Ein tur med toget: Krøderbanen

Etter å ha tatt nokre turar med korte anonyme jernbanestrekningar i heile landet omtrent, så er det på tide å ta med ein av våre mest kjende nedlagte sidebaner, sjølvaste Krøderbanen.

"Sjølvaste" fordi denne bana framleis lever eit liv som museumsbane med god aktivitet om sommaren, samt eit veldig fint stasjonsområde i enden av innsjøen Krøderen i tettstaden med samme navn.


Krøderbanen er ein av våre eldste banestrekningar, og såvidt eg veit må det være landets eldste sidebane. Heilt tilbake i 1872 opna den 26 km. lange strekninga, den gang smalspora, fra Vikersund til Krøderen. 
Da denne bana vart bygd, var det meint som eit ledd i transportvegen vidare oppover mot Hallingdal, Hardangervidda og over på Vestlandet. For på Krøderen (innsjøen altså) gikk det nemleg også her dampbåtar som frakta folk og gods vidare. Det har etterkvart blitt ein del av desse banene som gikk til innsjøar....for deretter å forsvinne etterkvart som transportteknologien gikk framover.

Ein kan jo lure på kvifor Krøderbanen i det heile tatt eksisterer, men på slutten av 1800-talet var Bergensbanen framleis ein framtidsdraum, og det var ikkje bestemt kor den skulle gå ut fra Kristiania. Som kjent fikk vi Roa-Hønefosslinjen også, som var den opphaveleg Bergensbanen. I dag går langt dei fleste tog mellom Bergen og Oslo via Drammen og Hønefoss, medan Roa-Hønefoss er stort sett forbeholdt godstog.
Opphaveleg skulle Krøderbanen altså fortsette mot Gol, og da hadde den vel fått navnet Hallingdalbanen, men det er ein annan historie.

Istaden valgte Stortinget å legge Bergensbanen via Hønefoss, og det var dette vedtaket som seinare skulle føre Krøderbanen over i historia som ei stille og roleg bane i nokre tiår før nedlegginga. Dog; Bygginga av Bergensbanen medførte ein stor trafikkoppgang for Krøderbanen i nokre år, da gods og arbeidsfolk til bygginga, tok Krøderbanen og dei før omtalte dampbåtane for å komme seg til arbeidsplassane oppover i Hallingdal.

Da Bergensbanen var ferdigstilt i 1909, så gikk trafikken på Krøderbanen tilbake til det normale. Det samme skjedde forøvrig med sporet også. Normalspor vart nå det nye på Randsfjordbanen, såleis også på sidebana til Krøderen. 

Krøderen er heller ingen storby, og persontrafikken vart verre og verre etterkvart som tiåra gikk. Bil og buss utkonkurrerte den etterkvart slitte og trege bana, her som alle andre stader der det ikkje var vilje og evne til å oppgradere banestrekninga.
I 1958 var det slutt på persontrafikken, og utsiktene for godstog var heller ikkje gode. 
I nokre vintrar var godstrafikken så skral at bana ikkje ein gang vart brøyta, så nedlegginga var det ingen veg utanom. Først vart trafikken ned til Krøderen nedlagt i 1979, og i 1985 vart resten av strekninga også nedlagt.

Mykje tyder på at banestrekninga i dag hadde vore tur- eller riksveg forlengst, hvis det ikkje var for entusiaster i Norsk Jernbaneklubb som etablerte sin base der. Det har dei gjort så godt, at stasjonsområdet i dag er freda, saman med eit par km. av banestrekninga. NJK tok også ansvar for vedlikehold av resten av bana, og i dag er bana ein del av ei museumsstifting.

Om sommaren går det museumstog med både diesel og damplok, og slikt er jo alltid gøy.
Krøderbanen si museumsbane er heilt klart eit av dei mest vellykka vi har her i landet, og ære-være dei eldsjelene som har lagt ned tusenvis av ubetalte arbeidstimer for å holde dette unike stasjonsområdet så fint som det er i dag. Staden er absolutt verdt ein stopp!

Men om det er ei fin museumsbane i dag, så må ei stille seg spørsmålet kvifor Krøderbanen i det heile tatt vart bygd. Joda, ein skulle tru at det var ei lettbygd bane over åker og eng på Østlandet, men den hadde også eit par bratte kneiker som skapte sine utfordringar. Sidan Krøderen aldri hadde utsikter til å bli ein by, og at ein ikkje kunne vente på ei avklaring om Bergensbanens trase, fortel at det ikkje var spesielt godt planlagt å bygge Krøderbanen. Det å bygge ei jernbanestrekning, for så å HÅPE på at det skulle bli noko meir, det er berre for dumt.

Uansett; Bana ligg der den dag i dag, og skulle du finne på å ta turen forbi Krøderen, så hugs å stoppe og ta ein kikk på stasjonsområdet. Det er verkeleg godt bevart. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden