Topptrimmen 2023 - 2025: Simlenosi

 Vel, vel.

Vi prøver i år igjen.
Ein vinter med litt postkassetrimming har kanskje gjort at det kan ruslast litt i fjellet likevel??

Nøyaktig eitt år etter forrige topptrimtur, til Holmevassnosi, var det på tide å prøve igjen. Kun tur nr. to av ti, så her i gården ligg vi godt etter skjema. Dog, det burde ikkje by på problem å ta dei åtte siste turane heller, såsant helse og vær speler på lag.


Simlenosi er ein 1766 meter høg topp i Jotunheimen. Det høyres jo ut til å være ganske så heftig, men denne toppen blir som ein mygg i dette nabolaget. Naboar er bl.a. Styggedalstind og Fanaraaken, som begge er over 2000 moh.
Men det treng ikkje være høgt for å være bra! Simlenosi er nemelg ein topp som gir fint utsyn, og eg tør påstå å være rimelig grei å bestige.

Tysdag 9.7.2024 kl. 0930 starta vi fra parkeringsplassen ved Turtagrø, på ca. 880 moh. Været var på dette tidspunkt langtfra det beste, med skoddedottar langt ned i fjellsidene. Men det var meldt opphold og klarvær, endatil med solgløtt utover dagen. Dette skulle nok gå bra.

Som mange kanskje veit, så går det ein privat og enkel veg innover Helgedalen, dvs. det dalføret vi skal gå for komme til Simlenosi. Denne vegen er sperra med bom, og er heldigvis ikkje open for ålmenta når ålmenta køyrer bil. Vi hadde med oss syklar, og det kan benyttast heilt fint innover i dalen. Vegen er av grei standard å sykle på, og ein kan trille heilt  opp til 1280 moh. Vegen svingar seg opp bratta inne i dalbotn, og utan klikkpedalar og kun med den gamle terrengsykkelen, så var det best å trille sykkelen opp fleire bratte parti. Litt seigt var det jo, men vi visste at det ville gå radig heim igjen.
Eit tips dersom du tek med deg sykkelen, er at du syklar heilt opp til der vegen tek av fra Sognefjellsvegen. Den stien som mange går, fra den store svingen rett etter Turtagrø, er uegna å sykle. Det var gjømete og mykje uframkommelig. Ta heller og trill dei 500 metrane ekstra oppover Sognefjellsvegen før du tar av. Det vil garantert lønne seg. 

Når vegen er på sitt høgste punkt, så kan du parkere sykkelen der. Dette er midt mellom to vatn, eit navnlaust  regulert på ca. 1250 moh og Skautevatnet på 1273 moh. 
Her står det ein slags stolpe, og her er det endatil ein slags sti å skimte oppover mot Simlenosi. På kartet er det tegna inn ein sti heilt nede ved det navnlause vatnet, men den går inn Styggedalen, og dit skal du altså ikkje. 

Startpunkt for å gå var altså heilt oppe på 1280 moh, og sjølv om det framleis var nokre skoddedottar her og der, så var været i bedring. Vi tok sjansen!
Terrenget var lett og fint å gå i. Det var kun eitt parti som kunne seiast å være bratt, og det var etter ca. ein km. gange. Her kan det være gunstig å holde ein smule inn mot Styggedalen, slik at ein kjem greit opp på fjellryggen som fører heilt til toppen. 

Her er det berre til å gå oppover, og som vanleg er det aldri den første toppen du ser. Neida. Toppunkt er nesten to km. i luftlinje fra der det bratte partiet sluttar. Kan forresten nevne at det var ca. 2400 m. fra vi parkerte syklane og opp til toppunkt. I luftlinje.

Nå hadde skydekket letta betraktleg, og da vi kom på toppen var det flott utsyn ned att i Gjertvassdalen. Her og der kunne vi gå i nokre nysnøparti, men stort sett vil eg sei at dette var ein veldig grei fjelltur. Nokre steinete parti var det, men ikkje noko å sutre over. 
Dei fem gradene på toppen innbaud ikkje til solbading, så det var til å klyppe kort, skrive navnet i toppturboka, skifte klede og komme seg  nedover att. Nå var skydekket letta slik at det var storslage utsyn nedatt mot Helgedalen og Sognefjellsvegen. Og så må vi ikkje gløyme Styggedalsbreen da! Denne brearmen har trekt seg tilbake fleire hundre meter, og landskapet er mildt sagt prega av det. Verdt å ta ein kikk på alle morenene som ligg att!

Nede ved syklane igjen, var det berre til å ta på seg hjelm, og trille dei 400 høgdemetrane igjen, men denne gang i nedoverbakke, noko som viste seg å være langt lettare enn å ta dei i motbakke. Rare greier det der. 


Det tok oss ein time og sju minuttar å sykle dei 6,5 km fra Turtagrø, inn til der vi byrja å gå. På denne distansen fikk vi over 400 høgdemeter, der nesten 300 av dei kom på dei siste 2,5 km. Tungt? Såklart. Men totalt var det adskillig tid å spare på å ta med seg syklane, sjølv om vi måtte leie dei eit par km. på slutten. 
Gådelen vart på 5,4 km. og 518 høgdemeter. Det tok oss ein time og 20 minuttar å gå til toppen, totalt fra Turtagrø ca. tre timar, og da hadde vi mat og tåkepause inkludert. Bevegelsestid vart på knappe 2,5 timar.

Total distanse vart 18,5 km. fra Turtagrø, der av 13 km. på sykkel. Igjen: Ved å bruke tohjulingen, så sparte vi mykje tid. Eksempelvis brukte vi kun 36 minuttar nedatt til Turtagrø, og vi slapp å gå ned Helgedalen.... Den smarte lesar vil såleis ha forstått at eg sterkt anbefaler å sykle inn, så langt ein gidd, og aller helst heilt til den før omtala stolpen, sjå foto lenger nede i posten. Dette vil du spare mykje tid på. Berre ta det med ro nedatt, og hugs for all del hjelm!!


Konklusjon: Simlenosi er ingen kort tur, med totalt 18,5 km. fra Turtagrø, og 940 høgdemeter. Tidsbruk vart tilslutt ca. 5,5 timar, og det er medrekna alle pausar, noko som ikkje var reint få.
Ein KAN snike seg med bil innover eit lite stykke, men kva er vitsen? Og kor populært er det for vegeigarane?
Mitt krystallklare råd er altså å parkere på Turtagrø, sykle opp Sognefjellsvegen til ein kjem opp til vegen innover Helgedalen, og fortsette å sykle så langt ein klarer. Det er ein svært fin sykkeltur innover dette flotte dalføret!

Som bonus vil eg nevne at knea mine var heilt fine, og at eg dermed kjem til å prøve meg på nokre toppar til. Det burde vore sykkelvegar inn til alle fjell, spør du meg.

PS: For meir detaljar om turane mine, så kan du følge meg på Strava.


Bilder: 


Her skal du sykle innover. Dette er ein veg, medan stien 500 meter nærare Turtagrø er ein...ja...sti... og ikkje anbefalt for sykling.



Dette bildet er tatt fra der vi parkerte syklane, på ca. 1280 moh. Bildet er tatt mot den vegen vi kom, fjellet er Fanaraaken, og når du ser denne stolpen, så trenger du ikkje å sykle lenger.
Bilen? Den har eg ingen kjennskap til. Den stod der da vi kom.


Det er ikkje kvar dag ein kan parkere sykkelen sin, og få ein slik spektakulær bakgrunn. Det er Styggedalsbreen vi ser der.

På veg nedatt måtte eg berre stoppe for å ta dette bildet. Det er igjen Fanaraaken vi ser, og kanhende får du også eit inntrykk av korleis vegen svingar seg opp i dalbotnen.




Ned Helgedalen.


Her er fra toppen, og bildet er tatt ned mot Gjertvassdalen. Som ein ser var ikkje det heilt skyfritt da vi var der, så derfor gadd eg ikkje ta så mange bilder den andre vegen. Tåke kan vi fint klare oss uten, også på bilder.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden