Ein tur med toget: Urskog-Hølandsbanen
Dei fleste av våre nedlagde jernbaner ligger på Østlandet, ganske enkelt fordi det var flest baner der. Nå er det ikkje fleire baner å legge ned, hverken på Østlandet eller nokon andre plasser i landet, hvis ikkje VY, Bane NOR og dei andre operatørane som etterkvart køyrer på norske baner, finn på nokre "lure innsparingstiltak".
I kveld tar vi ein tur med ei veldig gammel jernbane, Urskog-Hølandbanen (Heretter forkorta til UHB), som opna første del av traseen heilt tilbake i 1896. Det var i utgangspunktet to små privatbaner, Urskogbanen og Hølandsbanen som etterkvart slo seg sammen til eit selskap.
Bana gikk fra Sørumsand, der ein kunne ha forbindelse med NSB sin Kongsvingerbane, og til Skullerud, dryge 56 km gjennom skoger og over enger seinare.
Sporvidden vart på bare 750 mm, noko kun Nesttun-Osbanen og Sulitjelmabanen har hatt ellers her i landet.
Med tanke på at det ikkje er dei store bygningsmessige utfordringane i dette terrenget, så vart sporvidda og den trege farten etterkvart ein hemsko for både gods og passasjertrafikk.
Muligens burde det vore bygd med større sporvidde fra starten av, men det var det samme gamle spørsmålet; Kroner. Det skulle sparast penger på bygging, og derfor vart kvaliteten dårlig.
Det som kunne ha redda UHB var ei skikkelig oppgradering (som med alle andre av våre sidebaner), og det var endatil snakk om å forlenge bana til Østfoldsbanens indre trase, samt endatil over mot Sverige.
Men skulle du ha sett; Ingenting av dette skjedde!
NSB overtok ansvaret for bana etter krigen, men nå var det for seint å redde bana fra den totale kollaps. Trafikken vart berre dårligare og dårligare, og i 1960 var det slutt også for denne bana, som heilt fram til slutten hadde dampdrift. Såvidt eg kjenner til var dette NSB sin siste strekning med damplok, men korriger meg gjerne, dei som har meir greie på dette.
Da trafikken vart mindre og mindre, så vart også rutetilbudet mindre og mindre. Denne onde sirkelen kunne jo ikkje ende bra, og det var mange avganger siste åra som ikkje hadde passasjerer. Det fantes jo også noko som heitte "buss og bil" på den tid, samt "vegutbygging".
Banestrekninga vart etter nedlegginga omgjort til ein gang/sykkelveg her, litt bilveg der.
Men UHB ville ikkje dø heilt. Som med nokre andre av våre nedlagde baner, så vart 3-4 km bevart som museumsbane, og det vesle damptoget er blitt eit sjarmerande og populært tilbod for toginteresserte besøkande.
Basen for museumsbana er rett ved sidan av Sørumsand stasjon, og kontrasten er derfor ganske så himmelropande fra den normalspora og etterkvart gode Kongsvingerbanen, og over til den vesle og smale Aurskog - Hølandbanen som den nå heiter. "Tertitten" er den folkelige betegninga på UHB nå til dags, køyrer turisttog om sommaren, og køyrer endatil jule og nyttårstog! Det er ganske så imponerande.
Med dagens auge, så ser ein jo at UHB aldri skulle vore anlagt, men på slutten av 1800-talet var jernbane den beste transportmåten som var å oppdrive.
Men i motsetning til med bil, buss og anna vegtrafikk, så stod UHB på stedet hvil. Ingen utvikling, ingen nytenking, ingen vilje til å satse. Dermed gikk det som det gikk. Nedlegginga var uungåelig.
Kommentarer
Legg inn en kommentar