Ein tur med toget: Vestmarkabanen

 Det vil også i kveld bli omtale av eit par sidebaner av den meir anonyme typen, faktisk vil eg tro at mange av oss ikkje ein gang har høyrt om t.d. Vestmarkabanen. Den gikk fra Skotterud på Kongsvingerbanen, ikkje så veldig langt fra riksgrensa til Sverige, og inn til Vestmarka, som ikkje kan seiast å være verdas største by.



Bana vart bygd for å være nettopp ei sidebane, om enn det var planer om å forlenge både til Sverige, og heilt ned til Sarpsborg. Ved sistnemnde høve hadde det indre av Østfold fått si eiga jernbane, samt at mykje av godstrafikken fra Rørosbanen, t.d. tømmer fra "de dype skoger" i Østerdalen, hadde fått ein langt kortare veg til treforedlingsbedriftene ved kysten.

Bana opna i 1918, og sjølv om det i hovedsak var gods som vart frakta, og det i store mengder, hovedsakleg tømmer, så fantes det også ein viss persontrafikk.
Passasjertala vart imidlertid aldri høge, og transporten i seg sjølv var av det mildt sagt variable slaget.
Passasjerane kunne nemleg risikere å bli frakta i ein såkalla "skinnebil", som eigentleg berre var ein ombygd lastebil. Den var ikkje spesielt trafikksikker, for å sei det forsiktig. Det er fleire historiar om at passasjerane måtte ut å dytte(!) "skinnebilen" på vått og glatt føre.

Men persontrafikken var og blei laber, "Skinnebil" til tross og i 1931 fekk "Paradisbanen" som den også vart kalla, den tvilsamme æra av å være den første bana i landet der persontrafikken vart nedlagt.

Godstrafikken derimot holdt seg god og stabil på den normalspora bana i mange år enda, og det var først godt etter krigen at dei mange sagbruka (og gode transportkundar) byrja å forsvinne. Dermed falt botnen ut av grunnlaget for også denne befordringa, og i 1965 var det over og ut for heile bana.

Mykje av bana er i dag tatt i bruk som bilveg, og det er ikkje så mange spor att etter bana i dag. 

Med tanke på at det var gode godstall på strekninga i fleire tiår, så kunne ei forlenging ned mot kystbyane muligens ha holdt liv i bana enda. Da måtte imidlertid dei 14 km. fra Skotterud vorte betydleg oppgradert også, da bana var bygd etter den lågaste standard som NSB hadde på den tid. Det seier jo sitt om kvaliteten på bana.
Men at det skulle bli bygd nye og gode jernbaner på 1960-talet, da snakker vi nesten om ein utopi. På den tid byrja vi istaden å få noko som heitte "kortbanenettet", og det vart statens nye satsingsområde i fleire år framover. Når det istaden skulle byggast små flyplassar rundt om i landet, så var det ikkje evne og vilje til å satse på det allereie eksisterande jernbanenettet.

I dag burde vi nok sjå på flyplasstrukturen også, ikkje minst her i det gamle Sogn og Fjordane, der vi har heile fire små flyplassar. Ein skikkelig flyplass hadde holdt lenge, med tanke på at "Fjordafylket" er bunde saman på ein heilt anna måte enn på.....1960-talet, da mange av våre jernbaner vart lagt ned.

Vel-vel. Vestmarkabanen vart altså enda ein av dei små og mange sidebaner som fikk den lagnad som nye tider og samfunnsstrukturar krevde. Slik går det, når ein ikkje er villig til å satse på den type transport, og gjerne heller vil bygge småflyplasser rundt om.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden