Innlegg

Viser innlegg fra desember, 2023

Skinamarink - filmomtale

Bilde
Du er kanskje av dei som synes "Love Actually" og "Pretty Woman" er gode filmar? Kanskje du slenger på med ein "Die Hard" når du skal sjå ein tøff film? Eller du drar til med ein skummel film fra Netflix sin dusinvaresamling? Muligens at "The silence of the lambs" er din kopp te? Vel, isåfall kan du trygt slutte å lese her. Canadiske "Skinamarink" er ikkje som noko anna du har sett før. Garantert. "Skinamarink" er fra 2022, det er regissør Kyle Edward Ball sin debut, og eg har aldri sett maken til film. For usle 15000 USD, dvs. omtrent uten budsjett i det heile tatt, har Ball laga den særaste og mest spesielle film eg har hatt gleden(?) av å bruke 100 minuttar av mitt liv på. Handling: Det er natt, og vi vert kjent med Kevin og Kaylee, to små barn på 4-6 år. Etter at Kevin har skada seg, og måtte til lege, så vaknar dei opp, kun for å finne ut at far i huset er borte vekk. Det einaste vi har fått sett/høyrt av han, er at han s...

27-årsdagen.

Bilde
28. desember er Kristoffer sin bursdag. Han skulle og burde ha blitt 27 år denne dagen, men grunna vår gammaldagse og farlige narkotikapolitikk, så valgte han altså å ta sitt eige liv for åtte år sidan. Kva gale han hadde gjort? Jo, røyka hasj sju ganger på fem månader. Fy og fy. Klart han må straffast og fratakast førarkort for slikt, sjølv om han aldri vart tatt for køyring i rusa tilstand. Sidan eg fant han død på badegolvet i kjellaren, så har det skjedd svært mykje på rusfronten. På den tid, tilbake i 2015, var det høgst akseptert å straffe folk for narkotikabruk. Dette har endra seg mykje. Nå til dags er det langt færre straffesaker som vert oppretta for brot på legemiddellova, dvs. bruk av illegale rusmiddel. Årsaka er at store deler av norsk politi har kome på bedre tankar, og innsett at slike bagatellsaker ikkje er noko særleg å bry seg om. Joda, det fins nokre høgrøsta stemmer i etaten som sutrer over "manglande verktøy" og klager sin nød i diverse lokalaviser, men ...

Sykkelønsker for 2024

Bilde
 2023 er snart over og ut, og oppsummering av dei finaste turane er tilbakelagt. Derfor er det på tide å planlegge neste års turar. Om dei vert gjennomført er ein heilt annan sak, men det er lov å håpe. Nr. 3: Vågåvatnet rundt. Joda, her har vi sykla før i tida, men det er så lenge sidan at det nesten ikkje kan bety noko lenger. Dessutan var det berre på deler av den traseen som vi forhåpentligvis kan ta neste år. Som vanlig satser vi på å holde oss borte fra hovedvegen i størst mogleg grad. Den travle RV 15 mellom Lom og Vågå ser eg ingen grunn til å benytte meir enn høgst nødvendig på to hjul, så derfor syklar vi på nordsida av Vågåvatnet. Startpunkt er fra Lom, naturleg nok sidan vi kjem over fra Sognefjellet. Derfra er det berre til å krysse den lange brua over til nordsida av dalføret, og så går det opp og ned langs vatnet heilt ned til Vågå. Ein del av denne strekninga, omlag halvparten trur eg (Dvs. ca. 15 km.) er grus, men det er akkurat det vi har kjøpt grussyklar til. Ve...