Evil Dead Rise - Filmomtale

 "You haven`t seen splatter until you have seen Braindead", hevda dei eingang i bransjebladet Fangoria.

Da er det på tide å finne fram popcornet, og la seg underholde av blodsprut så det held i Evil Dead Rise, den splitternye i serien, av totalt fem, som opphaveleg starta heilt tilbake i 1981.
For den som ikkje kjenner til dette filmkonseptet, så er det altså snakk om besatte personar, som kun kan stoppast ved at dei vert TOTALT øydelagt.
Besettelsen kjem fra onde krefter fra 100 år tilbake, tilknytta religiøse miljø.


 



Handling:
I ein prolog treffer vi tre venner ute på hyttetur. Passande nok er introen også filma med ein snedig dronevinkel, og den som har sett dei første Evil Dead filmane vil sjølvsagt kjenne seg att. Dette er ein openbar hyllest til dei nevnte forgjengarane i serien.
Blant dei tre, er det openbart at den eine, Jessica, har blitt sjuk, men kva som har ramma ho er neimen ikkje godt å sei. 
Eller; Vi veit det jo.

24 timar tidlegare, og vi møter gitartekniker Beth, som på ein nedtagga og shabby dass, finn ut at ho er gravid. Ikkje det ho var ute etter kanskje, nå som ho endelig kunne få sjansen til å bli sjefstekniker og greier, på turne med rockeband.

Kva gjer Beth så? Jo, såklart reiser ho til si nyleg fraskilde søster, som bur i ei enda meir shabby blokk, saman med sine tre barn. 
Blokka er mildt sagt nedslitt, og skal rivast neste månad. Kor søster Ellie og barna skal bu da, det er enda ikkje avklart.

I dette miserable miljøet må dei fem hygge seg med pizza. Naturlig nok.
Barna blir sendt ut for å hente dette overdådige måltidet, medan Ellie og Beth tek søsterpraten.

Med barna på plass i parkeringskjellaren, så kjem eit jordskjelv, og skulle du sett; Det opnar seg ein sprekk ned til eit slags hvelv, og enda bedre: Den nå falleferdige blokka har nemleg vore ein bank tidlegare. Kaaaaaanskje fins det....verdiar nede i det gamle hvelvet?

Det er lite med gull og diamantar i det nedstøva banklokalet, men av ein eller annan grunn er det masse opphengte krusifiks og ein diger Jesusstatue der nede. Det er nesten som om dei skal beskytte mot noko? Kanhende den støvete boka med sider i merkeleg materiale, og spisse tenner som lås?
Dessutan finn dei gamle 78-plater, med det som skal vise seg å være eit svært farleg innspelt budskap.

Boka er, som alle vi Evil Dead-kjennarar veit, den såkalla "Book of the dead", som vi møtte første gang i 1981. Og nå som orda er sagt, så er moroa i gang.


Eller; moro og moro. For splatterfans er dette hysterisk morsomt. For alle andre er det sikkert beyond idiotisk. Joda, det er ein skummel film, og det er ikkje laga for å være morsomt. Men når det blir så voldsomt og grotesk som i Evil Dead Rise, så kan ein ikkje unngå å trekke på smilebåndet og humre lett.
Blodsølet er avsindig, maltrakteringa av kroppsvev er som innleiingsvis nemnt, total. Og samtidig er det altså både skummelt og morsomt på ein gang. Dvs. at filmen treffer akkurat slik den skal. Vi har sett altfor mange dårlige skrekkfilmar opp igjennom åra, men dette er som ein god gammeldags splatterfilm.
Hagle, saks, kniv, motorsag, knuste speglar og såklart; Ein kvistkuttar, duger alle som  underholdningsobjekt. 


Neida, dette er ikkje ein film for barn, og den skal visstnok ha fått 18-årsgrense her i landet. 
Nå er ikkje eg så prippen av meg, men det ville vært for mykje av det gode og sende 13-åringar saman med foresatte avgårde på denne massakren av ein film.

For oss blodfans derimot; Ju-huuu!
Den klart beste i serien sidan den smått legendariske saken fra 1981.

Og ja, Det er såklart lagt opp til at vi får ein fortsettelse.

Evil Dead Rise har fått generelt gode kritikkar, og skodespelarane gjer faktisk ein god prestasjon. Joda, nokre av dei veit du skal bli hakkemat, men det er slik det skal være i denne type film. 

Premiere i går altså, kun på kino enn så lenge. Hvis du liker slikt, så er denne eit must. For alle andre: Styr LAAAANGT unna.

Høgdepunkt: 
Eg likte faktisk prologen best.

Lavmål:
Motorsager biter bedre og lettare gjennom kroppsmasse enn det vi såg i nærbilde her.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden