Innlegg

Viser innlegg fra august, 2025

Norsk partipolitikk; Det er eit underlig skue

Bilde
Oppdatert 2.12.2025: Vel, aldri har vel ei overskrift passa stort bedre.  Det vi har sett dei siste dagane var eigentleg som forventa. Var det verkeleg nokon som trudde at dette samarbeidet kunne vare?  Nå er det framleis eit par dager til fredag 5.12. og det er lang tid i politikken, men det er nesten underholdande å følge med på det som skjer. Dette togkrasjet i sakte kino kan framleis unngåast ved at ein eller annan bøyger av. Anten i Mdg, SV eller i Ap. Men slik som desse har stilt seg nå, så vil det framstå svakt om dei gir seg, uansett kven det måtte være. Eg lurer; Kunne ein forvente at fem parti, med så ulik profil kunne bli enige? Hvis det viser seg at alle fem blir enige, så er det uansett berre ei utsetting. Ein skyver problema framfor seg til neste stridstema dukker opp. Om det er olje, rovdyr, sentralisering eller den O Store Elefanten I Rommet; EU. Kven som tjener på dette surret? Jo, Sylvi Listhaug.  Akkurat nå vil det ikkje lenger forbause om ho faktisk b...

Norsk samferdselspolitikk: Det er eit underlig skue.

Bilde
Oppdatert 16.12.2025: Vel, da har nye E16 over, eller rettare; gjennom, Sollihøgda opna for trafikk . Det skjedde visstnok i dag, og er garantert ei fin julegave for alle dei som har stått i kø der. Meg sjølv innbefatta, dog mange år siden nå. Eg unner alle i køfolket å slippe desse meiningslause timane, og så får vi sjå kva som bli neste store, ferdigstilte vegprosjekt i området. Det pågikk ein smule arbeid på E18 fra Sandvika og inn mot Oslo, såvidt eg fikk med meg i sommer.... Men, dette er da ikkje eit underleg skue? Ferdigstilte motorvegar er da noko som mange av oss setter pris på? Joda, men vi som har levd ei stund husker sikkert at det skulle byggast ny jernbane mellom Sandvika og Hønefoss, og at dette skulle være eit samordningsprosjekt med den nå nyopna vegen. Da skulle ein vel tru at jernbanen også stod ferdig i dag? Men den er ikkje ein gang påbegynt. Og det forteller oss svært mykje om kor neglisjert norsk jernbanebygging er blitt. Joda, vi har Follobanen, Askerbanen og Ga...

Topptrimmen 2023 - 2025: Vestre Holåtind

Bilde
Da var det gjort for denne gang også. 10 nye og tildels svært fine toppar rundt om i kommunen er besøkt. Nokre av dei var av den heller enkle sorten, medan andre var tunge og slitsomme. Dvs. akkurat slik det skal være! Vi har besøkt deler av kommunen som vi garantert aldri hadde besøkt ellers, så da får vi sjå om vi orker å begynne på enda ein runde til neste år. 60 toppar er besøkt, og totalt 75 toppturar er nå på cv`en. Det er ikkje til å stikke under stol at det hadde vore moro å få med seg dei 40 siste også....hvis helsa tillet det. Tur nr. 10 i denne runden vart Vestre Holåtind, 2039 moh, beliggande på grensa til Skjåk kommune. Her er vi laaangt inne i Breheimen, med vill og storslagen natur på alle kanter. Laurdag 2. august la vi i veg, etter først å ha forsert det som må være ein av landets mest ekstreme vegstrekningar. For den som ikkje har køyrt innover til Nørstedalseter, så kan denne turen verkeleg anbefalast. Hydro, som er vegeigar, er i gang med utbetringar her og der, men...