"Styggevatnet - Sota." Den framtidige turvegen!

Eller over Handspiki som det også er kjent som.

Bilvegen over Handspiki kjem aldri. Dessverre. Den burde og kunne ha vært der for 40 år sidan, men slik vart det ikkje. Nå er det for seint. 
Ein tunnel under her er også heilt uaktuelt, kva skulle vel det være godt for? Joda, som ein slags akse vest-nord kunne det muligens ha vore eit alternativ, men kvifor bruke milliardar på noko så unyttig nå?

Breheimen er dessverre/heldigvis verna for framtidige inngrep.
"Dessverre" fordi vi kjem til å få stadig villare vær, med tilhøyrande utfordringar i form av flaum og skred.

"Heldigvis" fordi det er eit eineståande flott villmarksområde vi bør føre vidare som urørt natur til våre etterkommarar.
Aberet er at denne delen av Breheimen er eit område som er vanskelig å oppleve for dei fleste av oss. Det blir kanhende ein biltur til Styggevatnet, når den opnar ved jonsoktider, eller til Sota som heller ikkje kan seiast å ha ein lang sesong.
Løysinga for å få folk til å oppleve ein av våre verklege villmarker er akkurat som å gjere rundt Hafslovatnet; Bygge ein enkel turveg.

Slik:



Eg kan med handa på hjertet sei at det er nesten irriterande/trist å tenke på at det ikkje er ein slags vegforbindelse her. Som sagt kjem det heller aldri til å bli, men ein turveg for gåande og syklande er nå lov å drøyme om.  Ein skulle kanskje tru at det allereie var ein nokolunde farbar veg mellom Skjåk og Luster, sidan dette er ein eldgammal ferdselsveg, men det er det jo langt fra. Området er i dag lite beferda, noko som skuldast at det ikkje er så lett å ta seg fram her. For å få eit inntrykk av naturen her, så anbefaler eg gjerne denne flotte videoen fra ein av mine favoritt-YouTubekanaler. Sjekk ut fra 18:40 ut i filmen!

Eg meiner ærleg og oppriktig at fleire burde få ta del i den eineståande naturen som Breheimen er, men sjølvsagt utan å gå tillate motoriserte doningar. Løysinga er ein enkel opparbeida turveg, der kun gåande og syklande har lov til å ferdast. Det skal også kun utbetrast der det er høgst nødvendig, og det skal sjølvsagt ikkje sprengast eller gravast. Masseforflyning i mindre grad må nok gjerast, men så skånsomt som råd er. 

Nasjonalparken set såklart sine begrensingar, men igjen: Det er ikkje lange biten det er snakk om.



Det brune feltet er nasjonalpark.


Fra Styggevatnet og opp mot Styggevasshytta burde det også være mogleg å få til ein slags enkel trase. Området her er allereie brukt til omfattande naturinngrep, og fram til nasjonalparkgrensa, så bør det være råd å få til. 
Nedover mot Surtbyttvatnet og Mysubytta i Skjåk, så må igjen ein slik turveg tilpassast dei strenge føringane som gjeld. I praksis betyr jo det at ein slik turveg aldri vil bli bygd, men nå sit eg framfor eit tastatur, og kan derfor skrive og meine det eg vil. 

Opparbeiding av ein slik enkel turveg, vil også unngå at vi får ferdsel utanfor den tiltenkte traseen. Nå er ikkje dette noko stort problem i dag, sidan det er så få som går der likevel, men ein viss slitasje er det nok allereie. "Jammen vil ikkje ein ny tursti få fleire folk hit?" vil du sikkert spørre. Tja, er ikkje det litt av hensikta? Hvis vi legg til rette for det, så kan vi få skånsom og fornuftig bruk av eit av våre mest spektakulære villmarksområde, utan at folk labber rundt utanfor dei tiltenkte traseeane. Det er allereie stiar her, ein enkel turveg vil neppe gjere det spesielt mykje verre.
Det eg vil er at det vert gjort lettare tilgjenglig for dei av oss som ikkje har høve til å gå dei ti km. i kronglete terreng fra Styggevatnet til Sota. 

For så kort er det altså. Usle ti km. fra dagens endepunkt oppe på Styggevatnet, og til den eksisterande vegen fra Sota og til Mysubytta. Åtte av desse ligg innafor grensene til nasjonalparken.

"Men kva med dyrelivet da?"
Ein slik turveg vil neppe være øydeleggande for det. Vi snakkar om ein svært avgrensa sesong, på det høgste ca. 1400 moh, med snø som ligg til månadsskiftet juni/juli og der den legg seg att, seinast, i oktober... Tre-fire månader, maks, er det ein kan forventa av ferdsel her, omtrent som i dag altså, berre at det kan bli nokre fleire besøkande. Noko brøyting om vår og haust kan vi sjølvsagt ikkje ha.

Om dette nokon gang blir ein realitet?
Det har eg null tru på. Byråkrati og regelverk vil sette ein effektiv stoppar for å lage noko så enkelt og billig som ein turveg her. Ja, det er ein nasjonalpark, og det er ikkje uten grunn. Men ein nasjonalpark som ytterst få har høve til å glede seg over, er det liksom ikkje den store hensikten med. Ein enkel turveg kan få folk til å oppleve Breheimen i større grad, uten at det treng å øydelegge flora og fauna meir enn i dag.

Igjen; Det er både irriterande og trist at det aldri kom veg over her, men dette kan være eit bittelite plaster på den amputerte armen.




Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden