Ein tur med toget: Solbergfossbanen

 I kveld skal vi holde oss til små, anonyme sidebaner, som for mange vil være heilt ukjente.
"Har det gått tog DER?"

Jada, dei var faktisk veldig nyttige nokre av dei også.

Det var iallfall tilfellet med banenettverket i og rundt Askim for over 100 år sidan. Denne vesle tettstaden i Østfold har den dag i dag jernbane både til og fra, da Østfoldbanens Østre Trase går gjennom byen.

For over 100 år sidan derimot...da var det meir schwung på sakene. Da hadde Askim i ein periode tre banerstrekninger til som gikk ut fra sitt vesle sentrum.
Ja, det stemmer, heile fem jernbanelinjer gikk ut fra Askim stasjon.



Ok da, to av dei var bygde som privatbaner i samband med industri og anlegg, og hadde aldri regulær persontrafikk. Det HENDTE at begge desse banene, Kykkelsrudbanen og Vammabanen, tok med passasjerer, men det var aldri personbefordring i kommersiell hensikt. Kykkelrudsbanen vart opna i 1899, og nedlagt ca. 1960. Den var på ca. 5,5 km, og det meste skal være gjort om til gang/sykkelsti. 
Sporet til Vamma vart opna i 1910, i høve ei større kraftutbygging. Her vart sporet på ca. 6 km. og som med sporet til Kykkelsrud, så vart Vammabana fjerna på starten av 1960-tallet. 

Men denne posten skulle altså handle mest om Solbergfossbanen. Denne strekninga vart gjerne kalla "Bruksbanen" på folkemunne, var nesten åtte km lang, og vart bygd som ei rein anleggsbane. Det var endatil planlagt at den skulle leggast ned og fjernast etter at anleggsperioden var over.

"Bruksbanen" opna, antagligvis uten store fanfarer, alt i 1918. Den var både svingete og bratt, noko som tilsa at den var bygd på billig vis. Den skulle jo rivast når anleggsperioden var over, så kvifor bruke unødige kroner på bygging da?

Men da anleggsperioden var slutt, så ville lokalbefolkninga at bana skulle beholdast. Det vart anskaffa meir egna utstyr til personbefordring, bl.a. to motorvogner som etter laaaaang brukstid på Solbergfossbanen fikk økenavna "Gamla" og "Padda". Det seier vel sitt om korleis tilstanden var på desse den siste tida. Persontrafikken tok imidlertid aldri av, for å sei det diplomatisk, og godstrafikk utanom den til anlegget, var minimal. Siste tiåret var det berre ved einskilde høve at det vart frakta gods på banen, og da gjerne i høve nye store deler til kraftverket. 

I 1965 vart også Solbergfossbanen vedtatt nedlagt, og i 1970 vart bana riven. 
Det skal være nokre spor her og der etter banestrekninga, og noko av dei knappe åtte km. banestrekning er i dag turveg.

Konklusjonen må vel bli at Solbergfossbanen var svært nyttig som anleggsbane, men det veit jo alle som har eit snev av interesse for området. Det er nettopp derfor små lok og tog blir brukt på t.d. tunnelanlegg den dag i dag: Dei kan frakte mykje gods på ein rask og effektiv måte. 
Men da anleggsperioden rundt Askim var over, så var tida ute for alle desse tre småbanene.

Alt hadde si tid. 


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden