Topptrimmen 2023 - 2025: Børesteinen
Fra det som var ein 2000-meters topp på lørdag og ganske så langt fra å være familievenlig, til den langt meir overkommelige Børesteinen.
Kontrastane er store når Luster Turlag snekrer i hop sine ti toppar, og det er akkurat slik det skal være. Fra ein grensetopp laaaangt inne i Jotunheimen, der vi må køyre i halvannaa time først, så gikk turen i kveld til Børesteinen, omtrent midt i kommunen.
Denne fine og populære toppen er beliggande rett over Lustrabøgdi, med flott utsikt utover fjorden, og sanneleg seier eg dykk; det er også mogleg å sjå dei gamle fjell i syningom der inne i Hurrungane.
Sidan eg arbeider turnus, og må tilpasse trim og turar etter det, så vart det ein sein start på toppturen til Børesteinen. Først kl. 1857 om kvelden fikk eg starta Polarklokka oppe på hyllegarden Berge i Luster. Utfra klokka skal dette være ca. 370 moh, og så går det rett oppover.
Normalt liker eg ikkje å gå i skog, men opp her er eit hederleg unntak. Her går ein nemleg i mykje eldre furuskog, noko som er ca. 1000 ganger bedre enn å labbe omkring i store felt med "pøbelgran", der alt som heiter skogbotn er død. I denne gamle furuskogen er det derimot mykje liv. Her er det grønt og frodig, fuglelåt og alt er som det skal være i ein skog.
Etter ca ein km. og 250 høgdemeter, så kjem ein til den (forlengst) nedlagde stølen Ferestad. Her er det laga til ein postkassetrim, så eg tok meg tid til å hake av den.
Herfra er det ca. halvannan km. og nye 360 høgdemeter til Børesteinen. Som vi forstår, så er det ein ganske så kort tur, men høgdemetrane skal nå forserast likevel.
Stien opp til Børesteinen er merka fra Berge, og den er tydeleg mykje brukt. Det gjer seg utslag i ein del slitasje på naturen, spesielt mellom Ferestad og Berge, der mange smartingar tek snarvegar mellom svingane. I ein ideell verden hadde sjølvsagt alle fulgt stien, men slik er det nå ein gang ikkje.
Det er først dei siste 500 metrane, som også inneheld over 150 høgdemeter, at det blir krøkkete å gå. Her vil det være litt utfordringar for dei som er små, men forhåpentligvis har dei mindreårige som går her, med seg nokre vaksne som kan bistå.
Så er ein oppe. Eg hadde lagt opp til å "bestige Børesteinen" på halvannan time, men etterkvart som bein fungerte, så sleit eg meg opp på under timen fra bilen, og da var eg fornøgd. Joda, pusten gikk jo som på ein kolsramma blåkval, men slik er det når ein ikkje er ein ungfole lengre.
Utsikta fra Børesteinen var akkurat like flott som eg hugsa det fra dei gangene eg har vore der tidlegare. Dette må være ein av dei lettast tilgjenglige utsiktspunkt som vi har i kommunen. Usle 998 moh, (iflg. Postkassetrimmen) men for eit flott utsyn!
Da var det berre til å klippe kort, skrive navnet sitt i turboka, som nr. 775 trur eg det var, skifte og ned att til bilen.
Det var, ikkje overraskande, verre å komme seg ned det kronglete partien rett under toppen, enn det var å komme seg opp der. Etterkvart som åra går, så vert ein ikkje berre stiv, støl, feit og lat. Ein vert også ganske pysete.
Derfra og ned gikk det greit, og enda ein gang uten at knea byrja å verke for ille. Dette ser lovande ut!
Børesteinen er altså ein fin og lett topptur. Langt dei fleste av topptrimmarane har såklart vore på denne staden tidlegare, kanskje som ein del av tur til Kinnfokfjellet, den gang det var ein topptur??
Stien opp er merka, heilt nede fra parkeringsplassen på Sjukestova, men også fra Berge. Eg er kjend med at det er satt opp eit skilt om at køyring opp til Berge og Børesteinen ikkje er ønskeleg, men nå skulle eg også kjøpe honning i samme slengen, så da så.
Spøk til side: Eg spurde grunneigar på Berge om han hadde noko imot at folk køyrde opp dit, og det var heilt ok for hans del. Det er laga til ein liten parkeringsplass der oppe, og ei oppfordring til å vippse kr. 50,- Eg tok likegodt å vippsa ein hundrelapp, for kva er ein 50-lapp i dag? Vil oppfordre alle andre topptrimmarar til å gjere det samme. Det fortjener velvillige grunneigarar, synes nå eg da.
Da var Topptur nr. fire i boks. Framleis bak skjema, men med godt vær og gode bein, så skal det bli ein to-tre til i sommar/høst.
Oppsumering av turen:
5,2 km. gange. (Ingen sykkel denne gang, dessverre)
610 høgdemeter.
To timar og åtte minuttar fra bil til bil. Det er inklusiv alle pausar, som denne gang var på ialt 15 minuttar.
Kommentarer
Legg inn en kommentar