X- Filmomtale

 1970-tallet var tiåret der to spesielle filmgenrar visstnok hadde sin gullalder.
Vi snakker om min favorittgenre, skrekkfilmar, samt den langt-fra-så-favoritt genren, porno.

Filmen X fra 2022 er ein hyllest til det tiårets store slasherfest, The Texas Chainsaw Massacre (1974), ispedd samme tids lavbudsjettspornobransje, på veg inn i videoalderen. Den dukka opp i feeden min på Viaplay her ein kveld.



Handling:
Året er 1979, staden er ein eller annan plass på landsbygda i Texas.
I ein prolog treffer vi den lokale sheriff og hans deputies som er på utrykning til ein avsidesliggande bondegard, der det openbart har skjedd noko svært brutalt. Dei lokale politifolka finn det eine blodige liket etter det andre, men vi får sjølvsagt ikkje sjå nokon av dei, dei døde altså.
Kul opningsscene forresten, liksom filma inne fra ei løe, i noko som ligner 4:3 format, dvs. datidas standard, før det vert zooma ut på gardstunet, og det viser seg å være den nye standarden 16:9 likevel. Det var kun løedøra som "tilfeldigvis" var i 4:3 format. Ein fiffig hyllest til 1970-talets filmar!



Så hoppar vi tilbake 24 timar, så året er framleis 1979 sjølv om innleiingssangen er Mungo Jerry`s evergreen "In the summertime" fra 1970, hvis eg ikkje husker heilt feil.
I dette herrens år, treffer vi filmprodusenten Wayne, sammen med sin halvparten så gamle kjæreste Maxine, skodespelarparet Bobby-Lynne og Jackson, samt kameramann RJ og sistnemndes kjæreste Lorraine, som er lydtekniker.

Wayne ser for seg at den nye teknologien som er på veg, heimevideo, kan gjere han rik og berømt. Filmane han spelar inn er av den såkalla "adulte" sorten, dvs. porno, og Jackson, Bobby-Lynne og Maxine skal altså være dei "heldige" som får "opptre" framfor kamera.

Vel, dei har nesten ikkje budsjett, men Wayne har fått tak i ein øde bondegård nede i Texas ein stad, og der, kun fem år etter at The Texas Chainsaw Massacre vart laga, så skal dei altså lage filmen med det klingande navnet "The Farmers Daughters". 

Joda.

Dei blir møtt av utleigaren, ein svært gammel, skrøpelig og sur gubbe, som gir tydlig uttrykk for at dette skjer kun fordi han sjølv skal tjene nokre kroner.
Filmcrewet vert innlosjert i ein slags kårbygning, og går ganske så kjapt i gang med å spele inn nokre scener.
Pornofilm laga på 1970-talet var ei oppvisning i corny replikkar, elendige skodespelarar, dårlig kvalitet på....ja...alt...og dette kjem til sin fulle rett her.

Vel, innspelinga går sin gang, og medan Bobby-Lynne og Jackson peiser på, så får Maxine eit pussig møte med gamlemor på ranchen. Gamlemor, som vi etterkvart får vite heiter Pearl, lengtar attende til si ungdomstid, der også ho var "vill, vakker og våt", som CC Cowboys ville sagt det.
Hennar urgamle ektemann er ikkje så mykje tess i sengehalmen lenger, så Pearl tyr til det meste av to bein som måtte komme forbi. 
Det fins også eit idyllisk lite vatn med ein velfødd alligator på ranchen. Kven veit vel når ein kan få bruk for ein alligator?? Kjekt å ha!

Innspelinga får sjølvsagt nokre forviklingar, men det er berre starten på filmcrewet sin utfordringar. Gamle folk kan nemleg også bli hypp på litt sengehygge i slikt eit lekkert selskap, og den som ikkje vil, han/ho må stå til rette for det....



X gir seg ikkje ut på å redde verda. Dette er rein slasher underholdning av den gode, gamle sorten. Som skrekkentusiast er det umulig å bli skremt, for eg visste absolutt alt som ville skje ca. fem minuttar før det skjedde. Men underholdande var det jo likevel.
Nokre småmorsomme effektar her og der, vi er tross alt på ein bondegård, der det forutan alligatorar i gårdsdammen, også befinn seg diverse landbruksredskap. Øks, høygaffel, knivar, samt den obligatoriske hagla som tydlegvis befinn seg rett til høgre for inngangsdøra på einkvar gard i USA,
Og kjellaren såklart.

Filmen, X altså, ikkje "The Farmers Daughters", har heller ikkje hatt allverdas budsjett, men fungerer veldig greit som den 100 minuttar lange slaktefesten det etterkvart blir. Nå til dags er det lettare å lage kule effektar for ein billig penge enn det var for 44 år sidan, og vi får bevitne nokre småfikse og hyggelige drapsscener. Makabert? Neida, dette er ein film for oss som liker slikt. X altså, ikkje "The Farmers Daughters".

Sidan X kom ut i 2022, og vart ein grei suksess, så er det også laga ein prequel ved navn "Pearl", noko som fortel meg at vi får vite litt om bakgrunnen til den urgamle dama i X. Verdt å merke seg at gammel bondekone Pearl og aspirerande pornostjerne Maxine vert spelt av samme skodespelar, nemleg britiske Mia Goth. Det høyrer med til historia at Goth fikk nokre kilo sminke og lateks på seg, for å late som ho var ca. 100 år gamal.
Del tre i serien, som skal forestille å være fra 1984, er under produksjon.

X er forresten innspelt i New Zealand, men det var ikkje råd å sjå for mine auge. Det såg og høyrdes heilt....Texas ut.


Er det ein god film?
For oss som liker hjernedød slasher, så duger dette lenge.
For dei som ikkje kan fordra slikt fra før, så vil dei avsky denne slaktinga som pesten. 

Eg er heldig, og liker enkle underholdande skrekkfilmar, om enn eg ikkje gidder å sjå den så mange ganger.

Heilt grei underholdning ei lørdagsnatt.

Høgdepunkt:
Når lydtekniker Lorraine spring ut av hovedhuset på garden.

Lavmål:
Dei to gamle er litt for tydleg prega av å være hardt sminka og under lag på lag med lateks. Skodespelarane er da også berre h.h.v. 30 og 40 år. Ikkje så enkelt å sjå ut som du er tre ganger så gamal som din eigentlege alder. 



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden