Seriesnakk, vinter/vår 2024

 Da er det på tide å slenge seg over tastaturet igjen, fjernt fra alt som minner om ruspolitikk, sykling og andre fritidsinteresser. I kveld tar vi nemleg ei lita oppsummering av TV-seriar fra siste månadane, dvs. TV-seriar som er verdt å bruke dei kommande regnfulle sommardagane på.

Tre av dei er nya av året, medan den siste som blir omtalt ikveld er nokre år gamal. Mange har sikkert sett  desse seriane også, men igjen: Når sommaren kjem med regnet sitt, så kan det være nokre tips for dei som IKKJE har sett dei.

Vi byrjar med den som kom først i vinter, tilbake i januar, sesong fire av True Detective, denne gang med undertittel "Night Country".


True Detective vil eg påstå er ein kvalitetsserie. For den som ikkje kjenner til konseptet, så er kvar sesong frittståande fortellingar, og såleis utan samaheng med kvarandre. Årets sesong bestod av seks episodar, og var plassert i den fiktive byen Ennis i Alaska. Vi møter politisjef  Danvers, meisterleg spelt av Jodie Foster, samt hennar meir eller mindre motvillige kollega Navarro, like framragande spelt av tidlegare boksar (!) Kali Reis.

Handling:
Det er rett før jul, og mørketida kjem sigande. Sola dukkar opp att utpå nyåret ein gang, men fram til da, er det mørkt og dystert i den vesle gruvebyen. Utanfor bykjernen, eller rettare; I isødet nokre km. fra næraste hus, held ein forskningsstasjon til. Her skal det skje noko svært brutalt og høgst uventa, da samtlige forskarar blir funne døde ute på isen neste dag.
Kva har skjedd? 
Det skal Danvers og Navarro finne ut av, og den eine mørke historia i den vesle byen vert gravd fram.
Konfliktar mellom urbefolkning og gruvesamfunnet, miljøhensyn, familekonflikter....joda. Her dukkar det opp masse grums etter kvart.
Om serien er bra? Ja, den er faktisk heilt knall. Den einaste feilen var faktisk at den burde vore eit par episodar lengre. Slutten kom litt brått på, men alt i alt var dette ein ny god sesong av True detective. Eit snev av mystikk, overtru og onde krefter som vi ikkje rår over, men uansett svært god underholdning.
Night Country er å finne på HBO Max, som det vel heiter nå. Mykje av serien er forresten innspelt på Island, og altså ikkje i Alaska.

Serien har fått svært gode kritikkar, så det var ikkje berre eg som likte denne,



Neste serie eg begynte å følge, var på samme strømmetjeneste, dvs. HBO Max. 

HBO Max påstår sjølv at dei lager kvalitetsserier. Vel, denne saken derimot, fikk ei blanda mottaking. T.d. gav NRK sitt Filmpoliti den terningkast 1, og meinte at den ikkje var morsom i det heile tatt. Eg er ofte enig med Filmpolitiet, men ikkje i dette tilfellet. Eg likte The Regime svært godt. Den vart slept ut fra begynnelsen av mars i år.

Handling:
Vi skal til eit navnlaust fiktivt land i Mellom-Europa ein stad. Der hersker den mildt sagt eksentriske Elena Vernham (Kate Winslet), med stadig meir totalitære og halvgale innfall. Hennar regjering og ektemann, er ein gjeng spyttslikkande nikkedokker, som kun prøver å innynde seg sjølv, gjerne på bekostning av andre regjeringsmedlemmer. Inn i dette dysfunksjonelle menasjeriet kjem ein mentalt forstyrra korporal fra landets elitestyrker. Han har vært med på å slå ned spirer til opprør med hard hånd, men brått finn Elena ut at HAN skal bli hennar nye....skal vi sei...rådgjevar. 
Korporalen er som ein slags blanding av den gale russiske munken Rasputin fra den siste tsaren si tid, samt ein moderne form av ekstrem alternativ medisin. Han er vodleg, lir av openbare personforstyrringar, og får etterkvart svært stor påverknad på Elena sine politiske strategiar.
La oss berre sei; Dei råda er ikkje alltid spesielt smarte.
Vi følgjer så det stadig meir forstyrra statsoverhovudet på veg til undergangen, medan hennar regime smurldrar opp rundt ho. Ein ferd inn i politisk galskap.

Dette er politisk satire, og dermed ikkje alle sin kopp te. Serien er spelt inn i eit slags museumspalass i Østerrike, derav dei storslåtte bygningane. Her er det ikkje spart på noko, men det er altså for det meste ekte salar, korridorar og kva som ellers måtte være i eit palass. 
Kate Winslet er som vanlig absolutt briljant i rolla som stadig meir paranoid statsleiar. Alle personane rundt ho bleiknar i forhold, noko som sikkert var hensikta av serieskaparane også.

Seks episodar vart det plass til, og sjølv om eg likte The Regime, så har mottakinga vore langt meir lunken enn til Night Country. Vel, dei om det. Ein må kanskje like politisk satire for å ha eit visst utbytte av dette.



Neste serie er av noko eldre dato, men sidan Kate Winslet var så god i The Regime, så måtte eg prøve ut Mare of Easttown også, ikkje overraskande eit forslag fra HBO Max når eg var ferdig med The Regime :-) Mare of Easttown består av sju episodar, og i tittelrolla som "Mare", finn vi altså Winslet i ein rolle lysår fra den som forvirra statsleiar.


Handling:
Vi skal (atter ein gang) til den fiktive småbyen Easttown i Philadelphia. Her finn vi etterforskaren Marianne (heretter kalla Mare), som slit med eit mildt sagt komplisert privatliv, samt ei eldre uløyst forsvinningssak. Livet vert ikkje lettare når ei ung jente vert funne drepen etter ein fest i skogen. Byens innbyggarar krever fortgang i etterforskninga, både av drap og forsvinning, og Mare som leier etterforskninga av begge sakene, må verkeleg bruke all sin kløkt og (manglande) diplomatiske evner.
Som i småbyen oppe i Alaska fra Night Country, dukkar det opp den eine mørke løyndommen etter den andre. Mare må grave seg ned i venner og familie sin djupaste og mørkaste sider for å komme i til botn i sakene, og la oss berre sei at alt går ikkje direkte smertefritt for seg.


Mare of Easttown kom ut i 2021, og det er direkte pinleg at eg ikkje har tatt meg tid til å sjå dette kriminaldramaet tidlegare. Dette er milevis fra å være ein lettvint krimserie som det går 13 av på dusinet, slik som vi har sett på haugevis av TV-kanaler i nokre tiår.  Her er det eit mørkt og dystert samfunn som gradvis vert avdekka, og helten sjølv er langt fra feilfri. 
Mare of Easttown har fått svært gode kritikkar, og det er snakk om ein ny sesong, som eg virkeleg håpar det blir noko av.



Så går vi over til kveldens siste korte serieanbefaling, og den såg eg faktisk ferdig i går. Den er på Disney+, og er noko så utradisjonelt som ein middelaldersk klosterkrim. Ikkje kvardagskost!


Handling:
Vi skal tilbake til den engelske reformasjonstida på første halvdel av 1500-talet. La oss berre sei at denne ikkje gjekk spesielt roleg og diplomatisk for seg. 
På denne tid er Thomas Cromwell kongens høgre hand, og han er ikkje nådig med dei som står imot reformasjonen. Han har stor makt, og er villig til å bruke alle midlar til å få det som han vil, under påskot av at det er kongens vilje. (Kven er kongen vil du spørre? Jo, ingen andre enn Henrik VIII)
Reformasjonen, som bl.a. innber nedstenging av alle katolske kloster, og overdraging av dei nevnte klostra sine verdiar og eigedommar til kongen, møter mildt sagt stor motstand. Cromwell sine representantar er av den røffe sorten, og blir gjerne møtt på samme måte. Ein slik representant er no blitt tatt av dage i eit avsidesliggande kloster, av ein ukjent gjerningsperson. Cromwell må derfor sende ein ny representant for å nedlegge klosteret, overføre rikdommane, og ikkje minst; Løyse ei drapsgåte. Enter vår helt Matthew Shardlake, født med ein fysisk skavank, men med eit godt hovud. Det vert denne skarpsindige juristen si oppgåve å spore opp ein drapsmann i eit kloster der INGEN er spesielt interessert i å samarbeide med han. 


Shardlake er bygd på ein stor bokserie av samme navn, der den fiktive Shardlake er satt inn i historisk samanheng, og i historiske hendingar. Det gjer at vi forhåpentligvis kan forvente fleire sesongar med mørke kloster, skumle figurar og grufulle handlingar. 
For dette var bra! Med eitt unntak; Shardlake var på kun fire episodar, noko som var altfor lite for ein så god serie. 



Vel, korleis skal ein oppsummere desse fire seriane? Alle sammen er veldig bra, kort og godt. 

Eg gir like godt terningkast 

til alle sammen. Dei er ulike, men gir oss god underholdning. For fans av romantiske komediar er det lite å hente i nokon av dei fire, men det visste du vel på førehand hvis du ville lese denne posten....
Ingen av seriane er likevel på nivå med The Last of Us, Sandman eller The Watchmen, som eg har gitt terningkast seks til tidlegare, men dei er absolutt sjåverdige for det.

Enjoy! For snart er det ferie, da kjem regnet og kva skal vi ellers finne på enn å sjå TV?

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden