"Everstingbakken i Luster"

 Huh...?
Everestingbakken...kva er det?

Jo, dette er ein fin øvelse for den som vil. Men først må vi finne ut kva den første delen av ordet er. Nemleg "Everest".
Det er nemleg Mount Everest vi snakker om her. Klodens høgste fjell, om vi måler fra havflata.
Dei aller færraste av oss kjem nokon gang opp på dette 8849 meter høge fjellet, så derfor har vi eit anna konsept, nemleg å klatre samme høgde, men på ein meir human måte.

Du finner nemleg ein bakke, kor lang eller bratt den er, ja det er opp til deg. 

Så skal du sykle denne bakken opp, og følgelig også ned, gjentatte ganger, til du har nådd samme høgde som Mount Everest. Det er lov med pausar, og kor lang tid du bruker er også likegyldig. Men det er likevel eit par reglar som du følge, dersom du skal få forsøket ditt godkjent. Det er ikkje lov å sove medan bestigninga pågår. Det er heller ikkje lov å sykle ei rundbane, dvs. bakken du sykler ned, må være den samme som opp.

Kvifor tar eg opp dette tema? Jo, fordi ein er ikkje nødt til å køyre full Everesting, det er tross alt for dei sprekaste av oss. Men her lokalt har vi mange bakkar å velge mellom, for ikkje å snakke om haugevis av fjell som vi kan bestige.

For nokre år sidan, i før-coronisk tid, tok vi t.d. ein "Molding", som eit slags prøveprosjekt, men det kan utmerka godt utvidast til ein "Vangsing", "Fanaraaking" eller den toppen du sjølv vil. 
MEN; Hvis du velger å gå for ein fullskala Everesting, så havnar du også inn i "Hall of Fame" til den offisielle "Everesting-klubben". Spesielt stas hvis du er den første til å sykle akkurat DEN bakken.

For meir om reglar og korleis du vil fullføre ein "Everesting", så kan du besøke nettsidene deira.

I vår kommune kryr det som sagt av mange, og gjerne både bratte og lange bakkar. Vanndalen, Turtagrø, Styggevatnet m.fl. Vi har også langt kortare bakkar, som kommunens mest brukte, Nesbakken.
Problemet med dei nemnde er at Vanndalen og Turtagrø har mange svingar. Det betyr mykje nedbremsing. Styggevatnet har ikkje så mange svingar, men vegdekket er dårleg, og det er ikkje mobildekning der. I Vanndalen er det mobildekning, men også der er vegen skral. Og ikkje få meg i gang med Fagredalen....Ein fin tur, javisst, men ikkje egna til å sykle opp/ned i 20 timar, grunna elendig vegbane og dårlig dekning.
Nesbakken er sjølvsagt eit godt forslag, men den blir for kort igjen. Skal ein sykle 8849 høgdemeter her, så blir det så mange ganger at ein blir godt fornøgd til slutt... (Nesbakken stig 51 høgdemeter, så da blir det altså 174 turar opp. Og ned.) Dessuten er det ein del trafikk der.

Opp Fv. 55, fra Tangaflati til Uglo er i utgangspunktet ein flott bakke, men det er ikkje særlig gunstig å bevege seg ut på denne strekninga, som har mykje trafikk og 80-sone. Om ein syklist ikkje er dårlig likt fra før, så vil ein iallfall bli det da.


Nei, den beste plassen for ein "Everesting", Molding", "Vangsing" eller kva det enn måtte være, er gamlevegen opp Indre Hafslo. Snart kjem det ny asfelt her, og vegen framstår i heilt ny drakt om kun ei veke. Visstnok. 
Her er det nedsatt fartsgrense, trafikken er moderat, og ein arrangør kan lage til kvilestasjon midt i bakken. Ergo: Den perfekte bakke! Det er ikkje ein gang noko særleg behov for å bremse når ein skal nedatt, ok, litt bremsing blir det vel :-) men ikkje slik som i hårnålssvingane ned Turtagrø.

La oss derfor sjå på dei tørre tal om "Everstingbakken i Luster".


Det er sikkert mange som foretrekker lengre bakkar. Eller kortare. Eller brattare. 
I mine auge, er denne bakken den beste stad for ei slik bestigning som vi har her i kommunen. Den har i tillegg til dei punkt som er nevnt over, også ei svært sentral plassering, for dei fleste av oss som bur her iallfall. 

Startpunkt:

60-skilta rett etter busstoppen på Tang. Google har ikkje oppdatert gatekameraet sitt dei siste par åra, men dette skulle være overkommelig å finne. Den kvite streken er sjølvsagt kun lagt på bildet. Lite smart å male kvit stripe der nå som det skal asfalterast. Det er også lett å snu her, på nedsida av skilta, da det er ein bussholdeplass, med god plass til å snu sykkelen.


Vendepunkt:

Den lyktestolpen er grei å bruke som vendepunkt. Det er dessuten god plass til å snu rett etter.


Så da attstår berre svaret på det evige spørsmål: Kor mange ganger må eg sykle opp her for å bestige Mount Everest??

8849 : 164 = 53,9. Det avrunder vi til 54.
Det blir ca. 150 km. opp. Og 150 ned :-)


Velger du den meir moderate varianten med å bestige Molden kanskje??
1118 : 164 = 6,7. Avrunda til sju turar opp. Det blir 19,4 km i motbakke.

Vangsen? Den er 1757 moh.
1757 : 164 = 10,7. Avrunda til 11 turar opp, tilsaman 30,5 km. i motbakke.

Fanaraaken da. Den er 2068 moh.
2068 : 164 = 12,6. Avrunda til 13 turar opp, tilsaman 36 km.

Eller la oss gå for ein "Storing", dvs. kommunens høgaste fjell, Store Skagastølstind, 2405 moh.
2405 . 164 = 14,7. Avrunda til 15 turar opp, og dermed 41,5 km. sykling.


Lykke til!!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden