Ein tur med toget: Sulitjelmabanen

OK, Nord-Norgebanen er parkert for enda nokre år framover, så la oss derfor ta eit blikk på den første jernbanestrekninga som vart bygd i Nord-Norge, nemleg Sulitjelmabanen.

Den har du aldri høyrt om før seier du?

Hmmm. Det er litt synd, for det er ein av dei mest spesielle jernbaner vi har hatt her til lands. Spør du meg, så er det vel berre transportlinjat fra Rjukan til Herøya som er like spennande, men meir om det ein annan gang.




Dessuten er gruvesamfunnet Sulitjelma aktuelt i våre dager, da det faktisk i kveld (!) er preimere på ein film om ein oppstand i dette avsondra gruvesamfunnet for over 115 år siden.
Dette var ei viktig hending i seg sjølv, da det kan reknast som norsk fagrørsle sin arnestad.

Ok, nok om det.

Når eg alt har nevnt "gruver", så forstår alle at det her var snakk om ei godsbane. Det var på slutten av 1800-talet funne drivverdige forekomster av diverse mineraler laaaangt inne i denne fjellheimen, og på den tid var det ikkje aktuelt å bygge bilveg, men derimot datidas store kommunikasjonsmiddel; Jernbane.

Det å bygge jernbane i dette ville landskapet skulle vise seg å være ei skikkelig nøtt for gruveselskapet, og fra bygginga starta som ei smalspora bane med 750 mm sporvidde i 1891, så skulle det gå over 70 år til bana var ferdig bygd, iallfall slik som den var fram til nedlegginga.

Det var nemleg ei svært etappevis utbygging, og i mange år foregikk det heftig omlasting fra tog til båt på dei små innsjøane som var i dalføret inn til Sulitjelma. Først på slutten av 1950-talet gikk bana uavbroten fra Sulitjelma og ned til banas endestasjon Finneid på Nordlandsbanen like ved Fauske. Nordlandsbanen var da splitter ny, og faktisk ikkje ferdigstilt til Bodø. 
På dei 70 åra som hadde gått sidan oppstart, var banen blitt utvida til større sporvidde, og det var bygd ei rekke lange tunnelar. Vi var altså komne til året 1962, og ein skulle vel da tru at Sulitjelmasamfunnet hadde gode utsikter? Det var framleis eit vitalt gruvesamfunn, og arbeidarane må seiast å ha laaaangt bedre tilhøve enn 60-70 år før.

Men fram mot midten av 1970-talet endra ting seg dramatisk for Sulitjelma. Nå var det Elkem som stod som eigar, og med heilt nye tider (heldigvis) for arbeidarane, så var det eit krakk i koparprisane som til slutt førte til at heile Sulissamfunnet ikkje lenger var eit reindyrka gruvesamfunn. Fra å bestå av ca. 3000 innbyggarar på det meste, er det nå berre nokre fåhundre igjen.
Gruvedrifta vart endelig nedlagt i 1991, etter at fleire millioner tonn malm var frakta ut av fjellet.

Men i 1991 var jernbanen inn til dette avsondra bygdesamfunnet forlengst borte. Bokstavleg talt.
I løpet av nokre hektiske sommerveker i 1972 vart heile jernbanen riven vekk, og erstatta med bilveg. 
Det er i dag svært få spor igjen etter det som jo var ein av landets mest spesielle jernbaner.

I dag hadde sjølvsagt iallfall noko av bana vore bevart, men for 50 år sidan vart det ikkje tatt slike hensyn.

Det ironiske er at rivinga skjedde berre ti år etter at den siste banestrekninga vart oppgradert, og at det var bygd bl.a. tre lange tunneler dei siste par tiåra før nedlegging....

I løpet av dei 80 åra som Sulitjelmabanen eksisterte, så vart bana i all hovedsak nytta som godsbane, men jernbanen var også dei einaste måten å komme seg ut og inn av dette ville dalføret. Det medførte at det var eit pent antall passasjerer, i tillegg til alt godset som vart frakta. Så seint som i 1959 var det over 230 000 passasjerer som reiste med bana. På den andre sida; Dei som skulle til/fra Sulitjelma hadde ingen andre reisemåte, så da var det kanskje ikkje så rart med pene passasjertal?

Men tida sprang fra tog med låg standard. På 1970-tallet ville folk ha ....bil, og kun få år etterpå vart altså sjølve hovednæringa i bygda nedlagt. 

For ein jernbaneentusiast er det litt trist at det ikkje er så mange spor att etter Sulitjelmabanen, men om ikkje anna, så viste den kor effektivt den kan transportere gods når tilhøva ligg til rette for det. For meg er det opplagt at mange andre strekningar burde vore trafikkert med tog, der som det likevel vert frakta store mengder gods. Ja, eg tenker t.d. på alt gods som går mellom Øvre Årdal og Årdalstangen, og igjen ja; Eg VEIT at det i ein kort periode gikk eit lite lok på denne strekninga, men eg veit også at det er null sjanse for at det skal skje igjen. 

Vel, tida rann ut for den til slutt nesten 36 km. lange Sulitjelmabanen. Det var vel berre eit spørsmål om tid. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Vi er i ferd med å gå grundig lei av.....