"The fall of the House of Usher" - serieomtale

Høsten er over oss forlengst, og serieskaper Mike Flanagan beærer oss med enda ein grøssarserie på Netflix. Etter fjorårets usedvanlig dølle "Midnight Club", så er Flanagan i toppform igjen, på linje med hans tidlegare "The Haunting of Hill House", og "Midnight Mass".


"Usher" vart slept laus på verda nå i midten av oktober, men eg har dessverre ikkje fått tid til å sjå alle episodane før denne veka. Men det var verdt å vente, for dette var knall!

Serien er basert på fleire fortellingar av Edgar Allen Poe, men serien er plassert i vår tid. Dvs. fortellinga starter i 2023, men med ei rekke tilbakeblikk til hovedpersonanes liv.


Handling:
Vi møter assisterande statsadvokat Auggie Dupin, som ein sein, mørk og stormfull aften, blir invitert heim til finansmagnat Roderick Usher sitt tidlegare hus. Usher har i årevis blitt etterforska for korrupsjon og anna styggedom av den selsamme Dupin, men har sluppe unna all straffeforfølging. Men nå er alle hans seks barn døde, og Usher vil lette sitt hjarte. Han vil gjennom ei lang natts fortelling innrømme at det faktisk var HAN som tok livet av alle sine barn, der kun to av dei var født "i ekteskap", med hans nå avdøde ekskone. Dei fire andre var alle resultat av ONS, som kun ein finansmagnat kan tillate seg. Ein ekstra dose spenning innad i familien, er at dei seks søskna omtrent ikkje tåler trynet på kvarandre, for ikkje å snakke om fars nyaste, og svært unge elskerinne.

Usher og hans søster, Madeline, mista i barndommen si mor på tragisk vis, men held saman vidare i livet. Det går ikkje spesielt bra, da Roderick må jobbe for luselønn i eit stort farmasøytisk selskap. Sjefen i dette selskapet er som henta ut fra helvete, men via intriger og renkespel, så klarer Roderick å bli hans høgre hand. Gjerne på bekostning av den nyutnevnte etterforskar.....Auggi Dupin.

Etterkvart overtek Roderick og hans søster heile selskapet, og utvider si verksemd ved å bokstavleg gå over lik. Uten skrupler jobbar dei to seg oppover til å bli megarike og mega suksessfylte. Dei slepper unna alle forsøk på straffeforfølging, ikkje minst takka være deira sleske advokat, Arthur Pym.

Familien velter seg i dop, rikdom, sex, alkohol, suksess, men er samstundes så ufordraglige at det ikkje er mogleg å synes synd på dei, da den eine etter den andre av barna byrjar å dø, gjerne på ytterst brutalt vis.

Etterkvart som episodane går, så får vi vite bakgrunnen for familiens suksess, og ditto brutale nedtur.
I 1980 møtte den smått mislykka Roderick og Madeline ei pussig dame på ein bar, og det på sjølvaste nyttårsaften. Denne kvelden og møtet skal snu livet deira opp-ned, men det vil altså ha sin pris over 50 år seinare. For kven er eigentleg denne mystiske dama som driver bar?? Og som dukker opp OVERALT, i alle tidsaldrar, og i ei mengde forskjellige roller??



"Usher" er eit nytt mesterverk fra Mike Flanagan. Etter at han moderniserte "The Haunting of Hill House" tilbake i 2018, så har han påny truffe blink ved å ta ein gammel klassisk roman, kombinert den med element fra andre fortellingar fra samme forfattar, og satt den til vår tid. 
Mange av dei skodespelarane som har vore med i hans tidlegare seriar dukkar opp igjen her, gledelig nok.
Skodespelarane er fantastiske, men spesielt to må trekkast fram:
Bruce Greenwood som den gamle Roderick er fantastisk i rolla som angrande, korrupt finansmogul som ikkje har skydd noko middel for å lukkast i sitt liv. Gamle Usher har sine syner/synder å slite med, og du vil forstå det når du ser det.
Den andre som må nevnast er alltid fantastiske Carla Gugino som allestadsværande nemesis. I eit uttall forskjellige settingar briljerer ho som mystisk dommedagsvarsel. Og i løpet av dei siste episodane, så slo det meg kor Neil Gaiman må ha henta inspirasjon til sin figur "Død" ifra, i ein av tidenes beste tegneserier "Sandman". Gugino er som snytt ut av tegneserien.
"Sandman" er også ein svært sjåverdig serie på Netflix, og sesong to er på veg. Kan knapt vente!


Men fram til da, har vi altså hatt stor underholdning med denne moderne spøkelsesfortellinga, der dei avskyelig rike og kyniske til slutt må betale for korleis dei har gått fram. Joda, 53 år med suksess har sin pris.


Ja, og så må vi heilt på slutten ta med Mark Hamill som Arthur Pym da. FOR ein rolle!! Applause!

"The fall of the House of Usher" er eit nytt sant grøssermesterverk, som eg slukte over tre kveldar. Guffen spøkelsesstemning, nokre BØ!-scener strategisk plassert, samt skodespelarar i ultraklassen....kva meir kan ein ønske seg ein novemberkveld?







Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden