27-årsdagen.
28. desember er Kristoffer sin bursdag.
Han skulle og burde ha blitt 27 år denne dagen, men grunna vår gammaldagse og farlige narkotikapolitikk, så valgte han altså å ta sitt eige liv for åtte år sidan.
Kva gale han hadde gjort? Jo, røyka hasj sju ganger på fem månader. Fy og fy. Klart han må straffast og fratakast førarkort for slikt, sjølv om han aldri vart tatt for køyring i rusa tilstand.
Sidan eg fant han død på badegolvet i kjellaren, så har det skjedd svært mykje på rusfronten.
På den tid, tilbake i 2015, var det høgst akseptert å straffe folk for narkotikabruk. Dette har endra seg mykje.
Nå til dags er det langt færre straffesaker som vert oppretta for brot på legemiddellova, dvs. bruk av illegale rusmiddel.
Årsaka er at store deler av norsk politi har kome på bedre tankar, og innsett at slike bagatellsaker ikkje er noko særleg å bry seg om. Joda, det fins nokre høgrøsta stemmer i etaten som sutrer over "manglande verktøy" og klager sin nød i diverse lokalaviser, men dei skal vi ikkje bry oss om. ALLE desse stemmene kjem nemleg fra ekstremistorganisasjonen Norsk Narkotikaforebyggende Forening, tidl. NNPF.
NNPF ligg med broten rygg, men deira politiske fløy, Senterpartiet, lever dessverre i beste velgåande. Det er i dag kun SP og KRF som heilt og fullt står bak straff som verkemiddel i narkotikasaker. Det provoserer meg derfor enormt, og sårer meg utruleg når desse to partia vil ha ein fortsatt kamp mot narkotikabruk, basert på straff og forbod. Dei vil liksom ikkje innsjå realitetane; Nemleg at deira foretrekte politikk fikk ein livsfrisk og oppegåande 18-åring til å ta sitt eige liv.
Eg kan til ein viss grad leve med at avholdsrørslas dommedagsprofetar lagar eit helsikes hylekor når det er snakk om å endre vår farlige narkotikapolitikk. Dei lever jo av å lage skremselspropaganda på denne måten. Heile deira eksistens er basert på fortsatt forbud mot bruk av illegale rusmiddel.
Men som vi tidlegare har sett lever desse organisasjonane kun på offentlige tilskot sin nåde, medan det som verkeleg ville vore eit skadereduserande tiltak, rusmiddelanalyse, ikkje får ei føkkings krone i offentleg støtte.
Dette er heilt absurd.
Men det som altså ikkje er til å akseptere, er når eg ser politikarar, både lokalt, regionalt og nasjonalt, forsvare at vi må fortsette å straffe brukarane "som ikkje er tungt avhengige". Altså; Når denne politikken driver folk til å DØ, så forstår de verkeleg ikkje konsekvensen av den politikken de ønsker å føre.
Før var eg trist og deprimert.
Nå kjenner eg berre forakt for dei som vil oppretthalde straff mor brukarar av illegale rusmiddel.
Og sinne.
Forakt, fordi de ikkje har snøring på kva konsekvenser politikken dykker får.
Sinne, fordi den politikken de vil fortsette, tok livet av min nesteldste son, og indirekte gjorde meg til eit ufør vrak. DET er prisen vi måtte betale fordi det var så viktig å straffe Kristoffer tilbake i 2015.
I ettertid har det vist seg at politiet gjorde haugevis med feil i prosessen mot oss, noko som er beklaga av både ass. politidirektør og statssekretær. Det lokale politiet (Vest politidistrikt) har eg høyrt null fra, og vår ryggradslause justisminister går det jo ikkje an å forvente noko som helst fra, uansett kva det måtte gjelde. Ingen erstatning til oss som etterlatte. Ingen konsekvensar for dei som gjorde dei fatale feil.
Til tross for at omtrent alt som kunne gjerast feil, faktisk vart gjort. Med dødelig utgang.
Vel, åtte år har altså gått. Antaglegvis hadde Kristoffer i dag vore ein flink tømrar som kunne bygd hus rundt om i distriktet. Istaden har eg brukt kvelden til å skifte batteri i gravlykta hans. Nettopp fordi det altså var så viktig å straffe han.
Til slutt:
Alle de i Senterpartiet og Kristelig Folkeparti spesielt: Slutt med denne farlige politikken dykkar.
Den får unge menneske til å dø.
Til Arbeiderpartiet: Nå må de jaggu begynne å vise litt leiarskap snart, og ta tilbake den velferdspolitikken som faktisk er dykkar. Ta ansvar, bli kvitt den bakstreverske regjeringspartneren fort som f, og innfør ein human og kunnskapsbasert ruspolitikk. Dagens politikk er nemleg ingen av delane.
Gratulerer med det som skulle vore 27-årsdagen din Kristoffer. Vi saknar deg.
Walk on!
Kommentarer
Legg inn en kommentar