Skinamarink - filmomtale

Du er kanskje av dei som synes "Love Actually" og "Pretty Woman" er gode filmar? Kanskje du slenger på med ein "Die Hard" når du skal sjå ein tøff film?

Eller du drar til med ein skummel film fra Netflix sin dusinvaresamling?
Muligens at "The silence of the lambs" er din kopp te?

Vel, isåfall kan du trygt slutte å lese her.

Canadiske "Skinamarink" er ikkje som noko anna du har sett før. Garantert.


"Skinamarink" er fra 2022, det er regissør Kyle Edward Ball sin debut, og eg har aldri sett maken til film.
For usle 15000 USD, dvs. omtrent uten budsjett i det heile tatt, har Ball laga den særaste og mest spesielle film eg har hatt gleden(?) av å bruke 100 minuttar av mitt liv på.

Handling:
Det er natt, og vi vert kjent med Kevin og Kaylee, to små barn på 4-6 år.
Etter at Kevin har skada seg, og måtte til lege, så vaknar dei opp, kun for å finne ut at far i huset er borte vekk. Det einaste vi har fått sett/høyrt av han, er at han satt i ein telefonsamtale, nettopp om Kevins uhell.

Dei to borna går ned i stova, setter på TV`en, der det rullar og går gamle tegnefilmar non-stop gjennom resten av filmen, "Skinamarink" altså
Ein skulle tru at dei to barna begynte å lure på kor far hadde tatt vegen, kanskje han er reist med mor? Men ho vil dei to smårollingane ikkje snakke om i særleg grad, uten at det kjem heilt klart fram kvifor der og da.

Medan dei sit i den kun tv-opplyste stova, så byrjar rare ting å skje i huset deira. Dører og vindauge forsvinn, møblar og leiker heng fast i taket......og ei dyster røst ber dei om å komme opp på loftet....der det er mørkt....
Der treffer dei mor likevel, eller iallfall nokon som skal forestille mor. Ho er dukka opp fra det store intet, og forsvinn att, som den berømte ånden i fillehaugen.

OK; loftet er skummelt nok, for det er sparsomt med lys her også. Men kjellaren....den er kanskje enda verre.....

Den eine forunderlege, og stillfarne hendinga avløyser den andre, og korleis skal det gå med barna montru?


"Skinamarink" er ikkje lett kost. Det er ein eksperimentell horrorfilm, med overnaturlige toner. Det går sakte, replikkane er svært få og langt imellom. Lyssettinga består stort sett kun av det som kamera oppfattar, dermed får vi ein svært kornete og uklar film i store deler av dei 100 minuttane. Det meste er også filma fra barnas synsvinkel, dvs. nedanfra og oppover, gjerne mot taket eller høgt oppe på veggane.
Borna sjølv ser vi kun stort sett delvis, så vi må nærast gjette oss til kva dei held på med.

Og så har vi den forferdelig ekle stemma fra loft og kjellar....


"Skinamarink" kan ikkje by på blod og gørr, skumle vesen og brutale drap. Nei, dette er ein film om barndommens mareritt; Om korleis det er å bli forlatt heime ei natt som barn, med foreldra borte vekk, og så viser det seg at det kanskje er eit monster i huset.....eit monster som vi aldri ser, men som vi aner kan være.....nesten overalt....

Klassisk barndommens mareritt altså!

Filmen er som sagt ikkje lett fordøyeleg. Den trege framdrifta, den spesielle filminga og lyssettinga set sjåaren på ein sjeldan prøve, men liker ein eksperimentelle filmar, så er dette eit must. Uhyggestemninga ligg og boblar heile tida, men effektive jumpscares er det lite av. 

"Skinamarink" vart filma i regissørens eigen barndomsheim i 2021, med hans eigne barndomsleiker som rekvisittar. På sitt mildt sagt minimale budsjett har filmen klart å spele inn over 2 mill USD, noko som må seiast å være ein sensasjon og ikkje minst ein fin suksess.

Kritikkane har vore variert, men har falt i rimeleg god smak blant oss som liker slikt. 
Igjen: Personleg har eg aldri sett maken. Det næraste eg kan komme på i farten er vel "The Blair Witch Project" fra 1999, og til ein viss grad "Under the Skin" fra 2013. Hvis du har sett desse to, så har du likevel kun ein forsmak på kva "Skinamarink" kan tilby deg. 

Hvis du lurer på om dette er noko for deg, så kan du først sjekke ut traileren her, og dernest er filmen å få tak i på Viaplay sin lei/kjøp-tjeneste,

Lykke til! (Det trengs)





Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden