Sogn Avis - valgomaten for Luster

ALLE mediehus kjem med valgomatar nå til dags. 
I så måte er den lokale varianten eit spennande møte, da det er første gang at Sogn Avis kjem med ein slik.

Nå står eg på ein høgst anonym 26. plass på Venstre-lista, utan ambisjonar om hverken det eine eller det andre. Står på lista til Vestland Venstre også, til fylkestingvalget, men også der uten forhåpningar eller utsikter til ein karriere på eit såpass høgt nivå. Men nokon må jo stå på listene, så når folk spør meg pent, så kan eg alltids takke ja.
Nei, eg er langtfra enig med Venstre i alt og eitt, men det er det partiet eg er minst uenig med, og dei har ei spesiell sak som eg brenner for, så da vart valget altså slik. 

Vel, over til Valgomaten!

Eg har, som så mange andre i kommunen vil eg tru, tatt denne eit par ganger nå. Først ein gang der eg svarte på alle spørsmåla uten å markere nokon av dei 32 valga som "viktig for meg".

Resultatet vart ganske så interessant, både på den eine og den andre måten.



Spennet for dei eg er mest enig med går altså fra SV til V med AP i midten. Dette var såpass interessant at eg måtte sjekke dei ulike kandidatane vidare, og kva dei hadde svart på dei ulike spørsmåla. Slike personlige oppfatningar vil være med å bestemme kven ein skal gi slengarstemmer til.
Eg sjekka derfor alle kandidatane fra alle parti, på kva standpunkt dei hadde i alle saker, og det vart fort klart kven eg ikkje skal stemme på iallfall.....

Sidan mi hovedsak er ruspolitikken, så er det uaktuelt å stemme på nokon som meiner at norsk narkotikapolitikk ikkje er streng nok. Slik som t.d. alle fra AP meiner. To av dei meiner attpåtil at dei er HEILT UENIGE i at norsk narkotikapolitikk er for streng, noko som fører til den uungåelige konklusjon at dagens narkotikapolitikk etter deira syn må være for.....mild.
Med tanke på at det nyleg vart avsatt dommar på 21 års fengsel for produksjon av nokre hundre kilo amfetamin borte på Austlandet ein stad, så lurer eg verkeleg på kva som ER streng nok straff. 30 år? 50? Livstid?

Joda, spørsmålet er særs dårleg formulert, all den tid at det kun står "narkotikapolitikk". Dette er eit stort og omfattande tema, som ligg under både legemiddellova (bruk og erverv, som betyr oppbevaring til eige bruk), samt under straffelova, der det er skilt mellom narkotikaforbrytelser og grove narkotika forbrytelser. Det skal ikkje så mykje til før det vert rekna som grovt, berre så det er sagt. 
Eit langt bedre spørsmål fra Sogn Avis hadde vore "Bruk og innehav av narkotika til eige bruk bør straffast hardare enn i dag". Evt. "Bruk og oppbevaring av narkotiske stoff til eige bruk bør avkriminaliserast for alle". Slik det er nå, er påstanden i avisa vag og upresis. Årsaka til at det burde vore fokus på bruk og erverv, er at laaaaangt dei fleste som er dømt for brot på narkotikalovginga, fell inn under legemiddellova, ikkje straffelovsparagrafane, som omhandlar innførsel, produksjon og salg, evt. i større kvanta, derav "grove", ikkje sant?? Dette viktige skillet må Sogn Avis ta med til neste valgomat, berre eit vennlig tips altså. 

Hvis det verkeleg er slik at ALLE kandidatane fra AP meiner at ALLE narkotikalovbrot bør straffast hardare enn i dag, så lurer eg på kvifor. Vi veit i dag svært godt at straff ikkje hjelper mot bruk, heller tvert om, og at eit forbod kun er med på å belaste rettsvesenet, samt å dytte milliardbeløp inn i kriminelle miljø. 
Tør eg også minne om at det var straffepolitikken som tok livet av min nest eldste sønn for snart åtte år sidan? DET var eit resultat av straffepolitikken, som altså ikkje er streng nok, skal vi tru ALLE dei oppførte kandidatane fra AP. 

Det er såleis 110% sikkert at ingen fra AP-lista får ein slengar fra meg.

Ellers var eg mest enig med Venstre sin kandidat, ikkje uventa, samt ein kandidat fra SV. Heller ikkje uventa.

Akkurat like lite overraskande var det at eg skulle få to fra SP og ein fra FRP på "minst lik deg" lista.
Det var same historie på Sp-lista som for AP i ruspolitikken, med om mogleg enda verre resultat. Nå vil jo SP være uaktuelle å stemme på uansett kva dei måtte finne på i ruspolitikk, når ein ser kva dei har surra til i regjering, men igjen; Det er greit å konstatere at alle SP-kandidatar meiner at straffepolitikken i narkotikasaker ikkje er hard nok, 21 års fengsel, og lovas strengaste straff til tross.

Av andre parti registrerte eg at broderen på SV-lista hadde samme oppfatning som meg, noko som kan skuldast det vi har vore igjennom siste åtte år. Så han får ein slengar, men litt foruroligande at kandidatane fra SV var svært sprikande i sine svar på dette området. Ikkje spesielt bra.
Krf sin kandidat meinte også at vi burde ha strengare straff, men dette partiet tek eg ikkje seriøst i russpørsmålet, så dei gidder eg ikkje bruke tid på.

Den som derimot fortjener ein slengar er H sin ordførarkandidat som meiner at straffenivået i narkotikasaker burde lettast ein smule. DET setter eg pris på!


Over til neste valgomatrunde. Her hoppa eg over saker som eg ikkje har så stort engasjement eller greie på, og valde ut nokre få saker som eg fant viktige for meg. I tillegg svarde eg på ein del av dei tema som eg har ei viss oppfatning om.10 av dei 32 sakene hoppa eg over, ganske enkelt fordi eg ikkje kan nok om dei.

Resultatet vart slik:



Også her fekk eg opp ein fra h.h.v. SV, AP og V på "mest lik meg". Joda, det var bytta ut nokre kandidatar fra AP og SV, men som sagt er det ein snøballs sjanse på sola for at eg gir slengarar til nokon fra AP med den ruspolitikken som lokalpartiet deira har prestert å smøre i hop. Eg har sagt det før og seier det gjerne igjen; Når dei blandar saman begrep som "avkriminalisering" og "legalisering" i ei smørje, så seier det meg berre at dette kan dei faktisk ikkje noko særleg om. 
Det same gjelder også Frp og SP, og eg er faktisk ganske fornøgd med at alle mine fordommar mot SP vart innfridd begge gangene. Det inntrykket dei har skapt på riksplan har forplanta seg elegant(?) ut i distrikta.

Av andre hjertesaker, så må eg jo nevne dette om kristendommen i skulen. Kvifor akkurat den trua skal favoriserast er meg ei gåte. Det er ei tru og ein  religion på linje med alle andre, og det argumentet med at "vi er eit kristent land" er berre såååå utdatert at det er ikkje mogleg å fatte. Nei, vi er ikkje eit kristent land i det heile tatt. Storparten, men stadig færre heldigvis, er medlemmer i Den Norske Kyrkja, men det betyr ikkje at vi er eit kristent land. Fleirtalet av den norske befolkninga trur nemleg ikkje på gud lenger.
Vi er forlengst blitt eit multikulturelt samfunn, der stadig fleire av oss ikkje trur på nokon form for gud i det heile tatt, og hugs nå på at vi har mange tusen forskjellige gudar å velge imellom, så kvifor skal absolutt "vår gud" være den einaste rette?

Eg registrerer at SP og KRF (!) er på den andre enden av skalaen....

Ellers registrerer eg at min siste "viktige sak", den om kulturbygg i Gaupne, vert støtta av omtrent alle kandidatar. Det same gjeld også bygging av fleirbrukshall på Hafslo, utebasseng i Gaupne, rabatt for barn og unge i Lustrabadet, skisenteret, treningssenter o.l.
Vi vil ikkje ha eigedomsskatt, vi vil ikkje ha parkeringsavgifter, men ser fram til bygging av verdsarvsenter på Urnes og tek gjerne imot fleire flyktningar.

Oppsummert: Omtrent alle kandidatar vil ha tunge økonomiske løft på plass, men omtrent ingen av dei vil ha tiltak som sørger for inntekter/innsparingar i form av t.d. ny skulestruktur, nye skatter og avgifter o.l.

Så; Korleis skal ein da finansiere alle desse utgiftene???

Politikk er kunsten å prioritere, og eg er veldig spent på å sjå kva som vert valgt bort av dei flotte tiltak som ALLE vil ha, men som dermed krever auka inntekter og innsparingar på andre områder. 



Valgomaten til Sogn Avis er dermed gjennomgått for min del. Det var eit interessant møte, men den må forbedrast til neste gang. Narkotikaspørsmålet er, som eg har skreve lenger oppe, altfor dårleg stilt.
Nokre av dei andre spørsmåla er det umogleg å være uenig med for einkvar politikar. Kven kan vel sei nei til verdsarvsenter på Urnes, fleirbrukshall på Hafslo eller kulturbygg i Gaupne?
(Eller forresten; Du kan gjere som ein representant fra SP; Hoppe over dette siste spørsmålet om kulturhus i Gaupne: Da ser det nemleg ikkje så ille ut som å være imot det....)


PS: Personleg kunne eg tenkt meg ein seriøs debatt om solceller og vindkraftutbygging, sidan det openbart at dei store vannkraftutbyggingane si tid er over. Små vannkraftverk derimot; Det er visst heilt ok, av ein eller anna merkeleg grunn, når store kraftverk er fy-fy.

Politikk kan være eit underleg skue.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden