trafikk på den. Det er likevel hyggelig at den er tatt vare på, for traseen kan by på ei heller spektakulær rute i eit heftig landskap.
I motsetning til mange av våre adskillig lengre og nedlagde sidebaner, så kan vi sei at Flekkefjordbanen gikk over i historia på ein fin og verdig måte.
Men det er likevel ikkje til å komme forbi at det kunne ha sett mykje anleis ut dersom Sørlandsbanen hadde fått ein kysttrase å gå etter....

Kommentarer
Legg inn en kommentar