Norsk RUSpolitikk; Det er eit underleg skue.
7.1.2026: Har endra tittelen. Det er nemleg ikkje bare narkotikapolitikken som er rar i dette landet. Generelt sett kan vi karakterisere mange utspel om norsk ruspolitikk som underlige. Meir kommer.... Oppdatert 14.11.2025: Kontrastane i norsk narkotikapolitikk vert aldri så synlige som når moralens voktarar fra den vellykka voksengenerasjonen og liberalistane i Unge Venstre kjem på bana. For eit par veker sidan var det eit indignert innlegg fra eit bystyremedlem i Oslo om den sjenerande hasjlukta som nå openbart brer seg over byen. Fysj og fy, hasjlukt! Personleg foretrekker eg lukta av joint i 11 av ti tilfeller framfor vanleg sigarettrøyk, uten at eg har prøvd noko som helst av hasjprodukt nokon gang. Tobakk har eg imidlertid prøvd, men dei tider er forbi. Heldigvis. Ein anna bieffekt er at vanleg tobakk kan ein døy av, det gjer ein ikkje av hasjrøyking. Innlegget er ellers prega av at det nå virker som hasj er over alt i Oslo, og at politiet openbart ikkje har mid...