Topptrimmen 2023 - 2025: Børesteinen
Fra det som var ein 2000-meters topp på lørdag og ganske så langt fra å være familievenlig, til den langt meir overkommelige Børesteinen. Kontrastane er store når Luster Turlag snekrer i hop sine ti toppar, og det er akkurat slik det skal være. Fra ein grensetopp laaaangt inne i Jotunheimen, der vi må køyre i halvannaa time først, så gikk turen i kveld til Børesteinen, omtrent midt i kommunen. Denne fine og populære toppen er beliggande rett over Lustrabøgdi, med flott utsikt utover fjorden, og sanneleg seier eg dykk; det er også mogleg å sjå dei gamle fjell i syningom der inne i Hurrungane. Sidan eg arbeider turnus, og må tilpasse trim og turar etter det, så vart det ein sein start på toppturen til Børesteinen. Først kl. 1857 om kvelden fikk eg starta Polarklokka oppe på hyllegarden Berge i Luster. Utfra klokka skal dette være ca. 370 moh, og så går det rett oppover. Normalt liker eg ikkje å gå i skog, men opp her er eit hederleg unntak. Her går ein nemleg i mykje eld...