Oppdatert 25.10.2026: Ang. støy.....: Eitt stk varmluftskomfyr på 50 cm avstand. Greit å notere seg, i fall ein skulle bekymre seg over 35 db. ute. Eller kanskje eg skulle slutte å bekymre meg over støy fra eit anlegg som ligg over 800 meter fra huset mitt. 👇👇👇 Oppdatert 23.10.2026: Da er Folkemøtet avvikla, svært godt oppmøte, og veldig informativt. Veldig bra gjort av kommunen! Eg pleier ikkje gi skryt til SP-politikarar generelt, men ordføraren vår gjorde ein svært god figur i går kveld. Dette må han være fornøgd med, iallfall det som eg fikk med meg. Mine inntrykk: Eg gikk ned på møtet med fordelinga 60/40 for/mot. Det tok ca. ti minuttar før det var blitt 70/30. Årsaka var først det utidige oppslaget rett ved inngangsdøra, som kun var seks A-4 sider med udokumenterte påstandar. Dernest vart ordføraren avbroten allereie under innleiinga da han fortalde at Lefdal Mine skulle orientere om sine erfaringar. Altså: Skal du oppnå noko med å protestere, så bør du iallfall vente til INN...
Oppdatert 22.4.2026: Tja, kva skal ein irritere seg over i dag da?? Vi kan begynne med enda ein person høgt på strå som har gjort dumme ting. Våre folkevalgte fortset nemleg å gjere det beste dei kan for å få oss til å miste respekten for dei. Dei siste åra har vi sett altfor mange saker, der personar som faktisk bestemmer lovene for oss, ikkje klarer å følge dei sjølv. Sist ut er ingen ringare enn Stortingets Visepresident Morten Wold , som for eit par veker sidan køyrde i fylla. Han har hatt ryggrad til å stå for feilgrepet, og meiner han har eit alkoholproblem. Det siste er voksent gjort å innrømme. Det som ikkje er voksent i det heile tatt var jo i det heile tatt å sette seg rusa bak rattet. Sidan han har hatt førarkort, så veit han inderleg godt at vi køyrer ikkje i rusa tilstand her i landet. At promillegrensa burde være 0,00 er ein anna historie. Det hyklerske er at han, som Frp-politiker, også er ein del av det politiske partiet som har snakka om å tillate salg av øl...
Da er det på tide å komme i gang igjen. Vi prøver oss på ti nye toppar rundt om i kommunen i regi av Luster Turlag sin eminente "Topptrimmen". Vi er komne til toppane nr. 61-70 i mi private oppsummering, og i denne bolken startar vi forsiktig med ein av dei heller lettare turane, nemleg Vardanosi ovanfor Turtagrø. Denne toppen er kjent for fint utsyn, og er ein mykje brukt turpost for dei som liker å ha ein overkommeleg tur som ikkje varer heile dagen. Søndag 5.7.2026 fant vi ut var ein god dag for å starte denne treårs syklusen, som vi har på oss for å få alle ti toppane på plass. Vardanosi er 1410 m.o.h. og turlaget oppgir mellom ein og to timar opp til toppen. Så spørs det kor ein vil starte. Mange vil sikkert starte på tippen nedanfor Turtagrø, men med min skrale form, så må det oppvarming til. Derfor valde vi å starte på den avstengte vegen nedanfor Oscarshaug, ca. 1060 m.o.h. Denne vegen vert nytta av Hydro Energi til vedlikehold på nokre av dei mange bekkeinntaka dei h...
Kommentarer
Legg inn en kommentar