Ein tur med toget: Setesdalbanen

 Langt dei fleste av våre nedlagte jernbaner er heller korte strekningar, gjerne berre på nokre km. Men det fins nokre unntak, og eitt av dei skal vi ta ein liten kikk på nå.

Vi skal til ein av Sørlandsbanens mange sidebaner, om enn denne strekninga fra Kristiansand til Byglandsfjord er vesentlig eldre. Ein del av traseen inngikk da også i sjølve Sørlandsbanen, da den kom til Kristiansand. Fra opninga av Setesdalsbanen, heilt tilbake i 1895, var traseen endelig "i mål" året etterpå, heilt oppe i Byglandsfjord, nesten åtte mil oppover i Setesdalen.

Dei første to mila fra Kristiansand til Grovane fikk god og bedre standard enn resten av bana nordover, nettopp fordi det var eit håp om at Sørlandsbanen skulle komme her.
Det gjorde den som kjent, og begynnelsen på slutten for Setesdalsbanen var da Sørlandsbanen vart bygd om til normalspor i 1938, medan resten av Setesdalsbanen fra Grovane og nordover måtte beholde den lågare standarden, samt smalsporet. Det betydde sporskifte og togbytte for reisande sørover, og i lengda var ikkje passasjerane interesserte i det.
Alt fra 1920-talet byrja imidlertid passasjertala å dale fra Byglandsfjord og ned til Grovane, medan passasjertala derfra etterkvart var veldig fine.




Etterkvart vart det synleg for alle og einkvar at smalspor og den trege reisetida fra Byglandsfjord til Kristiansand var døden for Setesdalsbanen. Det hjalp ikkje at det var ein del trafikk fra Evjemoen militærleir, passasjertala vart berre dårligare og dårligare. Da eg var ung rekrutt på Evjemoen, tilbake i yngre bronsealder, så hugsar eg godt den merkverdige lange grusvegen som gikk i eit rett linje rett utanfor leiren. Lite visste eg vel da at det var den nedlagte Setesdalsbanen. 

Setesdalsbanen kunne blitt noko heilt anna, dersom dei svært ambisiøse jernbaneplanane fra 1949 hadde blitt realisert. Da var det snakk om at banen skulle forlengast nordover til Ustaoset(!) på Bergensbanen. Det hadde betydd ei forlenging på over 27 mil, noko som vel hadde blitt eit forunderleg byggeprosjekt, all den tid at det ikkje er den store befolkninga oppover i Setesdalen.

Men da desse planane om forlenging vart lagt fram i 1956, så var tida forlengst gått fra Setesdalsbanen. Smalspor var definitivt "ut", og dette vart faktisk NSB sin siste smalspora banestrekning. I 1962, altså kun seks år etter at det hadde vore planer om å forlenge banen med 27 mil, så vart bana nedlagt. 
Mykje av bana vart riven så fort det lot seg gjere, men det vart bevart ein liten stubb på 4,5 km. som ei hobbybane for entusiaster.
Dette skulle etterkvart utvikle seg til å bli ein av Sørlandets store og fine turistattraksjoner, og nå går det veterantog kvar sommar i regi av Stiftelsen Setesdalsbanen. Ikkje nok med det; Dei driftige folka bak, har endatil klart å forlenge bana med nokre km, slik at dei nå har åtte km. med godt bevart smalspora bane å vise fram til alle gjestene sine. 

I utgangspunktet var nok Setesdalbanen ein god ide, men grunna laber kvalitet, som med altfor mange av våre sidebaner, så kunne den ikkje hamle opp med konkurransen fra bilar og bussar etterkvart som dei kom utover fra 1920 og framover. Det var ikkje vilje til å oppgradere bana, og vi må nok også vedgå at ein jernbane til Byglandsfjord, ein ganske så liten stad, i dag synes ganske meiningslaust.
Setesdalsbanens store utfordring og det som etterkvart leda til banas nedlegging var like brutal som enkel: Den gikk altfor tregt.

I dag kan ein finne mange spor etter bana, og ikkje minst kan ein altså få eit snev av stemninga dersom ein velgjer å ta ein svipp med veterantoget på sommarstid.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden