Minneverdige sykkelturar 2023:

Etter eit års fravær er det på tide med kåringa av årets fem mest minneverdige sykkelturar.
Helsa, dvs. den helsikes albogen som eg knuste høsten 2021, har vore til stor plage siste to åra, men nå "ser alt så meget bedre ut". Det å få ut 15 cm metallskinner og seks skruar i underarmsbeinet har verkeleg gjort underverk. 
Men det å kvitte seg med uønska gjenstander i armen, skjedde ikkje før i slutten av september. Før den tid rakk vi fleire fine turar, bl.a. på plassar eg aldri har vore før, men som absolutt kan anbefalast sterkt.

Nr 1:

Da er det på tide å "avsløre" årets finaste sykkeltur. Ja, ikkje berre det, dette er garantert ein tur som er inne på mi toppliste totalt, av dei 1161 sykkelturane og 40 000 km. eg allereie har på treningsappen Strava. Samt dei par tusen turane og ca. 80 000 km. før den tid.

8.juni gikk turen til enda ein av desse meir anonyme plassane som vi alle har høyrt om, men som få av oss tek seg tid til å besøke. Og fins det bedre måtar å besøke nye stader og vegar på, enn nettopp ved å sykle? 

Neppe.

Alle har høyrt om Arnafjorden. Men eg har iallfall aldri vore der, før denne fine sommardagen. Denne staden er mest kjent for å ha ein av landets mest rasfarlige vegar, og så er vi sikkert mange som kjenner til ei av landets største rasulukker som skjedde for over 200 år sidan. 
Kvifor skulle vi absolutt besøke denne "avsidesliggande" fjordarmen, vi kunne jo risikere at det gjekk....ja...ras...?

Fordi vi ville.

Dessutan er det føreteke ein del rassikringstiltak på "Fjordavegen" siste åra, samt at vær og årstid var nær perfekt. Det var i grunn ikkje noko å lure på.

Vi parkerte på Hella, igjen, og tok ferja over til Vangsnes. Der var vi sjølvsagt høflige trafikantar, og slapp alle bilar ut før vi begynte trilleturen mot Vik. Det er ca. ei mil inn til Vik, og nå kan vi også få gleda av å sykle utanfor den nye flotte tunnelen som kom for nokre år sidan. Den gjorde Vangsnes-Vik langt meir rassikker for trafikkantane. Den gamle vegen er avstengt for bilar, og er nå ein veldig flott gang/sykkelveg på ca. tre km. Vi får altså kun sju km. ute på riksvegen, og når alle bilane fra ferja har køyrt føre oss, så var det behaglig lite trafikk.
Gjennom Vik sentrum er det heller ingen problem å trille, og så var det berre å følge vegen mot Arnafjord. Den er skilta, så du skal være usedvanleg tett i pappen for å ikkje finne fram.
Heller ikkje her er vegen spesielt brei og flott, for bilar, men for oss som liker å sykle på slike vegar, er det midt i blinken. Biltrafikken må seiast å være beskjeden, spesielt før dei firhjula feriefolka er komne på vegane. 

Langs Fjordavegen, som er meir kupert enn ein merkar når ein køyrer bil, var det stadige påminningar om alle dei steinsprang som går her. Det er ikkje få!
Medan vi trilla mot Arnafjord, så kunne vi også sjå over mot dei ytre delane av Sogndal, dvs. tidlegare Balestrand. Prøvde å finne kyrkja på Kvamsøy, men det vart for langt borte. Fjorden er ikkje berre djup her, den er også fleire kilometer brei.

Det tok oss nesten to timar å komme til punktet der vegen sluttar. Det er heilt nede ved fjorden i grenda Nese. Arnafjord fikk veg mot Vik først i 1965, såvidt eg har forstått, og det var lett å sjå at fjorden har vore ei viktig ferdselsrute i tidlegare tider. Det var også her ute, på Nese, at rasulukka i 1811 ramma så brutalt.
Hvis ein fortset lenger ut langs Sognefjorden si sørlege side, så finn vi fleire stader der folk har klora seg fast på veglause gardar. Den første etter Nese er Otterskred, som faktisk skulle få veg ein gang i tida, men så ombestemte politikarane seg, og vegen vart aldri bygd. Enda lenger ute finn vi  Finnafjorden, og da byrjar vi å nærme oss Ortnevik, som kan besøkast fra "andre sida", dvs. Oppedal. Ein gang i tida var det visst diskutert å knytte saman alle desse små grendene og gardane på sørsida av Sognefjorden med ein slags "Sørsideveg". Som kjent vart det aldri noko av, og dei knappe tre mila mellom Ortnevik og Arnafjord vil nok for alltid klare seg utan bilveg. 

Men tilbake til sykkelturen vår....
Etter ein liten fotoshoot og sightseeing i Nese, så snudde vi innover mot bygdesenteret att. Det bur nemleg adskillig fleire folk i Arnafjord enn eg var klar over, og i sommarmånadane så vil eg tru folketalet aukar svært mykje. Det er tilrettelagt for reiseliv her, og den fantastiske naturen må jo berre opplevast. Jada, vi som er fra Luster er ikkje uvant med fossar, fjell, fjordar og gardar langt oppe på ein berghammar, men det var likevel noko heilt spesielt fint å få oppleve dette. Vi stoppa på den lokale butikken for ein is og brus og fant ut at; Joda, dette gikk an.

Det var nesten trist å måtte sykle derfra, men det triste blir snart avløyst av ein over 800 meter lang tunnel, som er dårleg belyst, smal, og langt fra flat. Men det er liksom litt av sjarmen med å sykle på nye stader; Få oppleve slike ting. Hugs gode lykter!
Lenger ute i fjorden såg vi over på Otterskred, og eg forstår godt kor nedslått dei må ha kjent seg da dei ikkje fikk veg likevel. Det er under tre km. inn til dagens endepunkt i Nese. 

Kuriosa: Sidan Fjordavegen er svært rasfarleg, så er det satt opp vegbommar på begge sidar av den farlegaste strekninga. Til tross for at mykje sikringsarbeid er gjort, så kan ein aldri bli heilt sikker i dette røffe landskapet.

Turen inn att mot Vik gikk veldig greit. Vi var godt nøgde med å ha besøkt ein heilt ny plass som ingen av oss hadde vore på før. Eg har køyrt svært mykje rundt omkring i gamle Sogn og Fjordane, men det er nesten skamfullt at eg aldri hadde vore til Arnafjord før nå. 

Til den som er vorten skremt av alt snakket om ras, så må ei berolige ein smule. Det er som tidlegare nemnt gjort mykje sikringsarbeid siste åra, og så må ein sjølvsagt sjå an været før ein skal trille på denne vegen. Det MÅ være fint vær, hvis ikkje så er nesten heile vitsen med slike opplevingsturar bortkasta. Det er det samme som å gå toppturar; Ein gjer det for opplevinga sin del, ikkje nødvendigvis for at ein skal trene og komme fram fortast mogleg. Dei tider er forbi for mitt vedkommande.

Her er eit fint bilde av Arnafjord. Det er henta fra denne nettsida, og den er verdt eit besøk, på samme måte som Arnafjord er det. På andre sida av fjorden ser vi Nese. I høgre biletkant ser vi vegen mot Vik, og inne i skogen der, kjem du altså til ein tunnel på ca. 850 meter. Hugs lys!

Her er vi komne så langt som vegen går, altså til Nese. Til høgre i bildet ser vi vegen mot Vik, og rundt neset til venstre finn vi Otterskred.



Det gode liv! Iallfall for oss som var der på besøk. Det fins mange slike grender nede ved fjordane her i landet. Aberet med å sykle heilt ned til fjorden, er at det ALLTID er ein bratt liten kneik opp att. Her var ikkje noko unntak.


Denne delen av Arnafjord heiter Indrefjord. Det er mellom bygdelaga Nese og Framfjord, der sistnemnte vel er senteret i Arnafjord sokn. Denne dagen tidleg i juni var det fullt liv i alle fossefalla, noko som hevar kvaliteten på turopplevinga.



Ein liten selfie høyrer alltid med når ein er på tur. Denne er tatt nede ved fjorden i Nese. Denne dagen var det stille og roleg her, men her har det sikkert vore livat i gamle dagar når båtane kom forbi.


Eg måtte berre ta med denne vesle serien av noko av det mest ekstreme eg har sett av busetnad nokon sinne. Eg trur denne hyllegarden skal heite Stigen, og ut fra det eg leste meg til, så skal dette ha vore ein god gard i si tid. I dag er den sjølvsagt fraflytta forlengst. I fjellet under går den før omtala tunnelen.

Ja, her var vi komne ut av den småekle tunnelen, og ser tilbake over fjorden mot Nese. Takk for denne gang!



Vel, there you have it, mine fem mest minneverdige sykkelturar fra 2023. Turen til Arnafjord var heilt fantastisk flott. Det vart også anstendige 75 km. sykling den dagen, og over 700 høgdemeter. Høgste punkt var ca 70 moh, og det var på Nese, rett før vi trilla ned til fjorden og vegens endepunkt. Da forstår ein sikkert kva ein meiner med "bratte kneikar opp att" også. 
Denne turen kan vi anbefale på det sterkaste. Vegen er lite trafikkert av bilar, den har fast dekke heile vegen, natur og utsikt er spektakulært vakker, og Arnafjordgrendene fortjener absolutt eit besøk. Eg trudde vi skulle komme til ein nærast øde og deprimerande plass, men kunne ikkje tatt meir feil. Her var det vi trengde på ein sykkeltur, vi kunne endatil tatt oss ein øl og ein pizza hvis vi ikkje skulle ha sykla 30 km. heim til Vangsnes.

Så nå får vi sjå kva opplevelsesturar vi klarer å finne på til neste sommar. Ideane er mange, det spørs berre om vi får tid :-) Ciao!

****************************************



Nr. 2:

Enda ein stad eg aldri har vore på sykkel før... denne gang til Menes i gamle Balestrand kommune. Vi klarer ikkje heilt å venne oss til at Balestrand i dag er ein del av Sogndal.

29. juli gikk trilleturen til Menes, og kvar i all verda er nå det?
Jo, det er endepunktet for kor langt vegen mellom Vetlefjorden og Fjærland kom. På forrige tur som eg har skreve om i denne posten, kom vi motsatt veg langs Fjærlandsfjorden ned til Rauboti, så nå passa det bra med ein tur motsatt veg. Det er omlang ei mil mellom desse to ytterpunkta, og det kjem nå aldri til å bli bygd veg her. På ein måte litt trist for dei som vil sykle rundturar , men da skal vi hugse på at Fjærland er omringa av lange tunnelar, så da er ein like langt.


Vel, også denne laurdagen parkerte vi på Hella, men nå gjekk turen over til Dragsvik. Biltrafikken er ikkje som den ein gang var inn Vetlefjorden og Sværefjorden, noko som passer veldig bra når ein syklar. Vegstandarden er ikkje av motorvegklasse, for å sei det forsiktig, men det er ein svært sjarmerande og fin trilletur inn og ut dei små fjordarmane. 

Eg har aldri vært ute på Menes før, normalt køyrer vi jo rett opp mot Gaularfjellet, hvis vi i det heile tatt gidder å køyre her lenger. Det nye og revolusjonerande sambandet om Fjærland har gjort turen adskillig meir lettvint enn det var da vi måtte spele fotballkampar i Sunnfjord og Nordfjord på 1980-tallet. 

Men etter å ha sykla gjennom ein drøss med rasoverbygg inn til Vetlefjorden (Som er større enn Sværefjorden), og ein er klar for å begynne på Gaularfjellet, så går det altså ein veg ut til grenda Menes, heilt ute der Vetlefjorden møter Fjærlandsfjorden. Dette har vore, og kanhende framleis er, ein svært rasutsatt veg om vinteren spesielt. På denne fine sommardagen derimot, var det rein idyll. Det er ca. seks km. fra krysset der ein tar av, og heilt til endepunkt. Da hadde vi runda sjølve neset, og kunne sjå innover Fjærlandsfjorden igjen.
Men ikkje berre det: I motsatt retning kunne vi sjå mot Hella, Dragsvik, Vangsnes og Vik. Vi hadde aldri sett desse plassane fra denne vinkelen, og det var jo heile vitsen med turen; Oppleve nye vegar og stader.

Menes er ikkje nokon storby, men det bur da nokre mennesker der ute. Nokre av dei holdt på med onnearbeid, medan vi kunne nyte sola og finværet. Det er forskjell på folk!


Sidan vi ikkje kunne sykle nordover til Fjærland, grunna vegen som aldri kom, så var det eigentleg berre til å snu og sykle tilbake. Dei mange rasoverbygga er der neppe utan grunn fant vi ut, og så får vi sjå kva som skjer med den mykje omtala brua over Esefjorden. 
For da vi kom til Dragsvik att, så fant vi ut at dette hadde blitt litt for kort, så da trilla vi like godt inn til Esebotn og over til turistfabrikken i Balestrand. 
Den verste høgsesongen hadde kanskje gitt seg ein smule, men det var framleis godt med tilreisande der. Vi leika turistar vi også, og unna oss ei velsmakande eplekake og brus ned i på kaiområdet. Trur ikkje eg betalte meir enn eit par hundrelappar for det heller.
Ein liten sightseeing i Balestrand vart det også tid til, bl.a. til den "Engelske Kyrkja", samt i det flotte hotellområdet nede ved fjorden.

Tips: Hvis du ikkje har vore i Balestrand før, så ta deg gjerne ein stopp der ein seinsommardag.


Vi gadd ikkje tenke for mykje på ferjeavgangar denne fine dagen. Dessuten går det ferje kvar halvtime over til Hella att, så kvifor stresse med den? Mykje bedre å utforske nye stader på to hjul!

Vegen mellom Balestrand og Dragsvik er eit kapittel for seg. Eg forstår veldig godt dei som vil ha ny bru der, spesielt med tanke på kor rasfarleg det kan være. Dessuten er vegen tildels svært smal og kronglete, og definitivt ikkje dimensjonert for ferietrafikken. 
Nå kjem det vel bru over Esefjorden, såvidt eg har forstått, og da gleder eg meg til å sykle over den:-)

Dette skulle vise seg å bli ein svært fin sykkeltur! Lite biltrafikk, til tross for at vi framleis skreiv juli månad, varierande vegar, ein heilt eineståande flott natur og flott vær....bedre blir det knapt.
Totalt vart det ein fin sykkeltur på knappe 65 km, og 525 høgdemeter. Det er såleis ein enkel og fin tur, som alle her i Luster og Sogndal må ta før dei dør. Ja, gjerne folk fra andre stader også! De vil garantert ikkje angre, for dette var ein tur eg kjem til å hugse.

    

Vegen ut mot Menes er kanhende smal, men det er såpass fin natur, at det er erdt å ta eit par bilder her og der :-) Her er vi komne nesten heilt ut på neset der vegen rundar nordover mot Fjærland igjen.



Endepunkt! Vi ser over mot Dragsvik og ferjesambandet til Hella. Laaaangt der i bakgrunnen ser vi inn mot Vik.



Dette bildet tok eg da vi var komne nesten tilbake til Dragsvik. Fjorden til høgre er da Fjærlandsfjorden, medan den til venstre er Vetlefjorden. Vi ser også sjøve bebyggelsen på Menes der det forrige bildet er tatt ifra, samt at ein kan få eit inntrykk av kor rasfarleg vegen ut dit kan være.

Mellom Vetlefjorden og Menes måtte vi sjølvsagt ta ein fotostopp, og rett over her ser vi inn mot Sværefjorden. Samt ein liten del av mobildekselet mitt :-)


Kviknes hotell i Balestrand. Dette er verkeleg ei staseleg bygning! Og den flotte hagen da.....wow!


Konklusjon: Sykkeltur til Menes og Balestrand kan trygt anbefalast. Når/hvis brua over Esefjorden kjem, så satser vi på ein tur vidare utover Sognefjorden, kanskje til Lånefjorden, der Høyangertunnelen set ein effektiv stoppar for vidare sykling...?


*********************************************************



Nr. 3:

Vi er inne på topp-tre lista av dei 134 sykkelturane som er trilla sålangt i 2023. Noko seier meg at dei 30 dagane som står att ikkje kan matche dei tre turane som står igjen, så eg tar sjansen.

3. juni tok vi turen til Fjærland.
Dei fleste deler av Fjærland har eg besøkt tidlegare, med unntak av vegen sørover langs fjorden. Har kun vore så langt som til Fjærland skule, så nå var det på tide å utforske vidare.

Diverse synfaringar fortalde oss at store deler av turen ville gå på grus, noko som berre gjer det heile ekstra gøy. Etter å ha trilla på asfalt i 30 år, så er den nye trenden med grussykling ein kjærkommen variasjon.

Parkering i Fjærland kan kanskje være litt utfordrande midt i ferien, men denne laurdagen i begynnelsen av juni var det ingen slike. Eit strålande sommarvær tok imot oss, og vi la turen sørover fjorden først, mot grenda Rauboti, som eg trur det heiter der vegen endar.

Det er kanskje ikkje verdas flottaste veg.

For bilar.

Fos oss som syklar derimot.....heaven!
Jo lenger sørover ein kjem, jo meir passande for våre "gravel-bikes", for etter kun tre-fire km går det over til grus. Slik blir vegen heilt til den ikkje går lenger.
Heller ikkje her går vegen heilt nede ved fjorden, og den er heller ikkje her flat som ei pannekake. Små kneikar bryt opp det som ellers lett kan bli einsformig og kjedelig når vi triller rein landeveg. 
Fine fossar, som framleis hadde god vassføring så tidleg på sommaren, omtrent inn i vegen....fuglekvitter, varmt, sol, flott utsikt....jo dette gikk an!

Men her er det sjølvsagt uråd å sykle rundtur, så da vi var framme i Rauboti, var det berre til å snu. I si tid var det planar om at Fjærland skulle få vegsamband nedover her, til sitt daværande kommunesenter i Balestrand. Istaden fikk vi Fjærlandsvegen, og det trur eg vi skal være veldig fornøgde med i dag.

Vi sykla opp til Supphellebreen deretter. Det går ein del sidevegar rundt om i Fjærland, som ein aldri ser snurten av når ein køyrer bil. Dermed var vi ute på hovedvegen berre eit par hundremeter totalt, for vi tok ikkje sjansen på å sykle langs riksvegen opp til Bøyabreen.

Supphelledalen(?) er alltid verdt eit besøk, og så tidleg på sommaren var det heller ikkje noko særleg biltrafikk oppover denne smale grusvegen. Nokre fotos måtte sjølvsagt takast, før vi satte kursen nedatt mot "sentrum". Vi tok ein litt annan veg nedatt, slik at vi iallfall fikk eit snev av rundtur denne gang. Da kom vi nedatt på hovedvegen nede ved den nedlagte bomstasjonen. Her er det laga til eiga gangbru og nokre meter tilhøyrande gang/sykkelveg, slik at ein slepp å måtte ut på riksvegen her også. Veldig bra!

Forbi Bremuseet, eller kva det nå heiter, og nedatt til den parkerte bilen.

Ein liten svipp opp idalføret ovanfor Fjærland sentrum rakk vi også. Her går vegen adskillig lengre oppover dalen, men det tok vi oss ikkje tid til i denne omgang. Totalt ca. 43 km, derav halvparten gikk på grusvegar av ulik kvalitet. Litt over 400 høgdemeter fikk vi også, til tross for at vi ikkje var meir enn 60 meter over havflata på noko tidspunkt. 

Det å sykle i Fjærland er noko eg har tenkt på i fleire år. Endeleg fikk vi gjort det, og dette kan sterkt anbefalast. Normalt berre rasar vi forbi denne bygda i 90 km/t, på veg til Skei, Førde eller oppi Nordfjord ein plass. Det å stoppe her, sette seg på sykkelen og oppdage heilt nye vegar, og ikkje minst få sjå plassar ein aldri hadde køyrt til ellers, var verkeleg ein god ide.


Sørover langs Fjærlandsfjorden kan ein finne mange slike sjarmerande fossefall. Om vinteren derimot...er vegen sikkert veldig skredfarlig, iallfall var det tydeleg spor etter kva vinteren kan føre med seg.


Her er vi så langt vegen går sørover. Det er ca. midtveges mellom Fjærland og Menes, omlag ei mil i kvar retning. Her var det altså planlagt veg vidare sørover, men i dag trur eg det vart valgt det heilt rette, da vegen vart bestemt gå via Sogndalsdalen.



Supphellebreen har som alle andre norske brearmar minka mykje siste tiåra. Den er likevel verdt eit besøk, så sant ein klarer å halde avstand.


På veg heimover fra Supphelebreen. Vegen er som vi ser ganske så smal, og med den turisttrafikken som kan være her i fellesferien, så valde vi det heilt rette tidspunkt å sykle her. Det var, som vi ser, ein heilt eineståande flott dag!

*************************************************



Nr 4:

4. juli sykla vi til Fresvik. 
Ja, ikkje heilt heimefra, men fra Vangsnes. Eg har vært i Fresvik ein heil del ganger i høve mine tidlegare jobbar i forsikrignsbransjen, men det har gjerne vore på andre tider av året, og såklart alltid i bil. Det hadde neppe tatt seg ut å troppe opp på ein forsikringsmøte iført fullt sykkelantrekk.
Derfor var dette første gang eg hadde gleda av å sykle innover langs Sognefjorden på denne strekninga, nesten så langt som det lot seg gjere. 

Vi parkerte på Hella, noko som kan være ein liten risk å ta, da det ikkje er all verden med parkeringsplassar der. Ferja over, og det var berre å byrje å trille innover. I såfall får ein heller ta med bilen over. Bedre plass på Vangsnes. Trur eg.

Været var ikkje heilmaks denne dagen, det var tendensar til litt yr i lufta innimellom, men det var unntaksvis.

Mesteparten av trafikken som køyrer av ferja reiser mot Vik og kanhende vidare til Voss. Det er såleis ganske så lite bilar å møte på dei knappe tre mila inn mot Fresvik, men det er ikkje bilfritt. Det er også nokre tunnelar, bl.a. ein på over 700 meter før ein kjem til den første vesle grenda, Feios. Det er rett nok lys i denne tunnelen, men ikkje av den aller beste sorten. 

Feios er ei adskillig meir langstrakt bygd når ein sykler, enn når ein køyrer. Det er heller ikkje på langt nær så flatt. Rare greier det der...

Vi trilla roleg vidare innover mot Fresvik, såg over fjorden mot Leikanger, og tenkte på den gang Fresvik og Feios høyrde til Leikanger kommune. Det var slik fram til på tidleg 1990-tall, og i dag høyres det kanskje rart ut at Leikanger hadde landgrense til både Aurland, Lærdal og Voss(!) Men slik var det.

Mellom Feios og Fresvik er det tre tunnelar, derav ein på over halvanna  kilometer. Denne stiger litt i retning Fresvik, hvis eg ikkje hugser heilt feil.
Deretter er det ein kort sak, før vi kjem til noko av det mest spesielle som fins av tunnelar i heile landet, nemleg ein sommarstengt tunnel!! Om vinteren går vegen inn i ein slags hestesko-forma tunnel på ca. 350 m. grunna skredfare, men om sommaren får vi sykle ute, der kun eit svært smalt rasoverbygg er alt vi må igjennom. Men igjen: Eg trur vi må leite lenge før vi finn andre sommarstengte tunnelar.

Den siste etappen inn mot Fresvik er så typisk vestlandsveg som det er mogleg å få det: Smalt, bratt ned i fjorden på ei side, bratt fjell på den andre. Slik er det i fleire kilometer, før ein kjem til Fresvik, som også har eit sjarmerande dalføre der vi kan sykle oppover mot Fresvikbreen.
Vi nøydde oss med ein stopp nede på kaia, der vi spanderte på oss is og brus i det nå adskillig lunare sommarværet. 

På veg heim, så sykla vi oppover dalføret eit par kilometer, og her kan ein sykle heilt over fjellet og nedatt til ei lita grend nede ved Aurlandsfjorden. Denne vegen går heilt opp på nesten 600 moh, og bratt ned til Simlenes. Da er du altså komen nedatt til Aurlandsfjorden, og derfra er det kun ein kort båttur over til Frønningen. Det kunne faktisk vore interessant å ta med seg sykkelen dit ein gang.....Rart å tenke på at ein gang i tida vart Stamvegen mellom Oslo og Bergen planlagt å gå her. DET hadde blitt ein rasfarleg veg det!

Da rundturen i Fresvik var slutt, så trilla vi pent og roleg mot Vangsnes att. Vi hadde god tid til ferja, så vi fant ut at ein tur opp til den staslege Fridtjof-statuen kunne være ein passande venteaktivitet. Det er skilta veg opp dit fra ferjekaien, og vi valde å ta den bratte snarvegen opp. La oss berre sei at dei få, men ganske så bratte metrane, merkast godt etter seks mil. 16-17% iflg. Wahooen til min bedre halvdel.


Totalt vart denne fine turen til Fresvik på dryge seks mil, og med den vesle snuen opp i dalføret i Fresvik, og opp til Fridtjof, så fikk vi faktisk over 600 høgdemeter. Det fortel oss at det er langt fra flatt fra Vangsnes til Fresvik.

Det er altfor få som har sykla denne fine strekninga. Vi kan trygt anbefale denne turen, men i eit par år framover, så kan det være verdt å huske at det skal pågå ei kraftutbygging mellom Feios og Vangsnes. Dei var akkurat byrja med påhogget da vi kom forbi. Noko lastebiltrafikk må sikkert påreknast i dette området. 
Men forutan det? Veldig fin tur!


Av ein eller annan grunn har eg ikkje så mange bilder fra denne turen, men dette er iallfall tatt inn mot Fresvik, forbi endepunktet for biltrafikk, dvs. kaien, butikken og kyrkja som vi kan sjå nær fjorden.
Til høgre i dalføret, kan ein så nærme seg Fresvikbreen. Til venstre kan ein komme seg over fjellet og nedatt til Simlenes. 


Nede på kaien i Fresvik, innimellom brus og is, så passa det godt med ein fjordfie.


På veg ned att mot Fresvik var det verdt å ta ein fotostopp!



La oss satse på at SuperDuper har fleire bilder. Skal legge inn fleire når vi får lasta bilda over fra telefonen.

Uansett; Denne sykkelturen anbefaler vi gjerne! Lite trafikk, flott fjord, varierande vegar i form av små bakkar opp/ned, og høve til å komme på plassar ein ellers aldri vil finne på å køyre til. Kan det bli bedre? 

*********************************************************



Nr 5:


Vi startar med den femtemest minneverdige turen, og det er den einaste eg har på lista mi der eg sykla åleine.
18. august tok eg med meg sykkelen til Turtagrø (Det å sykle opp dit ville blitt eit forferdelig slit i den elendige formen eg var i på det tidspunkt), for å sykle opp til Oscarshaug. Dette var ein av våre såkalla "Lustrabakkar 2023", seks bakkar av ulik karakter rundt om i kommunen. 
På eit eller anna vis kom eg meg opp på Oscarshaug, i sneglefart, og på turen nedatt fikk eg eit innfall om å sykle inn Helgedalen. På landevegssykkel kan dette bli litt for grov og ujamn veg, men for min Merida gravelbike, er det ingen sak.
Den enkle grusvegen i dette flotte dalføret går adskillig lengre innover i Jotunheimen enn dei fleste av oss er klar over. Faktisk kan ein trille på to hjul heilt inn til nokre damanlegg som Hydro har der. Da er vi komne på over 1300 moh. og så langt gadd ikkje eg denne dagen i august, men det var mest fordi det er ganske bratt på slutten....




Dette bildet fra googlemaps viser kor langt vegen går.

Eg har ikkje vore inn Helgedalen på mange år, og aldri før på sykkel. Det er lengre enn ein trur, iallfall når ein skal gå. Men med tohjuling vert det berre gøy. 
Ein bøling kyr fant interesse i denne underlige skapningen som kom forbi, men sperra ikkje vegen slik som ein anna bøling opp mot Anestølen i Sogndal gjorde eit par veker før. Greit å vite at det er kyr her, ifall ein er redd for å få....etterlatenskaper....på sykkelen sin....For det er heilt utruleg kor mykje kyr kan drite.

Vegen er ikkje open for almen motorisert ferdsel. Eg har ingen aning om kven som eig og driftar vegen her, men vil anta at Hydro har eit visst tilsyn. Det tilsynet må openbart bli gjort med høge firehjulstrekkarar, for standarden blir slik passe, jo lenger innover ein kjem. Igjen: Dette er ingen veg for dei gammeldagse 23 mm. landevegsdekka vi trilla rundt på for 10 år sidan. 


Eg måtte såklart ta eit bilde innover dalføret. Stort meir Norge enn dette kan ein knapt få det.
Manglar berre ein nisse og eit troll. Det er som sagt ikkje opna for bilar her, men det fins ein og anna grunneigar som har lov til å ta motordoningen sin på tur. Vi kan også skimte ein fin foss i høgre dalbotn. 



Desse to eksemplara av arten "ku" slapp meg heldigvis forbi. Det var mange fleire av arten, men alle oppførte seg høflig denne laurdagen. I bakgrunnen ser vi fossen som vart omtala på det første bildet. Elva kjem fra det regulerte vassdraget oppe på fjellet i bakgrunnen. Sjå også goooglemapsbildet lenger oppe i posten.



Her begynte det å bli så bratt at eg ikkje gadd meir. Det ser sikkert ikkje slik ut på bildet, og dessuten var beina heilt kokte etter at eg karra meg opp på Oscarshaug ein halvtime før. Greit å ha ei orsaking å ty til. Den fine fossen er no enda finare, men som ein kanskje ser, så er det ikkje vatn i elveløpet.
Vatnet går nemleg i røyr like under fossen.
Vegen svingar seg opp i dalbotnen, og fortset altså nokre kilometer til inn i fjellheimen.
Får ta det til neste år...


Tatt fra samme stad som forrige bilde, men heimover dalen. Elva er som vi ser heilt tørr. Du kan også få eit visst inntrykk av vegstandarden her. Legg ellers merke til sjølve Sognefjellsvegen som vi kan skimte laaangt der nede.

God tur!
























Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden