Ein tur med toget: Valdresbanen

Mange av våre mindre sidebaner forsvant uten at dei knapt satte spor(!) etter seg. Andre vart lagt ned da det ikkje var behov for dei, og folk bare "Nah".
Atter andre vart lagt ned, til tross for lokal motstand.

Og så har vi Valdresbanen. Kanskje den einaste banestrekning som har hatt samanlenka demonstrantar da bana skulle rivast. Det medførte at politiet måtte tilkallast for å fjerne demonstrantane. Valdresbanens nedlegging er muligens den som har skapt sterkast kjensler her i landet.


Alt midt på 1870-talet var det snakk om ei jernbane gjennom Valdresdalføret. På den tid var Bergensbanens trase enda ikkje fastlagt, og Valdres håpa, som både i Hallingdal og i Numedal, at denne storhendinga i norsk samferdsel skulle komme forbi deira dørstokk. 

Dessverre for både numedøler og valdriser, så havna Bergensbana midt i mellom dei, altså i Hallingdal. Det kan ein gjerne sei er litt trist i dag, for da Bergensbanen opna i 1909, vart høgaste punkt liggande  300 høgdemeter over det som var planlagt på Filefjell.

Vel, bane kom det aldri over Filefjell, og det kjem heller aldri til å komme.

Men spira var grodd i Valdresregionen, og det kom fort ein lokalt tiltak om at dei skulle ha jernbane likevel, nå i privat regi. Spørsmålet var berre kor ifra? Skulle Valdresbanen komme som eit sidespor fra Nesbyen kanskje? Nei, det vart for bratt og vanskelig.
Til slutt sat ein att med andre og meir realistiske alternativ. Det eine som ei forlenging av Røykenviklinjen, dvs. som ei sidebane fra Jaren på Gjøvikbanen. Det andre alternativet var fra Eina, også på Gjøvikbanen, men ca. 33 km. lenger nord. I ettertid ser vi at dette var ikkje den beste løysinga, men det var den som vart valgt. I tillegg vart det også diskutert om Valdresbanen skulle gå fra Hen på Randsfjordbanen, like utanfor Hønefoss.

Uansett: Resultatet vart altså at Valdresbanen vart ei sidebane i privat regi, fra Eina og heilt til Fagernes. Dette skulle bli ei svært lang sidebane, nesten 11 mil, og det vart endatil lagt planar om ei forlenging opp til Vangsmjøsa. Spoiler alert: Den vart det aldri noko av.

Arbeidet tok til i 1900, og to år seinare kunne dei første mila til Dokka erklærast opna. 
Fire år seinare stod heile bana klar til Fagernes. 
Merkeleg nok, vil kanskje mange sei vart Valdresbanen bygd med normalspora profil, men det hadde si enkle forklaring i at Gjøvikbanen også var bygd med normalspor, ulikt mange andre baner i det fattige Norge ala 1900.

Valdresbanen vart bygd så billig som det lot seg gjere, og den fikk både bratte kneiker og krappe svingar. Endatil sviller og skinner var av billigaste kvalitet. Alt i alt kan ein sei at kvaliteten var heller laber, normalspor til tross. 
Men enda så bratt og svingete Valdresbanen var, så vart den populær, og gav pene overskot som vart ført inn att i utbetringar på bana. NSB overtok ikkje ansvaret før i 1937, og da var bana i langt bedre stand enn den hadde vore 30 år tidlegare. 
Krigsåra medførte stor trafikk på bana, og dermed også stor slitasje. Større lok kravde enda større tekniske utbetringar, og framtida såg eigentleg god ut. Framover mot 1980-talet var det stadige utbetringar, men så byrja tidene å endre seg for også denne godt likte banestrekninga.

1980-talet førte ikkje berre med seg god musikk og grusomme frisyrer, nei det kom også eit langt bedre busstilbud mellom Østlandet og Vestlandet. Passasjertrafikken på Valdresbanen dala for kvart år som gikk, og da Stortinget foretok sin store jernbanemassakre i 1988, så forsvant også Valdresbanen, iallfall persontrafikken i første omgang. Godstrafikken mellom Dokka og Eina vart beholdt enn så lenge.

Mellom Fagernes og Leira vart banestrekninga vedtatt å bruke som ein del av vegen vi i dag kjenner som E16, og det var da rivinga av denne strekninga skulle starte i 1991, at politiet måtte tilkallast for å fjerne fastlenka demonstrantar. 
Fra Leira og mot Dokka vart bana liggande brakk i fleire år av "beredskapshensyn" som det heitte så fint, men utpå 2000-talet vart denne strekninga fjerna også. Om ikkje anna, så fikk vi iallfall enda ein ny og fin turveg ut av det. Framleis står mange av jernbanens skilt langs denne vegen, hvis du skulle finne på å sykle der ein dag.

Fra Dokka gikk det tømmertransport i nokre år framover, men nå er bana i så dårleg tilstand at det ikkje er tilrådeleg å frakte tog der lenger. Det er imidlertid mulig å leige dresin på Dokka, for å ta ein tur til Hov, dersom det kunne friste. 

Kvifor gikk det som gjorde med denne ein gang så populære bana?
Tja, eit blikk på kartet forteller det meste. Anten du skulle til Oslo eller til Gjøvik, så vart det ein lang omveg, med togbytte og greier. I tillegg var bana så svingete og bratt, at snittfarten vart veldig låg. På den heller primitive bana vart det heller ikkje nytta det billigaste alternativet på persontrafikkfronten. Her gikk det skikkelige tog heilt fram til nedlegginga, med eit av NSB sine flottaste lok Di3, som trekkraft. 

Med ein slik trase som Valdresbanen hadde, så gikk det som det måtte gå. Folk var ikkje interesserte i å bruke ein time eller to lengre til Oslo, og iallfall ikkje når ekspressbussane var billigare i tillegg. Valdresbanen vart rett og slett utkonkurrert av billigare, bedre og raskare alternativ.
I etterpåklokskapens navn, så kan ein kanskje sei at det hadde vore bedre å bygge bana anten mot Hønefoss, eller via Jaren, men det får vi aldri vite no.

Det er nesten ironisk at hovedvegen mellom Bergen og Oslo i dag går der som Stortinget ville ha Valdresbanens forlenging i 1923, dvs. over Filefjell. Det viser korleis våre politikarar prioriterer. Ei moderne jernbane over Filefjell har ikkje vore omtala på 100 år, men vi har fått ein fantastisk flott bilveg fra Lærdal og ned mot.....Fagernes.

Vi må sjølvsagt også ta med at det ikkje var det store lokale ønsket om beholde Valdresbanen den gang rundt 1990. På den tida fikk vi nemlig "Stillhetens Plass", Leirin lufthavn som nybygd kortbane i Valdresregionen. Gudane må vite kva dei tenkte med, dei som bestemte at det skulle byggast flyplass her. Så er da også Leirin Flyplass, i likskap med Valdresbanen nedlagt. 

Slik går det når ein ikkje planlegger skikkelig. Lettare å bruke millionar på å bygge veg. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden