Innlegg

Viser innlegg fra september, 2024

Topptrimmen 2023 - 2025: Sveidalsnosi

Bilde
 Tid for topp nr. seks for mitt vedkommande i inneværande periode av Topptrimmen. Nokre av dei meir krevande turane er allereie tatt (Stetinden og Tverrdalstind), men to av nokolunde samme kaliber står att. Søndag 1.9.2024 var det på tide å avlegge ein av dei, Sveidalsnosi, eit besøk. Det var meldt eit flott vær, og ein slik sjanse kan ein ikkje la gå ifra seg. Etter ein august med konstant regn, og ikkje høve til ein skikkelig topptur sidan månadsskiftet juli/august, så var denne strålande haustdagen svært velkommen. Sveidalsnosi er beliggande mellom dalføra Mørkridsdalen og Fortunsdalen, og hevar seg 1711 moh.  Startpunkt er fra kraftstasjonen på Fivlemyrane, ca. 1040 moh. Så da er det berre 700 høgdemeter å gå da kanskje? Neida, men det skal vi komme attende til. Når bilen var parkert like ved stasjonsbygget, så var det berre til å gå den merka DNT-stien mot Arentzbu. Nå skal ein ikkje gå heilt dit dersom ein skal til Sveidalsnosi, men stien opp fra Fivlemyrane kraftverk, er nok den