Topptrimmen 2023 - 2025: Falkanosi
Normalt pleier vi kanskje ikkje gå toppturar så seint på året, og iallfall ikkje til fots, men når været tillet det....kvifor ikkje?
Vi har gått fin topptur i oktober, og september kan dermed like gjerne være ein flott månad både til fjellturar og sykkelturar.
Så, nå laurdag 21.9. var det meldt strålande vær, så da hivde vi oss rundt og bestemte oss for å gå på Falkanosi, beliggande i fjellområda mellom Lustrafjorden og Årdal. Utfra Topptrimkortet, så er dette ein overkommeleg sak, på moderate 1559 moh. Vi valgte å gå fra Stokkesete, ca. 740 moh, som er beliggande langs ein av landets flottaste fjellovergangar, Tindevegen.
Sidan det nå begynner å mørke litt for tidleg på kveldane, så var det viktig å komme seg avgarde fra morgonen av, men heller ikkje for tidleg, da det er tjukk tåke langs fjordar og fjell nå.
Ved ankomst Stokkesete, så var det greit å parkere langs avkøyringa til Tindevegen. Ingen vits i å snirkle seg bort på stølsvegen som kan spare oss 100 meter gange. Vi hadde vore i dette området tidlegare, den gang vi gikk på Gruvefjellet ein glovarm sommardag for nokre år sidan, og følgde samme rute ca. 1,2 km. fra bilen. Alt da var vi komne opp på ca. 920 moh, utan at det hadde vore slitsomt. Det er sti fra Stokkesete og oppover langs Stokkesetelva eit stykke, men ein må også krysse ein del myrområder som ein ikkje kan unngå å bli blaut i, iallfall ikkje etter ein regnfull august. Stien liksom forsvant på eit slags mystisk vis da vi var komne forbi der vi kryssa elva til Gruvefjellet. Det er jo ikkje til å komme forbi at det nok er langt fleire som velgjer å gå til Gruvefjell, med den historia som der er.
Terrenget vidare inn dalen er fint og slakt stigande, og eg tør påstå at her var det veldig fint å gå. Vi gikk på høgre side av Stokkesetdalen heile vegen innover, og kunne derfra sjå bort på Stokkesetbandet. Der låg tåka framleis, men inne i dalbotnen var det også ein sti som dukka opp igjen, og det var endatil satt opp nokre enkle vardar her og der. Fra avstand såg det litt vanskeleg ut å komme seg opp på bandet, men vi følgde berre stien, så det gikk heilt fint.
Oppe mot bandet låg tåka nå, men det var eit godt drag i lufta, og det letta for kvart sekund. Da vi gikk opp mot den store og markerte varden, så kunne vi ikkje sjå kva som var bakom, men berre på eit par minuttar opna alt seg. Vi kunne sjå alt som fantes av fjell og dalar i mils omkrets, og sjølvsagt også bort på målet for turen, Falkanosi. Fra Stokkesetbandet holdt vi ein smule til høgre i terrenget, slik at vi skulle slippe å gå for mange høgdemeter ned att. Det er to vatn som ligg her, på hhv. 1255 og 1339 moh. Mellom desse tre er det tre bittesmå vatn til, som bar preg av at sommareen hadde fordampa mykje av vatnet i dei. Desse gikk vi omlag i høgde med, og så var vi allereie komne til foten av den siste delen av toppen.
Bratt? Javisst, men likevel full mogleg å ta seg opp, utan å måtte klatre. Fjellsida er mykje kledd av lav, og når det er tørt er det uten vanskar å ta seg opp her. Men tungt og bratt i 200 meter, det var det jo.
Desse 200 i luftlinje meter gav oss også 150 meter stigning, og det tok meg ca. 20 minuttar, inklusiv ca. 100 pustepausar.
Så flata det ut, og 100 meter bortover på det heller flate toppartiet, så var varden, med den raude topptrimboksen på plass.
Framleis lett terreng å gå, om enn vi kun hadde stein og fjell som underlag nå.
Sola varma godt, alt av skyer og tåke var borte forlengst, det var vindstille, og utsikta var storslagen. Vi kunne sjå kjende toppar på alle kantar, fra Lodalskåpa i nord, Holåtindane i nordaust, Austabotntindane rett aust, Stølsnostind og Falketind i Årdal, Hest og Asbjørnsnosi....klar luft gjer underverk!
Faktisk var det så fint der oppe at vi vart sittande i 35 minuttar, før vi fant ut at det var kanskje på tide å karre seg nedatt. Vi ville ikkje gå den bratte fjellsida nedatt, og valgde derfor å gå litt lenger nedover ryggen før vi dreia austover retning Stokkestadbandet igjen.
Det var ikkje naudsynt å følge spora vi hadde brukt på vegen opp, for sidan terrenget var såpass snilt som det var, så var det problemfritt å gå, nesten uansett kor vi gikk. Joda, ein og annan snue måtte vi nok ta, men vi slapp å sjekke sporsettingsappar i tide og utide denne gang.
Fra Stokkesetbandet så følgde vi på ny stien nedover dalen, og nå oppdaga vi at denne vardesatte stien gikk ovanfor myrområda som vi hadde labba rundt i eit par timar tidlegare. Derfor følgde vi denne stien, før den byrja å gå litt for mykje opp att. Da braut vi av mot Stokkesetelva igjen, og kom inn på stien som vi hadde tatt til Gruvefjell, samt at vi hadde gått her fem timar før.
Nede ved bilen kunne vi fastslå at vi hadde vore borte fra køyretøyet i under seks timar, nøyaktig fem timar og 50 minuttar for å være presis. Vi brukte to timar og 55 minuttar opp, samt at vi altså slappa av der på toppen i 35 minuttar. Ergo brukte vi ca. to timar og 20 minuttar nedatt, og da gikk vi altså ein smule feil da vi følgde stien for langt.
Men til tross for at dette hadde vore ein fin og snill tur i strålande høstvær, så var det likevel over 12 km å gå. Vi fikk loggført 984 høgdemeter.
Falkanosi er kanskje ein av dei snillare toppane i denne utgåva av Topptrimmen, men ein skal likevel gå i fleire timar. Det positive er at det er lett å finne fram og at ein kan ta seg fram uten å risikiere å snuble i for mykje vidjekratt og tung ur.
Vi var nr. 83 og 84(?) som skreiv oss inn i boka, så mange har tatt denne turen alt. Eg håper at dei hadde ei like fin oppleveing som vi hadde, for dette var verkeleg ein flott og ikkje for tung Topptur.
Bilder:
Stravaspor m/høgdeprofil. Som ein ser, var det altså ein smule bratt på slutten :-)
Ja, vi gikk opp det lav/grasdekte bratte partiet. Nei, det SER kanskje ikkje så ille ut, men vi tok ikkje sjansen på å gå ned der. Opp går greit, ned; not so much.
Kommentarer
Legg inn en kommentar