Ein tur med toget: Treungenbanen og Grimstadbanen

 Ja, da er vi klare for enda to baner som må behandlast i ein og samme post. I dag kjenner vi deler av desse strekningane som "Arendalbanen", som jo er ein av våre få attværande sidebaner, og såklart er det ei sidebane til (drrrrrumrrrroll) Sørlandsbanen.

Betegninga "Treungenbanen" var det som omfatta heile strekninga fra Arendal til Treungen i Telemark. I dag er Arendal ein fin by på Sørlandskysten, medan Treungen framleis er ei bygd i enden av innsjøen Nisser. Og ja, eg er kjent med at det fantes andre navn på denne bana i dei tidlege år, men det bruker eg ikkje tid på her og nå.

Opp til denne bygda i Nissedal kommune var det altså at det vart bygd ei jernbane, og i 1913 stod heile strekninga opp til Treungen ferdig.




På denne tid var det framleis ikkje noko som heitte "Sørlandsbanen", den kom først til området i 1935, og da fungerte Arendal som Sørlandsbanens endestasjon eit par år.
Ein skulle jo tru at det fantes nokre fornuftige menneske som hadde planlagt at Sørlandsbanen skulle gå vidare langs kysten mot Grimstad, og dei andre Sørlandsbyane ned mot Kristiansand. Slik gikk det ikkje. Istaden vart bana vedtatt å bli vidareført fra stasjonen Nelaug, som da sjølvsagt også var ein stasjon på Treungenbanen nordover mot Nissedal. 

Det skulle fort vise seg at trafikken på dei 37 km. fra Arendal til Nelaug vart ganske så god, medan fra Nelaug og nordover så vart det meir labert. 
Bana hadde hatt sin misjon som ei svært viktig godsbane, om enn den hadde vore smalspora (1067 mm) heilt fram til Sørlandsbanen kom forbi. Da vart den sørlege delen av bana oppgradert, og da det også var langt meir folk her ute ved kysten, enn inne i landet, så låg det i korta kva som ville skje. Først etter krigen fekk også den nordlege delen av bana normalspor, slik at ein i det minste slapp sporbytte på Nelaug, om ein skulle til Kristiansand, Arendal eller Oslo. 

Treungenbana fekk seg ein alvorlig knekk også på godsfronten på 1960-talet, da den tidlegare så omfattande tømmer og malmtransporten vart stadig mindre. Nå var det under 50 000 passasjerer i året, og da godsleveransane heller ikkje kunne forhindre raude tal, så vart bana nedlagt i 1967. Rivinga starta året etter, men nokre år seinare vart faktisk dei sørlegaste deler gjenopna for noko godstrafikk. 

I ettertid synes det ganske rart at ein kunne bygge ei jernbane til ein såpass liten stad som Treungen, men her må vi hugse på at det var utsikter til betydleg godstrafikk da bana vart planlagt. Bana var også til nytte i høve dei kraftutbyggingane som var oppover vassdraga, så i motsetning til mange andre av våre mindre sidebaner, var denne av det meir forståelige og nyttige slaget. Men når ein ser på det i dag, så er det sjølvsagt at ei jernbane ikkje kunne ha livets rett her. Det var rett og slett for grisgrendt, og når godstrafikken forsvant, så var heile hensikten med bana borte.
I dag er store deler av banestrekninga omgjort til ein fin gang/sykkelveg, så igjen kom det da noko godt ut av nedlegginga.


Vi må også ta med nokre ord om den heller anonyme Grimstadbanen. Ja, det gikk altså ei eiga jernbane til denne byen, men i "god" jernbanepolitisk ånd, så gikk den sjølvsagt ikkje direkte fra Arendal by. Neida, det hadde blitt for enkelt. Den gikk fra ein stasjon på dagens Arendalbane som heiter Rise, og vart såleis ei sidebane til ei sidebane. Og da forstår vi alle at dette kunne ikkje gå bra.

Alt i 1907 hadde denne smalspora banen opna, uten at det er grunn til å sjå kvifor det i det heile tatt kom ei bane med denne forunderlege traseen. Når traseen var som den var, så vart det ein laaaang omveg å ta tog fra Grimstad til Arendal, kontra det å bruke landevegen. Med ei vidareføring direkte fra Arendal til Grimstad, så kunne ein oppnådd ein viss lokaltrafikk, men nå var Grimstadbanen uten sjanse til å kunne overleve i det lange løp.

Grimstadbanen var i utgangspunktet ei såkalla "privatbane", men også her gikk staten inn med store deler av byggekostnadane. 
Sidan trafikken var laber allereie fra starten av, noko som ikkje var så rart da bana var av dårleg kvalitet fra dag 1, så dukka det opp stemmer om nedlegging alt på 1930-talet. Av ein eller anna merkverdig grunn nådde ikkje desse ropa inn til hjerner som kunne ha vedtatt nettopp det, nedlegging altså, for istaden vart bana bygd om til normalspor. Dette må ha vore eit av dei mest meiningslause oppgraderingar i norsk jernbanehistorie. 

Så, 26 år etter ombygginga, vart bana nedlagt. Banestrekninga vart riven samme år, og det skal være få spor att etter bana i dag. 

Grimstadbanen framstår som kanskje det mest unødvendige jernbaneprosjekt vi nokon gang har hatt her i landet, eller rettare; Når traseen var som den var, så var den total hensiktslaus. Igjen: Med ei vidareføring av Arendalsbanen direkte langs kysten til Grimstad, så kunne kanhende Grimstad hatt tog den dag i dag. Grimstadbanen var 22 km. av det som altså var ei meiningslaus sidebane til ei sidebane. 
Dei 22 km. kunne, burde og skulle istaden gått direkte til Arendal.

Det måtte endatil  den gang bana vart bygd, ha vore bedre måtar å bruke statlege midlar på. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden