Topptrimmen 2023 - 2025: Sveidalsnosi

 Tid for topp nr. seks for mitt vedkommande i inneværande periode av Topptrimmen.
Nokre av dei meir krevande turane er allereie tatt (Stetinden og Tverrdalstind), men to av nokolunde samme kaliber står att.
Søndag 1.9.2024 var det på tide å avlegge ein av dei, Sveidalsnosi, eit besøk. Det var meldt eit flott vær, og ein slik sjanse kan ein ikkje la gå ifra seg. Etter ein august med konstant regn, og ikkje høve til ein skikkelig topptur sidan månadsskiftet juli/august, så var denne strålande haustdagen svært velkommen.

Sveidalsnosi er beliggande mellom dalføra Mørkridsdalen og Fortunsdalen, og hevar seg 1711 moh. 
Startpunkt er fra kraftstasjonen på Fivlemyrane, ca. 1040 moh. Så da er det berre 700 høgdemeter å gå da kanskje? Neida, men det skal vi komme attende til.

Når bilen var parkert like ved stasjonsbygget, så var det berre til å gå den merka DNT-stien mot Arentzbu. Nå skal ein ikkje gå heilt dit dersom ein skal til Sveidalsnosi, men stien opp fra Fivlemyrane kraftverk, er nok den einaste sjansen det er mogleg å ta seg opp dei første bratte høgdemetrane. For starten her er virkeleg bratt. Nei, det er ikkje så langt opp til Gravdalsvatnet der den lett synlege røyrgata kjem fra, men bratt; Gjett om. Det var også ein del vatn som rant i stien, så eg byrja allereie å tenke på korleis det ville bli å karre seg ned att her om nokre timar....

Oppe på Gravdalsvatnet var det veldig fint, og ein er her kome opp på ca. 1300-1400 moh. Herfra følgde vi den merka turstien i 2,8 km. fra staden der ein kan sjekke inn Postkassetrimmen "Gravdalsvatnet" :-) Du kan sjå kor det er, på eit kartutsnitt lenger nede i posten.

Stien er grei å gå, men vi forstod at dette ville bli ein lang tur. Da vi tok av stien hadde vi gått 4,4 km. fra bilen, og det var framleis over 4 km. bort til toppunktet. I luftlinje.
Det er viktig å få med at vi gikk på HØGRE side av Gravdalsvatnet, slik at vi skulle slippe å gå i for mykje kupert terreng. Vi har snakka med andre som har gått på venstre sida av vatnet, og såleis havna på Gravdalsnosi først. Det er kanhende kortare i luftlinje, men ein må ned adskillige høgdemeter før ein skal opp att på Sveidalsnosi, og kor gøy er vel det??

Vel, ein kjem seg ikkje til toppar utan å måtte gå, så det var berre til å rusle vidare. Vi tok sikte mot eit  skar i terrenget, og fant ein liten bekk som vi følgde oppover. Dette skaret ser ein på kartet. Her var det også greit å gå. Forbausande mykje grus var det også, noko som fortel meg at her har det sikkert vore bre for ikkje så altfor lenge sidan (OK, eit parhundre år da).
På kartet ser eg at dette skaret ligg på 1500 moh, og vi kunne sjå ned på Sveidalsvotni. Dette er tre mindre vatn, der to av dei ligg på kote 1422 og 1449. Vi gikk til høgre for alle desse tre vatna på veg oppover til Sveidalsnosi, og det var eit godt valg. Her var det ingen problem å gå, imotsetning til det vi kunne sjå på venstre sida av vatna.
Dessverre hadde ein av oss eit uhell da vi var komne rett forbi det første vatnet, og det stod klart at med ein skada fot, så var det ikkje mogleg for vedkommande å ta seg vidare.
Her oppe i villmarka, på ca. 1450 moh. var det heller ikkje snev av mobildekning, så etter litt rådslaging vart vi einige om å komme oss opp på toppen for å få ta i luftambulansen. Været var fint, med sol, vindstille, grasmark, godt med mat og drikke, så det var aldri noko fare på ferde. Dessuten skjedde uhellet på flate grasmarka, men uflaks kan vi jo alle ha. Det var over sju km. nedatt til bilen, og noko anna enn transport med ambulansehelikopter var totalt utenkelig.

Etter denne kjedelige hendinga, så gikk vi så fort vi kunne mot Sveisdalsnosi, medan vi konstant søkte etter mobildekning. Siste del før snøkappa mot toppen var noko krøkkete, men opp kom vi da. Det var uansett snakk om eit veldig kort stykke. Så var vi komne opp til snødekket.

Men nå viser kalenderen september, og her var det ikkje eit snøfnugg igjen. Dette var is. Rein og skjær is. Bratt oppover var det også, så vi var faktisk i stuss på om dette i det heile teke lot seg forsere. Vi hadde med broddar/piggsko og eg tok av gummihylsene på stavane mine. Da hadde eg piggar istaden, og så gav vi det eit forsøk.

La det være sagt med ein gang; Det å gå på is, i bratta, i eit par hundre meter..... det var i overkant spennande. Til alt hell vart det litt slakkare bakke etterkvart, men is var det uansett. Korleis vi skulle komme oss nedatt, var nesten ikkje til å fatte.
Men opp måtte vi, for der var det mobildekning.
Der fikk eg omsider kontakt med luftambulansen, og dei sende straks eit helikopter. For oss var det nå berre til å ta dei obligatoriske bilda, klippe kort, skrive navn, og gjere seg klar til turen ned att.
Strålande utsikt i sommarværet var omtrent gløymt da vi kom ned att til isen. Det gikk bra, men kun fordi vi hadde gode piggar/broddar/stavar. Utan slik utstyr er det ikkje håp i havet å ta seg opp. Igjen; Dette er IS, ikkje snø. Hvis du ikkje har vore på Sveidalsnosi alt, så dryg han til neste juli/tidleg august, og hvis du absolitt vil gå på ein fin høstdag, så MÅ du ha GODE broddar. Du vil ikkje klare å gå to meter på denne isen uten, garantert. 

Nede ved foten av Sveidalsnosi, så fikk vi kontakt med helikopteret, som ikkje fant pasienten. Det forstår eg godt, for det å finne ein person i dette ville og store landskapet er mykje verre enn ein skulle tru. Eg har vært med heilkopter på leiteaksjon i Jotunheimen, og tru meg; Det er kjempevanskelig å sjå folk fra eit helikopter oppe i fjellheimen.

Men det betydde at eg fikk være med å lokalisere den skada, noko som gav meg ein helikoptertur på ca. 700 meter og eitt minutt. Vel, man tar det man får!
Den skada vart teken hand om, etter å ha slappa av så godt det lot seg gjere i finværet, og så bar det rett til SSSF. 
Helst vil vi jo alle slippe å måtte reise med luftambulansen, men dei er veldig gode å ha når det trengs, så ei stor takk til dei!

Aberet for oss attværande var at vi måtte gå dei over sju km. ned til bilen. Det er ikkje til å underslå at dette etterkvart var byrja å bli ein slitsom tur. Vi valde å ein litt kortare, og faktisk enda lettare tur bort att til den merka turstien. Vi kunne prise oss lukkelege over at terrenget var såpass lett og fint som det var.
Kilometrane forbi Gravdalsvatnet var byrja å sette sine spor, og nå var det altså klart for etappen nedatt fra vatnet, og bratta til kraftstasjonen. Merkeleg nok gikk det forbausande bra. Beina var byrja å bli møre, og da må ein berre ta det litt med ro.

Etter over ni timar var vi tilbake til bilen. Det vart ein tur på ca. 20 km. og over 1100 høgdemeter. Ein lang dag i Breheimen var over. 

Oppsummert var Sveidalsnosi ein svært fin tur. Fint å gå, med unntak av isdekket, men langt var det jo. 
Vi brukte ca. fire og ein halv time til topps, og det inkluderer alle stopp, ikkje minst uhellet. Kanskje kunne vi klart det på fire timar hvis vi hadde gått fort, men når Luster Turlag skriv 3-4 timar på veg opp, så trur eg ein skal leite leeeenge for å finne den som går opp her på tre timar.

Utsikta var magisk, som det jo nesten alltid er når ein går topptur i solskinn. I tillegg var det bortimot vindstille, og over 15 grader på toppen. Det gikk med to liter drikke, og det vart for lite. Skuffelsen var derfor gedigen da eg hadde desperat lyst på ei cola, og så var det stengt på Nørstedalseter. Altså: det er 1. september, og det var stengt. September er ein svært fin turmånad i fjellet, og det burde være mogleg å halde opent eit par veker til. Men hvis det ikkje er interesse fra eigar i å holde det opent, så får det være slik da.

Om eg kan anbefale den ruta som vi gikk? Absolutt. Det var problemfritt å finne fram og terrenget var så snilt som ein kan håpe på i norsk fjellheim. Slik er det definitivt ikkje alltid. 
Nå reknar eg vel med at langt dei fleste som leser dette kanskje har vore på Sveidalsnosi allereie, og gjerne dei har eit anna inntrykk av denne turen. Men dette er altså mine betraktningar, ikkje ein fasit.

Bilder:

Stravaspora mine, med høgdeprofil og fart. Den markerte ringen med inneholdande fallossymbol, er helikopterturen. Her ser du også kor to av bilda lenger nede i posten er tatt fra.





Det er søndag 1.9.2024 kl. 0930. Da tok vi den første vesle drikkepausen, og eg kunne ta dette bildet nedatt mot Fivlemyrane og startpunktet. Til alt hell vart det mindre bratt ikkje så lenge etter.



På høgre side av Gravdalsvatnet er det godt merka tursti. Eg anbefaler å følge denne i nokre kilometer før ein tek av mot venstre.


Her var vi omsider byrja å nærme oss Sveidalsnosi, som vi ser til høgre i biletet. Grunna godt stivalg, så slapp vi gå for mange høgdemeter nedatt herfra, men litt ned måtte vi dog. 



Ingen stor og dominerande varde på toppen, men utsikta da....Herfra såg vi mange kjende toppar vi har vore på før.


Her ser vi Harbardsbreen, og fleire kjende toppar lenger  til høgre. Tverrådalskyrkja og Tundredalskyrkja er to av dei. Vatna vi ser er altså Sveidalsvotni, som det heiter på kartet. Den blå linja er for å markere ruta vi gikk.



Vel, på tur nedatt, så tok vi ein kunstpause på ein slags nunatak i isdekket. Vatnet vi ser er det sørlegaste av Sveidalsvotni. Isdekket ser kanskje ikkje så bratt ut, men når det er IS, ikkje snø, så var det ganske spennande å gå, for å sei det slik.



Dette bildet er tatt fra samme stad som det forrige, men i motsatt retning. Som ein forstår, så er det ikkje så enkelt å unngå denne isen heller. Laaaangt i bakgrunnen meiner eg det er Smørstabbtindane vi ser.




Ja, og så måtte eg jo ta eit kjapt bilde av ambulansehelikopteret. Dette er ca. 1450 moh, og det vesle vatnet vi ser ein snipp av til venstre, er det nordlegaste og minste av dei tre før omtala Sveidalsvotni.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden