Sykkelønsker for 2024

 2023 er snart over og ut, og oppsummering av dei finaste turane er tilbakelagt. Derfor er det på tide å planlegge neste års turar. Om dei vert gjennomført er ein heilt annan sak, men det er lov å håpe.

Nr. 3:
Vågåvatnet rundt.

Joda, her har vi sykla før i tida, men det er så lenge sidan at det nesten ikkje kan bety noko lenger. Dessutan var det berre på deler av den traseen som vi forhåpentligvis kan ta neste år.



Som vanlig satser vi på å holde oss borte fra hovedvegen i størst mogleg grad. Den travle RV 15 mellom Lom og Vågå ser eg ingen grunn til å benytte meir enn høgst nødvendig på to hjul, så derfor syklar vi på nordsida av Vågåvatnet. Startpunkt er fra Lom, naturleg nok sidan vi kjem over fra Sognefjellet. Derfra er det berre til å krysse den lange brua over til nordsida av dalføret, og så går det opp og ned langs vatnet heilt ned til Vågå. Ein del av denne strekninga, omlag halvparten trur eg (Dvs. ca. 15 km.) er grus, men det er akkurat det vi har kjøpt grussyklar til. Vegen på nordsida er forresten adskillig meir kupert enn på sørsida, men det er uansett ikkje noko fjell vi skal over. 
Fra Vågå og mot Lom att, så er det gang/sykkelveg eit stykke, men vi må nok bite i det sure eplet og ut på hovedvegen ei mil. På Garmo er det påny gang/sykkelveg, og så kjem det geniale: Her tek vi ned mot vatnet att, og sykler Kollavegen istaden for den travle og hardt trafikkerte riksvegen. Her er det også grus, men igjen; Det er ikkje nøye, såsant utstyret er i orden.
Her kan vi krysse enda ei lang bru, evt. sykle opp att på RV 15 dei siste km. mot Lom. Her er det gang/sykkelveg, så vi får sjå kva vi finn på.

Ca. 65 km, og nokre hundre høgdemeter blir det. Håper eg.


Nr. 2:
Skulstadmo-Granvin-Skulstadmo.



Her har eg sykla før, heile traseen til og med. Men her er det så fint å sykle, at det burde være obligatorisk for einkvar norsk borgar å ta turen. Hvis vi parkerer oppe på Skulstadmoen ein stad, så kan vi få eit par km. ekstra også. Poenget med å sykle her, er at vi kan trille omtrent heile vegen uten å havne utpå sterkt trafikkerte vegar. Fra Palmafoss og nesten til Skjervet kan vi trille på den flotte sykkelvegen, der Hardangerbana tøffa seg avgarde for ein del år tilbake.
Vegen forbi Skjervafossen er eit must for alle norske syklistar, både opp og ned, og trafikken her er ikkje som den ein gang var.
Heldigvis. MEN; Det er ikkje bilFRITT. 
Det er det derimot når vi er komne inn att på den nedlagde jernbanetraseen heilt nede ved Granvinsvatnet. Fleire km. med flott sykkelveg, og gjerne på lange rettstrekker. 
Ein liten stopp med is og brus i Granvin, og så snur vi og tar turen opp att til Voss og Skulstadmoen. Tipper det skal bli ca. 65 km. her også, og ingen grusstrekker denne gang!


Nr. 1:
Ortnevik-Oppedal-Lavik-Nordeide




Nå snakker vi. Her krevs det ein smule logistikk, men etter å ha granska denne ruta ganske så inngåande, så har eg kome fram til følgande:
Vi køyrer til Nordeide. Parkerer der, og tar rutebåten over til Ortnevik. Om sommaren går denne rimelig ofte, så det skulle ikkje by på dei store utfordringane. Ortnevik er som kjent endepunkt for vegen på Sørsida av Sognefjorden, iallfall når ein kjem fra dei ytre deler av fjorden. I fjor var vi til endepunktet fra motsatt side, til Arnafjord, og det er nesten irriterande at det ikkje går veg mellom dei to grendene Arnafjord og Ortnevik i dag. 

Vel, vel.

Fra Ortnevik og til Oppedal er det ca. 5,5 mil, og her er det fleire lange og mørke tunnelar. Vegen mellom Oppedal og Ortnevik er forholdsvis ny. Den siste biten vart opna først i 1990, og sidan eg aldri har vore på desse kantar, så fins det vel ingen bedre måtar å oppleve nye vegar på enn fra sykkelen?

Det er fra Lavik og inn att til Vadheim som kan bli den verste biten. Dette er E39, og trafikken er heftig. Derfor er det greit å la alle bilar køyre ut av ferja først, før ein triller i kollosal fart mot Vadheim, der trafikken vil roe seg betraktleg. Men strekninga Lavik-Vadheim er ikkje så fryktinngytande som det kan høyres ut som. Ein syklar ganske langt på 20 minuttar (ferjeintervallet), og vi følgjer sjølvsagt den gamle traseen. Dei nye tunnelane er stengt for syklistar, og ein skal være ganske dust for å ville trille gjennom desse, framfor å velge gamlevegen langs fjorden. Totalt er det 25 km. fra Lavik til Vadheim, og forutan tunnelar for bilar, så er det også ein del gang/sykkelveg på strekninga. Heldigvis. 

Fra Vadheim og til Nordeide er det kun 15 km, og forbi Kyrkjebø er det også gang/sykkelveg.

Blir bra dette! Må berre hugse mange gode lykter....

Totalt vil dette bli ein sykkeltur på ca. 95 km, så her går dagen. Det er berre til å komme seg opp om morgonen, første båt går fra Nordeide kl. 0700 :-) Båtturen over til Ortnevik tek ca. 30 minuttar.

Eg gleder meg!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden