"Five nights at Freddy`s" - filmen altså :-)
Omsider ein tur på kino igjen, denne gang for å more seg litt med grøssersaken "Five nights at Freddy`s", heretter kun kalla "Freddy" av openbare årsaker.
Filmen er basert på dei populære spela ved samme navn, og det var vel uungåeleg at eit populært dataspel enda ein gang måtte havne på kinoane. Det er som vi kjenner til, ganske så vanlig, med svært varierande resultat.
"Handling":
Og nei, Gåsauga er ikkje tilfeldig.
Når ein film er basert på dataspel, så forstår vi at dette er ikkje filosofiske betraktningar som skal redde verda. Men det er ikkje nødvendigvis ein dårlig film for det!
Vi møter Mike, ung mann med plaga fortid, døde foreldre, ei litt spesiell lillesøster ved navn Abby, og omtrent ute av stand til å holde på ein nokolunde vettug jobb.
Mike får fyken fra kjøpesenteret han akkurat har fått ein vaktjobb på, da han banker tennene ut av ein mann som må ta med seg sonen sin. Det skal nemleg komme fram at Mike sin lillebror vart bortført ein del år tidlegare.
Utan jobb, utan penger og utan særleg tru på framtida, må Mike ty til sin "karrierehjelper" Steve, som etterkvart finn ein mulig jobb til han. Det er som nattevakt på det nedlagte morolandet "Freddy Fazbear Pizza". Det kunne vært ein enkel jobb, hvis Mike ikkje hadde ei ufordragleg tante som ville slå kloa i Abby, samt at han sliter med søvnvansker og tilbakevennande mareritt.
Enden på visa blir at Abby, etter at hennar barnevakt er blitt borte på "mystisk" vis, må bli med storebroren på nattskifta.
Det nedherpa morolandet derimot......viser seg snart å innehalde meir enn støvete møblar, gamle kjøkkenredskap og flipperspel. Bak sceneteppet befinn det seg stadig dei fire store mekaniske "kosedyra" fra 1980-tallet. Ein kylling, ein hund, ei kanin og ein slags fugl. Desse figurane var ein gang søte og...ikkje små....men store. Nå derimot, er dei skumle. Iallfall for oss voksne.
Det kjem neppe som ei overrasking at Abby fell for dei søte og store mekaniske dokkene. Dei kan jo både synge og danse! Men dei er jo kun robotar, så korleis i all verda kan dei være nesten...levande??
Og er dei verkeleg så snille som Abby får inntrykk av?
Til alt hell får Mike hjelp av den lokale, jevnaldrande og snertne politidama, som synes å ha ei merkeleg stor interesse for det nedlagte morolandet.
Joda. Dette er over 100 minuttar med ok grøsserunderholdning. Det går ikkje inn i historia som det mest groteske akkurat, det er tross alt 15-års grense. Dette er snill grøssarunderholdning, men med nok BØ!-scener til at den som ikkje er grøssarfan, nok vil få seg ein støkk her og der.
Eg har aldri spelt "Freddy", men mine håpefulle kjente igjen mange av figurane og personane i filmen, så da har vel filmskaparane truffe målgruppa.
Det er langt fra den beste grøssarfilm verda har sett, men som underholdning ein torsdagskveld i november, så duger det lenge. Litt skummelt, litt fiffige drapsmaskiner, men ikkje så mykje at foreldre som ikkje er grøssarvante vil riste på hovudet av robotdrap her og der.
Konklusjonen må være at dette er grei underholdning, og ut fra mottakinga som filmen har fått, så meiner publikum det samme. Kritikarane, dei såkalla filmekspertane, har gitt filmen middels og negative kritikkar, men for oss vanlige dødlige, så er det altså verdt å ta med seg, hvis ein er grøsserfan vel og merke.
Filmen har blitt ein suksess på besøksfronten, så da tåler vel filmskaparane at kritikarane har slipt kniven. Og ja; Det er slett ikkje umulig at det kjem ein del 2.
Høgdepunkt: At figurane er identiske med dei i spela.
Lavmål: Kva gjorde eigentleg den tanta i filmen?
Kommentarer
Legg inn en kommentar