Ein tur med toget: Raumabanen

Etter fjorårets store suksess med min serie om forunderlege, spennande, unødvendige og gjerne nedlagde jernbanestrekningar, så må eg lage ein ny post om ei bane som eg OMSIDER har fått gleden av å køyre med; Sjølvaste Raumabanen!
Dette er ein tur eg hadde gleda meg til i mange år, og nå i midten av mai nytta høvet seg.
Sjølvsagt reiste vi ikkje Åndalsnes berre for å ta toget. Neida, dette var berre avslutninga på den fine bilturen opp til Dombås, samt den makelause sykkelturen dei 108 km. fra Dombås stasjon, og ned til Åndalsnes.
Det vil ganske sikkert komme ein eigen post om det, når årets mest minneverdige sykkelturar skal oppsummerast utpå hausten ein gang. 

I dag altså; Kun om togturen.



Raumabanen er enda ein av desse banestrekningane som garantert aldri hadde blitt bygd i dag. Den går gjennom eit heller grisgrendt strøk, det går ikkje akkurat fort, banestrekninga er ikkje spesielt komfortabel, og da vil sikkert mange lure på; Kvifor er ikkje denne nedlagt?

Det er grunna naturen. Til tross for at dei fastbuande sikkert velger meir "moderne" framkomstmiddel, dvs. bil, så har Raumabanen sin eksistens nettopp grunna sin spesielle trase. I Åndalsnes er det da også eit yrande turistliv, og på stasjonen Bjorli vil eg formode det er eit visst belegg med skientusiastar om vinteren. Slike turistmengder må føre til ein del trafikk med bana.
Traseen i seg sjølv er også ganske så spesiell: Nede i Romsdalen går bana mellom dei høge fjella og utallige fossefalla, før det byrjar å stige opp mot landets mest særegne jernbanebru; Kylling Bru.



Brua er ein del av den unike måten å komme seg opp i det bratte terrenget mellom Verma og Bjorli. Når ein er komen over brua, går bana såleis i retning mot Åndalsnes, før ein går inn i ein vendetunnel mot Dombås att. Slike vendetunnelar finner vi ikkje så mange av her i landet, kun på Dovrebanen og Flåmsbana såvidt eg kan komme på i farten. Den blå sirkelen på kartet over markerer denne spesielle måten å forsere bratt terreng på for eit tog.

Når ein ser bildet av Kylling Bru, så tenk da på at denne vart ferdigstilt i 1923, etter ni års byggetid. 
Raumabanen stod ferdig året etter, så da får vi håpe at NRK sender "Raumabanen minutt for minutt" snart :-)
Som så mange andre banestrekningar, så skulle også denne forlengast, til Ålesund og Molde. Ikkje berre det, det vart endatil vedtatt på Stortinget, den gang i 1923. 101 år seinare, har det ikkje blitt bygd ein meter ny skinnegang vidare, og det kjem sjølvsagt aldri til å skje heller, fordi det er lettare å vedta vegbygging.


Vel, da har eg ikkje så mange jernbanestrekningar igjen å ta, men det spørs vel om eg nokon gang får reise med Ofotbanen, Meråkerbanen og Bratsbergbanen. Kanskje hvis eg kan kombinere dei med ein sykkeltur??? Raumabanen var iallfall vel verdt å vente på!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden