Det er håp om bedre tider.
Oppdatert 5.11.2023: Joda, siden eg skreiv denne posten for over eit halvt år sidan, så kan vi nå fastslå at det verkeleg går mot bedre tider. Når endatil "landets mest konservative etat" som ein legendarisk politileiar kalla sin eigen arbeidsgivar for ein del år sidan, nå vedgår at dei "har skutt spurv med kanon", så er vi komne langt. Denne artikkelen i Nettavisen fortel om ei positiv utvikling i etatens haldningar ovanfor rusbruk. Det har tatt si tid, og reaksjonane har vore sterke. Men dei som har hylt mest, er stort sett dei som har hatt fordeler av å oppretthalde vårt tidlegare straffe og forbudsregime, dvs. medlemmer fra Norsk Narkotikapolitiforening. Nå som denne foreninga ligg med broten rygg, og avholdsrørsla er avslørt i å ha mottatt hundervis av millionar i offentlege stønadskroner som er skusla vekk på fjas, så ser det bedre ut for oss som ønsker ein human og kunnskapsbasert ruspolitikk. Neida, vi er ikkje i mål enda. For framleis klarer ikkje Helsedi...