Ein tur med toget: Nesttun - Osbanen

I vår nye spennande serier om undelege og neglisjerte norske jernbaner, så er vi ikveld komne til ein av dei første norske banestrekningar som vart nedlagt, nemleg Nesttun - Osbanen, som gjekk fra (ingen pris for å gjette det) Nesttun i dagens Bergen, og ned til Os. 

Denne banestrekninga var høgaktuell da den vart bygd, men det er leeenge sidan anleggsarbeidarane var på jobb her. Nesttun - Osbana opna heilt tilbake i 1894, men som ved så mange andre mindre jernbaner som vart bygd her i landet før i tida, så vart omtrent alt gjort på feil måte. 

Nesttun - Osbanen er ein av dei sidebanene til Bergensbanen som skulle hatt livets rett, men slik gikk det altså ikkje. Ein kjapp kikk på dette gamle kartet forklarer mykje.




La oss ta traseen først: Den vart svingete, noko som gjer den treg, og i tillegg var svingane svært krappe. For å halde byggeutgiftene nede, så vart det heller ikkje laga tunnelar, og den totale strekninga på 26 km. fra Nesttun kunne vore mykje kortare dersom ein la ein smule meir kapital i bygginga. Men igjen: På den tid var Norge eit fattig land, der slike prosjekt gjerne var eit spleiselag mellom private, stat, kommune og fylke. 

Dernest var sporvidda det som nesten alt den gang var den utdøyande standarden på kun 750 mm. Det er ikkje mange norske jernbaner med persontrafikk som har hatt denne sporvidda, faktisk kjem eg kun på Urskog-Hølandbanen i farten, men det er sikkert fleire. Må sjekke....
Problemet var at med 750 mm sporvidde, så kunne ikkje det gå direktetog fra Os til Bergen, der sporvidda var på 1435 mm. som er norsk standard den dag i dag.

Så med mange og krappe svingar, svært dårleg skinnegang, og ein trase som gikk mykje lenger enn den skulle og burde, så kunne det ikkje gå bra i lengda.
Dog: Alt på denne tid var det eit godt befolkningsgrunnlag langs bana, og rundt 1920 var det over 200 000 passasjerer årleg på den særs trege og kronglete bana. 
På dette tiåret byrja det imidlertid å dukke opp noko som heitte "buss" og "bil", og brått vart reisetida fra Os til Bergen langt kortare. Passasjertala falt som ein stein, og i 1933 var 90% av passasjerane borte vekk. Godstrafikken var i alle år av bagatellmessig betydning.



Det var ingen vilje og evne til å bygge eit skinnegåande alternativ i det som nå er nærast å rekne som ein samanhengande forstad til Bergen, og som garantert hadde frakta hundretusenvis av passasjerer kvart år, dersom traseen og rutetilbodet hadde vore brukande.

Os i seg sjølv er som ein liten by, og eg vil formode at det er svært mange her som pendler inn til Byen (med stor B) kvar dag. Istaden for bane er det sjølvsagt bygd enorme veganlegg, noko som illustrerer korleis vi er villige til å satse på samferdsel her i landet. Alt snakket om å satse på banen er festtaler, når vi ikkje ein gang kan bygge og oppretthalde ei bane i dette området.
Men det skal innrømmast; Dei sørlege deler av Berge, faktisk heilt ned til Nesttun, har i dag noko av landets beste banenett i form av Bybanen. Personleg synes eg burde være på sin plass å diskuterer ein trase vidare ned mot Os også, iallfall når ein ser på det freakshowet som er i Bergen og banens forlenging mor Åsane. Herremin kor flaut dette er å bevitne.

Vi kan oppsummere Nesttun-Osbanen, som fekk ei levetid på berre 41 år, (endelig nedlagt i 1935), at det var enda ein av desse banestrekningane som aldri burde vore bygd på ein slik måte som den vart. Denne strekninga gjennom utkanten av dagens Bergen hadde definitivt hatt livets rett dersom det var interesse for å bygge noko skikkelig.

Ein kikk på kartet fortel oss eigentleg alt vi trenger:



Og når vi da set inn eit kart over Bybanen?

Ein treng eigentleg ikkje sei meir. Det burde og skulle vore eit skinnegåande alternativ fra Bergen sentrum, via Lagunen og heilt ned til Os. Istaden har vi valgt å bygge vegar for milliarder i akkurat samme området, kanskje endatil med bompenger??



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Topptrimmen 2023 - 2025: Sveidalsnosi