Det er håp om bedre tider.

Oppdatert 5.11.2023: 
Joda, siden eg skreiv denne posten for over eit halvt år sidan, så kan vi nå fastslå at det verkeleg går mot bedre tider.
Når endatil "landets mest konservative etat" som ein legendarisk politileiar kalla sin eigen arbeidsgivar for ein del år sidan, nå vedgår at dei "har skutt spurv med kanon", så er vi komne langt.

Denne artikkelen i Nettavisen fortel om ei positiv utvikling i etatens haldningar ovanfor rusbruk. Det har tatt si tid, og reaksjonane har vore sterke. Men dei som har hylt mest, er stort sett dei som har hatt fordeler av å oppretthalde vårt tidlegare straffe og forbudsregime, dvs. medlemmer fra Norsk Narkotikapolitiforening. Nå som denne foreninga ligg med broten rygg, og avholdsrørsla er avslørt i å ha mottatt hundervis av millionar i offentlege stønadskroner som er skusla vekk på fjas, så ser det bedre ut for oss som ønsker ein human og kunnskapsbasert ruspolitikk.

Neida, vi er ikkje i mål enda. For framleis klarer ikkje Helsedirektoratet å støtte eit vettug tiltak som skaderedusering i form av rusmiddeltesting, og det vert framleis solgt narkotiske middel på gata, 24/7, i regi av eit 100% kriminelt monopol.

Men igjen: Det går framover.

La oss sjå på eit klipp fra artikkelen i Nettavisen:



Dette utsagnet er berre kostelig bra. "Nei, vi braut ikkje lova, vi berre brydde oss ikkje om den" er det som blir sagt her.

Det er bra at slike stemmer nå kjem fram i politiet. Berre eit såpass forsiktig utsagn som dette ville i gamle dagar, dvs. i 2015, fått NNPF til å rase. Nå derimot: Ikkje eit pip derfra. Eller fra dei geriatriske avholdsorganisasjonane ellers.
Det betyr at etaten har tatt signala fra Riksadvokaten på alvor, og sjølvsagt også at det har skjedd ei endring i samfunnet generelt. Det hjelper nemleg ikkje ein kjeft at ein skal straffe for rusbruk. Det einaste er at oppklaringsstatistikkane ser litt verre ut nå enn dei gjorde for eit tre-fire år sidan.

Dei verste straffenissane klarer likevel ikkje å dy seg, og den verste av dei alle finn vi i tidlegare justisminister PWA. Han er sjølvsagt kritisk til at politiet nå har tatt fornuften fatt, men det seier vel meir om han. Det fins også ein del stemmer i regjeringspartiet SP som er av samme oppfatning som PWA (Trives de i SP i hans selskap eigentleg??), og ønsker at politiet skal få høve til å bruke tvangsmiddel mot rusbrukarane igjen, utan mistanke eingang. Igjen: Det seier vel meir om dei.


Konklusjonen må derfor bli; dette går rette vegen. Til tross for, eller rettare, fordi at rusreforma vart nedstemt tilbake i 2021. Alt grums hadde aldri blitt gravd fram utan dette "nei" og snuoperasjonen til AP den gang. NNPF kunne framleis ha vore ein maktfaktor i narkotikaarbeidet. Problemet nå, er at med "Nei" i 2021, så står ingen klare til å overta den jobben som politiet hadde. Akkurat som vi sa, vi som ville ha ein reform dengang. Istaden går vi og venter på regjeringas "rus, forebyggings og behandlingsreform", der Mehl leiter med flomlys for å finne eit smutthol for å fortsatt få lov til å straffe folk som velger mindre farlige rusmiddel enn alkohol og tobakk.

Vel, vel.

La oss avslutningsvis ta ein kjapp tur over til Canada, der det nå i oktober var fem år sidan cannabis vart legalisert. Om det er aktuelt å gå tilbake til det gamle systemet der borte? Overhovudet ikkje. 
Alt har ikkje gått smertefritt, men ting har gått seg til. Dei siste tal viser at det legale salgsapparatet har overtatt 2/3 av marknaden, totalbruken har auka ein smule, ungdomsbruken er stabil, og alkoholkonsumet er gått ein smule ned. 
Altså: Kva er det å ikkje like med dette? 

Framleis er det skatte og avgiftsreguleringar som skaper vanskar for legal omsetning, men fem år er tross alt ein kort periode å basere seg på. Det ser uansett lovande ut, og legaliseringa må betegnast som eit vellykka prosjekt, stikk i strid med kva alle dommedagsprofetar og gråtekoner her heime trudde den gang i 2018.
Dei tok feil, og vi som meinte dette ville gå bra, ja vi fikk rett.


Det er på overtid å gjere det samme her til lands, men dessverre har vi ikkje nok politikarar med ryggrad som tør å endre ein politikk som er rotna på rot forlengst. 


***********************************************************




Norsk narkotikapolitikk har vore eit forunderleg skue i mange tiår.

Altfor lenge har avholdsfolket fått dominere, med sine urealistiske draumar om "det narkotikafrie samfunn". Denne utopien har funne god grobotn i politiske miljø, både til høgre og venstre på den politiske skalaen, ispedd element fra religiøse miljø.

Men noko har skjedd.

Etter å ha høyrt på løgnene og skrekkpropagandaen fra i første rekke Norsk Narkotikapolitiforening sidan 1991, så innser opinionen at dette ikkje har vore rett. 

Sidan NNPF vart avslørt som den ekstremistorganisasjon dei har vist seg å være, så har dei skifta taktikk. Nå sender dei forvirra tollbetjentar, bekymra mødre og fedre ut til media.
Dei har endatil fått ein ny alliert, nemleg dei såkalla "influencarane", som ser kokain overalt.

Gårsdagen "Debatten" på NRK vart ei oppvisning i alt som kan gå galt dersom vi skal høyre på desse, framfor fagfolk.
I beste sendetid ser vi tvillingparet fortelle om kor utbredt kokainbruk er, og ein annan influencer er heilt sjokkert over kor omfattande slik kokainbruk openbart er blitt. 
I dag, på VG si forside kan vi under fanen "Unge meninger", få lese om enda ein skrekkopplevelse, der 37 år gammel "realitydeltager og skuespiller" på veg heim etter ein tur på byen, får høyre om konfirmantar som skal prøve "knips og molly".

Konklusjonen må visst bli at dop er vanlig i ungdomsmiljøa.


Vel, det stemmer jo ikkje. Det å "ha hørt om", eller "kjenner til" er ikkje det samme som at "alle bruker".
Vi veit det, fordi det fins tall på slikt. Auken i kokainbruk har vore på "50%" skiker avholdsrørslas sitt fyrtårn Actis, og det høyres unektelig verre ut enn at nå er det fire av 100, framfor to av 100, slik som vi også kan sei det.
Hvis vi avrundar tala litt, til næraste heile, så ser vi at auken er fra tre til fire personar....(Fra 2,7% til 4,2%) Slik kan vi nemleg også sei det, men det passer jo ikkje inn i avholdsrørslas syn på saka.


Det er vel heller slik at dersom "influencarane" lever eit slags "jet-set liv", så må ein forvente at bruken av kokain er høgare der enn i dei meir alminnelige lag av befolkninga. Dei fleste av oss er nemleg ikkje på nattklubb i Hemsedal. Dei fleste av oss går på dass for å få ut ølet vi har helt i oss, ikkje for å snorte kokain fra dasslokket. (ÆSJ!!!)
Derfor er det meir realisme i å høyre årets russ i nyheitssendingane i dag, der det også vert referert til undersøkingar som fortel om narkotikabruk i denne aldersgruppa. Ein av ti har prøvd narkotiske stoff, og av desse har brorparten prøvd cannabis, IKKJE kokain.
Det flyter såleis ikkje av kokain på russebussane. Slutt å spre slike løgner. Jo, det kan nok være ein og anna russ som drar ei stripe, men vi må ikkje skjære alle over ein kokainkam for det. Dessuten er alkohol eit mykje verre problem, ikkje berre for russ, men for befolkninga generelt. Det er jo bl.a. derfor vi skulle hatt fleire lovlige og mindre farlige alternativ.


Det var derfor befriande å høyre Swahn fra politiet i gårsdagens debatt, som saman med leiar i Foreningen Tryggere Ruspolitikk verka til å være dei einaste som var ein smule edruelige(!) når det gjaldt bruk av kokain her i landet. 
Resten av forsamlinga gikk stort sett ut på å spre udokumenterte påstander om den overdrevne bruken, som dei "har hørt om".
Og eit stort fuck-off til representanten fra tolletaten, som hadde fleire hatter på seg. Det ho eigentleg sa var at dei ville ha fleire tollarar, og såleis dreiv etatskamp, forkledd som mor. Og kor smart er det å fortelle at bemanninga på tollstasjonane er blitt....mindre?


Nei, det var verkeleg ein broket forsamling. Spinnangr og Swahn stod att som lyspunkta, og influencarane stod att som dei naive menneske dei tross alt er.
For som det vart sagt:"Jeg gjør alt for oppmerksomhet."

Deri ligg problemet. 


Forresten også eit stort pluss til Morten Ørn i Bergenspolitiet etter gårsdagens innlegg i BT
Det er ein heilt ny tone fra politiet, og det er jaggu på tide. OMSIDER kan dei sjå på rusbrukarar som eit helseproblem, og ikkje som ei kriminalitetsutfordring.
Dessuten har det vist seg at politiet nå tek stadig fleire og større beslag, dvs. såkalla bakmenn. Nei, det er ikkje slik som tollrepresentanten sa i går, at dei har avslørt halvanna tonn kokain i Oslo siste månaden. Det var BAMA som avslørte dette, ikkje tollvesenet. Æres den, som æres bør.

Til slutt: Kort melding fra ein av mine dyktige kollegaer fra LEAP Scandinavia, som hadde blitt invitert på møte i NNPF. Derfra vart det rapportert om god mottagelse! Det er ei stor glede, for kanskje er det slik at det dukkar opp krefter i NNPF som innser kor feil dei har håndtert debatten og utfordringane?

Da er mitt råd: Fei ut dei gamle ekstremistane som har rådd grunn der altfor lenge, og opne opp for nye koster. Det trengs.

Det er uansett håp om bedre tider.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden