"Witch Hunt" Om korleis ein 42 år gammel sang er aktuell i dagens rusdebatt.

 Nei, eg snakker ikkje om den tidlegare amerikanske presidenten som hevdar å være utsatt for ei "heksejakt".

Dette er om sangen "Witch Hunt" av det canadiske progrock-bandet Rush, fra deira eminente album Moving Pictures fra 1981.

Dette er det album eg har høyrt på flest ganger i mitt liv, av den enkle grunn at det er det beste som nokon gang er gitt ut av musikk. Det fins sjølvsagt dei som hevdar at Mozart, Elvis, Beatles, a-ha, Rolling Stones, m-fl. har produsert verdas beste musikk. Men dei tek sjølvsagt feil.

Moving Pictures er tidenes beste musikkstykke.

Fra dette albumet plukker eg i kveld ut altså sangen "Witch Hunt", og set denne inn i rusdebatten, da teksten er like aktuell i dag som i 1981. Rush la aldri skjul på at dei hadde sans for diverse rusmiddel, mest synleggjort i sangen "A passage to Bangkok" fra deira album 2112, utgitt i 1976.

Tilbake til kveldens tema:

"Witch Hunt", som er bandets første del i serien "Fear" handlar om vår redsel for "dei andre", og korleis kunnskapsløyse, intoleranse og ignoranse fører til førehandsdømming.

The night is black without a moonThe air is thick and stillThe vigilantes gather onThe lonely torchlit hill

Sangen startar med lyden av ein mobb som samlast. Akkurat som i gamle dagar da vi kan sjå føre oss folk som samlast med faklar og høygaflar for å "ta" nokon. Nokon som var.....ikkje som "oss".

Features distorted in the flickering lightFaces are twisted and grotesqueSilent and stern in the sweltering nightThe mob moves like demons possessedQuiet in conscience, calm in their rightConfident their ways are best


Kvar for seg er desse kunnskapslause moralistane kanhende ikkje så mykje å bry seg om. Det er når dei kjem saman at det blir farlig. Dei er alltid overtydde om at deira veg er den rette å gå, og at "dei andre" må stoppast, kun fordi dei er anleis.

The righteous rise with burning eyesOf hatred and ill willMadmen fed on fear and liesTo beat and burn and kill

I si jakt på "dei andre" er det ingen godvilje å spore. Alle middel er lov i denne kampen. Ingen forståing for kva "dei andre" måtte stri med. Det er "madmen" som er fora på frykt og løgn, slik at dei kan ta "dei andre", koste kva det koste vil. Akkurat som vi har sett i rusdebatten, der trua på straff, forbod og fordømmelse har dominert i fleire tiår. I front for dette synet står ressurssterke kvite maktpersonar, som oftast middelaldrande menn.

They say there are strangers who threaten usOur immigrants and infidelsThey say there is strangeness too dangerousIn our theaters and bookstore shelvesThose who know what's best for usMust rise and save us from ourselves

Dei gale menn som er ute etter å ta "dei andre" fortset med sine løgner. "Dei andre" trugar oss! Det er ukjente fra andre land, gudløse, farlege framande......og dei er overalt, endatil i underholdningsbransjen og i bokhyllene. 
Det er derfor på tide at VI, som veit kva som er best for oss, må stå opp og redde oss fra oss sjølve.

I siste vers har vi eigentleg heile rusdebatten på plass:

Quick to judge, quick to angerSlow to understandIgnorance and prejudice

And fear walk hand in hand

Vi er redd for dei ukjende, raske til å fordømme og kjappe til å bli sinte, men trege med å forstå.

"Ignorance and prejudice and fear walk hand in hand"

Sistnemnde setning summerer eigentleg opp heile rusdebatten.
Det vi ikkje kan noko om, kombinert med førehandsdømming og frykt for det som er anleis, er årsaka til at vi ikkje tolererer "dei andre".

Derfor er kveldens oppfordring at vi skal våge å lære litt om "dei andre", istaden for at vi skal frykte dei, kun fordi dei kanskje er litt anleis, og skiller seg litt ut på eit eller anna vis.

Kven som står i front for våre haldningar mot "dei andre"? jo, som eg skreiv litt lenger oppe er det stort sett middelaldrande, vellykka kvite menn. Joda, eg er ein slik, og eg har tenkt slik sjølv. Til alt hell har eg omsider forstått at "dei andre" ikkje er noko å frykte, og eg avslutter derfor med eit sitat fra ein annan sang av Rush, fra del to i "Fear"-serien, "The Weapon" fra albumet Signals (1982)

"We have nothing to fear, but fear itself"


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden