Ein tur med toget: "Gamle Drammensbanen"

Da tar vi ein ny tur på gamle skinner som ikkje eksisterer lengre, og denne gang i eit område der det både burde, kunne og skulle ha gått tog den dag i dag.

"Gamle Drammensbanen" bruker eg som betegning på den nedlagte strekninga mellom Brakerøya eit steinkast sør for kommungrensa mellom Drammen og Lier, og til Spikkestad, endestasjon for Spikkestadbanen som går til Oslo.



Som med "grisekrøllen" utanfor Bergen, vart også denne ca. 13 km. lange strekninga henvist til eit liv som turveg da den nye Lieråstunnelen opna i 1973, men først må vi ta ein kjapp kikk på kva "Gamle Drammensbanen" eigentlig er. 
Jernbane mellom Drammen og Kristiania opna heilt tilbake i 1872, og dette var lenge før noko sånt som "Bergensbanen" eller "Sørlandsbanen" eksisterte. Dette var ganske enkelt ei bane for å knytte dei to byane nærare sammen. Den var opphaveleg bygd som ei smalspora bane, slik som det gjerne var i eit fattig land på den tid. Kostnadane måtte jo holdast nede.

Ombygging til normalspor kom i 1920, og eit par år etter vart sanneleg heile strekninga fra Oslo V til Drammen elektrifisert. 
Dette vart ei mykje trafikkert bane, men etterkvart byrja passasjerane å kanskje tenke på dei nye og effektive framkomstmidla som heitte "bil". Fra Drammen og inn til Oslo var ikkje banestrekninga like fram, akkurat som utanfor Bergen. Bana tok ein sving oppom Lier, og deretter oppover i åssida mot kommunegrensa til dagens Røyken. Med ei mengde stasjonar innover mot Oslo, var lokaltoga å rekne som ei skikkelig "melkerute", med utallige stopp innover mot hovedstaden. 

I 1963 byrja så bygginga av eit stort og ganske så revolusjonerande tunnelprosjekt mellom Drammen og Asker. Den nye Lieråstunnelen opna i 1973, og den over 10 km. lange dobbeltspora traseen under Lieråsen  forkorta reisetida mellom Drammen og Oslo med 20 minuttar. Det er ganske mykje når vi tenker på at FØR Lieråsen, så tok det 50 minuttar å reise mellom dei to byane.

Under bygginga av Lieråstunnelen, så dukka det sjølvsagt opp diskusjon om kva som skulle gjerast med den gamle Drammenbanen. Nokre ville legge den ned og rive den så fort det var mogleg, medan andre ville beholde heile bana.
Som så mange ganger før i norsk jernbanepolitikk, så fikk vi eit halvdårlig kompromiss: Fra Brakerøya og til Gullhaug, ca halvanna km. fra dagens Spikkestad stasjon, vart bana fjerna. På Gullhaug skulle det etablerast godsterminal, og så skulle det gå lokaltog fra Spikkestad.

Dette vedtaket betydde at i Lier vart ein brått vart ståande utan ei svært travel lokaljernbane midt gjennom kommunen sin. Nå var det kun heilt i sør at det vart mogleg å hoppe på toget, endatil i nabokommunen Drammen (Det var dette med eit steinkast fra kommunegrensa, sant?), samt på det som vart heitande Lier holdeplass. Sistnemde er rett før ein køyrer inn i Lieråsen tunnel, og ligg ikkje særlig gunstig til, iallfall ikkje samanlikna med den gamle traseen. 

Spikkestadbanen, som den nye sidebana vart heitande, har i dag kun lokaltrafikk via Oslo og vidare til Lillestrøm. Det kan være verdt å tenke på at Spikkestad og Røyken ligg i det gamle Buskerud fylke, og ikkje Akershus. Mange av dei som bur her kunne sikkert hatt nytte av eit togtilbud mot Drammen, istaden for til Oslo. I Røyken og Lier bur det nå over 50 000 menneske, på 415 km2. Kor stort det er?? Tja, omtrent som gamle Balestrand kommune. ETTER at Fjærland vart overført til Sogndal....fjord medrekna.

Det er soleklart at det hadde vore marked for å drive ei lokalbane her. Strekninga mellom Brakerøya og Spikkestad skulle aldri vore lagt ned, men oppgradert, gjerne til dobbeltspor den også. Slik som det vart, så fikk vi berre ei ny lita sidebane fra Asker og til Røyken, som sikkert hadde hatt nytte av at bana gikk til nabobyen Drammen også. For å være ærleg, så er det nesten rart at ikkje Spikkestadbanen er nedlagt også.

Om det kjem ei gjenopning av denne "Gamle Drammensbanen"? Det er vel som å tru på nissen. Det vart lagt ned ei bane som hadde stor lokaltrafikk, og det hadde heilt klart vorte ny stor trafikk med eit nytt dobbeltspor.
Men det vil koste enormt med kroner, og slikt vil ikkje Stortinget satse på. Det er enklare å bevilge kroner til motorveg.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden