Minneverdige sykkelturer 2024
Oktober 2024 er snart historie, og eg kan nesten garantere at det ikkje blir fleire oppdagelsesturar på to hjul resten av året. Derfor er det på tide med den obligatoriske mimrestunda over dei finaste, eller iallfall mest minneverdige turane fra året som snart er slutt.
"Problemet" med turane i 2024 er å plukke ut mine Topp-5. Tidlegare har det vore ganske enkelt, men i år blir det verre.
Det er fleire årsaker til det, men det viktigaste har uansett vore at nå kan eg sykle uten å ha vondt. Fjorårets operasjon på Volvat, der eg fikk tatt ut skinner og skruer etter ulykka i 2021 har vore som å bli sykkelfødt på ny. Gleda av å kunne sykle, UTEN å ha vondt i armen er langt bedre enn eg kunne ha forestilt meg. Det har vist seg i noko så enkelt som at eg OMSIDER har klart å sykle minst ti mil igjen, for først gang på over tre år. Nå er det jo ikkje vondt lengre, så da kan eg berre køyre på, så sant beina er med da :-)
Men det var desse fem turane da...
Nr 1:
Dombås - Åndalsnes
For nokre år sidan, den gang i pandemitida, så køyrde vi Romsdalen med bil. Da fant eg ut at denne turen skal eg sykle ein gang. Det tok nokre år, men 15. mai 2024 fikk vi høve til det.
Kvifor akkurat denne turen blir valgt ut som årets mest minneverdige? Kunne eg ikkje valgt turen til Leirvassbu i slutten av august? Til Fimreite i september? Jostedalen ned, "the gravel edition" i mai?
Alle desse var fine turar, men Dombås - Åndalsnes kunne by på meir enn "berre" ei flott sykkeloppleving. Det var meir oppfyllinga av noko eg har venta på i fire år, samt heile settinga med å køyre bil sammen med nokre gode sykkelvenner, naturopplevinga, togturen...kort sagt ein flott dag!
Det å ta ein slik tur krev adskillig meir planlegging enn å sykle heime. Ein må sjølvsagt sjekke været, ingen vits i å sykle Romsdalen i motvind og regn. Dernest må ein finne ut kven som kan tenke seg å være med, og ikkje minst kven det passer for. Så må ein planlegge avreise, bestille togbillettar, køyre heim igjen....dagen går, for å sei det slik.
Avreise fra huset grytidlig, det tek nokre timar å køyre til Dombås. Klargjering av syklar og bekledning medan bilen fikk litt påfyll av straum, så var det berre til å parkere på Dombås stasjon. Alle fem klare til ca. 11 mil sykling i eit heilt anna landskap enn vi var vande med.
Fra Dombås til Bjorli er det mogleg å sykle utanfor hovedvegen bortimot heile tida. Det betyr altså ei strekning på over fem mil. På Bjorli var det tid for ein liten pause på den lokale bensinstasjonen, for sjølv om det var midten av mai, så var det som om sommaren alt var her. Godt og varmt var det!
Bjorli ligg på 575 moh, så vi hadde berre sykla ca. 70 høgdemeter ned sidan starten, men det var nå moroa verkeleg begynte. På dei neste 15 km. var det slakke unnabakkar, noko som jo er syklistars drøm. Vi passa endatil på å slippe bilane forbi oss, sjølv om trafikken denne fine maidagen var ganske beskjeden. Ingen vits i å irritere unødig, vi er tross alt ein slags ambassadørar for både klubb og heimstad når vi er iført fullt klubbantrekk.
Ein liten stopp ved Kylling bru høyrde sjølvsagt med, og det same sjølvsagt ved Trollveggen.
Ned mot Åndalsnes gikk det ganske så radig, men her byrja trafikken å auke ein smule, så det vart nokre avstikkarar ute på grusvegar. Ikkje alle som synes det er like artig som meg, fant eg ut :-)
Ein flott tur i eit av landets vakraste dalføre var komen til sin ende, og sidan vi nå hadde lagt inn gooooood tid til ettermiddagstoget opp att til Dombås, så var det tid for dusj, mat og avslapping.
Togturen er eit kapittel for seg, nesten like flott som sykkelturen, og den kan du lese meir om her.
108 km. vart det, noko som innebar min første 10-milstur på tre år. Sidan ulukka i 2021, så har langturar vore ei skikkelig plage. Til alt hell er som tidligare nevnt alle skinner og skruer ute av kroppen, og da vert ein timilstur straks litt lettare, spesielt når det går fra 644 moh, og ned til 2 moh. slik som denne turen.
Men det rare er at sjølv om det var mest unnabakke, så vart det også 347 høgdemeter(!) Nesten så eg ikkje trudde det var rett, men dei andre hadde liknande tall, så da stemmer det vel. Det er iallfall INGEN lange og tunge bakkar, heller ei og anna "falsk flate", som det heiter.
Vi brukte ca. tre timar og 40 minuttar på turen, uten å slite akkurat. det gav pene 29 km/t i snitt, noko som er bra for ein gjeng halvgamle hobbysyklistar på oppdagelsestur. Jada, eg veit at det var mykje nedoverbakke. Gamle folk vil gjerne ha det slik.
Tilbake på Dombås stasjon var det så berre til å få syklane på bil, og køyre heim. Eg trur vi alle var samde om at det hadde vore ein svært flott sykkeltur! For meg var det iallfall den finaste i 2024.
Trollveggen. Wow. Her er det ikkje langt ned til Åndalsnes, og Isterdalen til Trollstigen. I midten av mai visste vi jo ikkje at denne populære vegstrekninga skulle bli stengt i månadsvis. MEN; Hvis vi er ekstra heldige, så går det med Trollstigen som med Stalheimskleiva :-)
Åndalsnes skal visstnok være ein by, og da må ein ha noko spesielt å vise fram. Dette bygget med tilhøyrande taubane er verdt eit besøk i seg sjølv.
Taubana er plassert så sentralt det er mogleg å få det: Nede ved kaia, og ca. 30 meter fra Åndalsnes stasjon, der vi satt å venta på toget, da eg tok dette bildet. Taubaner er kult! Det var snakk om det på Skjolden også for nokre år sidan. Der vart det med snakket.
Raumabanen er i dag drifta av SJ, uten at eg bryr meg ein døyt om det. Så lenge vi fekk med syklane så var vi fornøgde. Ganske masse folk på toget var det også, det er jo bra!
Nr 2:
Vågåvatnet rundt
Det finaste med å ha felles interesser i eit ekteskap er at ein alltid har noko å dele interessa si med. Slik som å besøke nye stader fra sykkelsetet.
11. august var det på tide med ein slik oppdagelsestur, nemleg over Sognefjellet og ned til Lom. Der parkerte vi bilen, og sidan det var ein søndag formiddag, så var det heller ikkje sjukt masse turistar der.
Bra var det.
Nå skulle vi endeleg få sykle rundt Vågåvatnet, noko eg har sett fram til i nokre år. Ein ganske så kraftig vind var det rett nok, men igjen; Dette må ein berre finne seg i når ein har valgt seg ein utandørshobby.
Fra Lom sentrum går det ein veg ned mot Ottaelva, og følgeleg også ei bru over. Her er det framleis elv og ikkje vatn, om enn det ikkje er alltid like lett for oss ukjende å vite akkurat kor grensa går mellom elva og Vågåvatnet litt lenger nede i vassdraget. "Alle" har jo køyrt, og kanhende også sykla mellom Lom og Vågå, men det skjer jo alltid på sørsida av dalen, nemleg på den svært så travle RV 15. Det er det opplagte alternativet når ein har dårlig tid og vil fort fram. Men det er sjølvsagt mykje hyggeligare å køyre på nordsida av dalen, på FV 468. Iallfall er det ca. 1000 ganger så fint å sykle der. Trafikken er svært beskjeden, iallfall samanlikna med storebroren på andre sida, og så har vi endatil ei mil med fint grusdekke å glede oss over!! Grusen er så fin og hardpakka at eg uten problem kunne trilla her med den gamle landevegsdoningen min, men eg ville nok tatt det litt meir piano i unnabakkane :-)
Ein annan stor fordel med å sykle på nordsida er at det er mykje meir variert terreng der. Her er det små kneikar omtrent heile vegen ned til Vågåmo, med dertilhøyrande fin utsikt. Vi sykler ikkje for farten sin del, men for å oppleve nye vegar og for å sjå nye stader. Opp og ned, opp og ned gikk det, på stille vegar på grus og asfalt, og det var ein god medvind heile vegen ned til vendemål på Vågåmo.
Her snudde vi mot Lom att, så får vi la Slådalsvegen vente enda eit år. Den står sjølvsagt på ønskelista nå.
Vel, sidan vi skulle rundt heile vatnet, så var det nå inga bønn, vi måtte ut på RV 15, men takka være den gangvegen som i det minste ER fra Vågåmo"sentrum" og mot Lom att, så kunne vi utsette det så lenge så mogleg. Den svake medvinden vi hadde hatt, var nå merkeleg nok forvandla til ein GARANTERT mykje sterkare motvind. Rare greier.
Motvind og RV 15 høyres ikkje så gøy ut, men det gikk faktisk bedre enn frykta. Vi valgte å sykle utanfor den einaste tunnelen som er her, faktisk er det ikkje lov å sykle igjennom. Dessverre er gamlevegen på utsida av tunnelen i ganske skral forfatning, noko som fortel kor lite mjuke trafikkantar er prioritert. Skal ein først forby syklistar og ferdast i tunnelen, så bør ein i det minste halde alternativet i så nokolunde stand. Ein annan ting er at det burde vore gang/sykkelveg mykje lengre enn den usle kilometeren utfra Vågå"sentrum". Dette er eit heller lett terreng å bygge veg i, og det burde være ein smal sak å bygge ein enkel turveg i det minste, heilt til Garmo.
På Garmo er det heldigvis ein skikkelig gang/sykkelveg igjen, slik at vi fikk berre 13 km. ute på riksvegen. Det er akseptabelt, men nå søker jo vi bevisst etter alle alternativ til hovedvegen og da.
Det var også her, rett nedanfor Garmo kyrkje, at vi hadde planlagt den aldeles geniale vrien med å sykle rundt den vesle fjelltoppen som ligg midt i dalen. Hovedvegen stig sakte oppover, men vi valgte å ta av på ein plass som heiter Frisvoll. Her går det ein lite brukt veg, iallfall nå til dags, heilt rundt og oppover mot Lom att. Eg meiner at dette var ein gamal ferdselsveg mellom Garmo og Lom i gamle dagar.
Her var det påny grusveg, og enda bedre; Det var avstengt for bilar. Bedre kan det ikkje bli. Joda, vegen var jo litt humpete her og der, men det var uten problem å sykle her. Faktisk var det veldig sjarmerande og fint! Vi slapp unna ALLE bilar i nokre kilometer, og fikk sykle på ein historisk veg. Hadde eg vore med i Olsenbanden, så hadde eg sikkert sagt at dette var "helmaks". Ni kilometer vart det utanfor den travle hovedvegen, og da var vi jo nesten komne til Lom att! Tre nye km. ute på RV 15, før vi atter kunne ta inn på gang/sykkelveg den aller siste biten inn til den parkerte bilen.
Totalt fikk vi nesten 65 km. rundt vatnet, på i underkant av tre timar. Ergo var det ikkje farten som var målet. Vi fikk også 566 høgdemeter, og eg vil anslå ca. 400 av desse til å være på nordsida av dalen.
Ein verkeleg flott runde, der vi var ute på den berykta hovedvegen i berre 16 km. MEN, dei 16 km. burde vore absolutt null, hvis SVV verkeleg meiner alvor med å legge tilhøva til rette for gåande og syklande. Det er nok svært få som liker å sykle mellom Vågå og Lom på denne trafikkerte vegen, med store mengde tungtrafikk, surrete bubilar, stressa "premium-bil"-eigarar, ispedd ein og anna lokal tulling i ein rånete Volvo eller Audi fra 2006.
Som eg har sagt fleire ganger nedover i denne posten; Bygg fleire turvegar langs bilvegane. Det er ein vinn-vinn-vinn-vinn i form av 1) tryggare for mjuke trafikkantar, 2)billistane slepp å irritere seg over syklistane, 3) betra folkehelse og ikkje minst; 4) Gode naturopplevingar for dei mjuke trafikkantane.
Nok ein runde som eg gjerne anbefaler, men ta den helst utanfor den verste ferietida.
Nr 3:
Aurland
Ja, da fikk vi omsider trilla litt i Aurland kommune også. Eller rettare; Har såvidt sykla eit par hundre meter i Aurland ein gang før, på veg opp Stalheimskleiva...Berre så det er sagt; DET gikk ikkje fort.
Men dette var den første skikkelige turen, iallfall i mine auge.
Mandag 13.5. tok vi syklane på biltaket og køyrde til Sognaporten i Aurland. Dette er ein naturleg stoppestad for oss, og openbart mange andre også.
Herfra er det eigentleg fire vegar ein kan sykle, men vi droppa den opp Aurlandsfjellet over til Lærdal :-) Det var nok med dei tre andre vegane vi tok, og først trilla vi opp i Vassbygdi. Ein del vind var det også, men er ein på tur, så er ein på tur. Litt vind får vi tåle. På førehand hadde vi sjekka om det var mogleg å trille utanfor den over 1000 meter lange Vassbygdtunnelen, men det kunne vi berre gløyme. Ein dronevideo liggande på YouTube avslørte at "Næh", det var ikkje smart. Faktisk umogleg og direkte farleg.
Vi sykla gjennom tunnelen.
Sidan vi ikkje kan seiast å være lokalkjende i Vassbygdi, så tok vi like godt og trilla der det var mogleg, bl.a. oppover mot den flotte turvegen ned Aurlandsdalen. Hvis ein går fra Østerbø og nedover, så vil ein nemleg havne i Vassbygdi til slutt. Dessverre er det ikkje mogleg å sykle på den flotte strekninga, men det er det sikkert mange fotturistar som er glade for.
Fra lengst oppe i Vassbygdi sykla vi nedatt mot Vangen, men måtte sjølvsagt bortom den første tunnelen opp mot Aurland - Hol. Nå gjekk turen som sagt ned att til Aurlandsvangen, men istaden for å sykle der som alle andre turistar sikkert gjer, direkte mot Flåm, så la vi turen utover fjorden mot Skjerdal. Nå, i slutten av oktober og i haustleg regnvær og mørke, så hadde vi neppe tatt sjansen på sykle denne rasfarlege vegen. I midten av mai derimot, så kjende vi oss rimeleg trygge. Gang og sykkelveg var det eit stykke utover også.
Det er ikkje rart at denne vegbiten er rasutsatt, gudbedre for nokre bratte fjellskrentar og urar det var her. Vi berre stoppa for nokre bilder, og så kom vi på betre tankar enn å stå midt i rasterrenget :-)
Flåm vart neste destinasjon. Vi kunne sjå inn dit heilt fra Skjerdal, og sjølvsagt var det cruiseanløp der denne dagen. Det betyr myriadar av folk, men vi skulle ikkje drikke øl på Ægir eller besøke Flåmskroa, så vi kunne fint unngå dei køane som sikkert var der.
Turen gjennom Aurland"sentrum" er veldig fin. Vi sykla over brua, og ut mot det som ikkje var fullt så fint, nemleg E16. Mellom Onstadtunnelen og Otternes er det nemleg ikkje tilrettelagt for gåande og syklande. Her MÅTTE vi ut på europavegen. Eg hater jo slikt, men skulle vi komme oss til Flåm, så var det inga bønn. Det er ikkje så lange biten, knappe tre km, men det KJENNES ut som det var ca. 30 mil. OK, det tok oss berre seks minuttar, men det er meg ei komplett gåte at det ikkje er fullført ein tursti mellom Flåm og Aurland. Fra Otternes og inn til Flåm er det laga til ein svært sjarmerande tursti, som mange cruiseturistar sikkert set pris på. Fra Otternes og til Aurland derimot.....ingen verdas ting som kan minne om tursti eller gangveg. Heilt utruleg.
Nå veit eg jo at Aurland kommune og Statens Vegvesen har diskutert ei løysing om vidareføring av den eksisterande turvegen heilt til Aurland, men det ser ikkje ut til å være evne eller vilje til å få på plass konstruktive løysingar. Flaut. Det burde ha vore på plass alt da Lærdalstunnelen opna.
Vel, på Otternes er det ein fin plass å få trekke pusten etter stresset ute på E16, og nå fant min superspreke kone ut at vi kanskje skulle sykle opp til klyngetunet oppe i bakkane, når vi først var der liksom?
Oj, kor bratt det var!
Det var kanskje ikkje så langt, berre 600-700 meter, men det låg jamnt på 14-15% og det er tungt for ein gammel, feit mann. Men opp kom eg da. Til slutt. Superkonen var da oppe forlengst.
Så viste det seg at Otternestunet var stengt.....Med hengelås på grinda.
Vi er fra møblerte heimar, og veit at da går vi ikkje inn. Slike hensyn tok ikkje dei fotturistane som tilfeldigvis var der. Dei gikk over gjerdet og inn likevel.
Dei om det.
Nå var det berre å trille forsiktig ned den bratte bakken igjen, og inn til turistfabrikken Flåm. Sykkelturen nå gjekk adskilt fra E-16, så det var reine himmelriket samanlikna med dei seks minuttane vi hadde brukt ute på hovedvegen. Vi var også ein tur oppover i Flåmsdalen, bl.a. til gamle Flåm sentrum og Flåm kyrkje.
Masse turistar, enda vi altså berre var i første halvdel av mai.
Men ein god ide til neste sommar må sjølvsagt være å sykle Rallarvegen!
Etter ein liten trill i turistområdet, dvs. rundt hotella og Flåm stasjon, så hadde eg fått nok av folk for ei stund, og vi trilla mot bilen igjen. Nye fine minuttar på turvegen til Otternes, og så var det om å gjere og sykle som ville h mot Aurlandsvangen att.
Hvis det fins folk fra SVV eller Aurland kommune som les dette; Nå må de jaggu få på plass ein alternativ veg for mjuke trafikkantar på denne strekninga. Det er snakk om tre usle kilometer. "Det koster kroner", Vel, eit spleislag er ein god ide.
Totalt kunne Aurland kommune gi oss knappe seks mil denne maidagen, og merkeleg nok nesten 400 høgdemeter. Det verka som om alle desse var opp kneiken til Otternes.
Flott var det iallfall, men eg trur neppe eg gidder/tør å sykle mellom Flåm og Aurland igjen før ein trygg turveg er på plass. Resten av turen var absolutt å anbefale!
Flåmsdalen er for mange av oss lokale ei gløymt og gøymt perle, men hit kjem det altså turistar fra heile verda. Kun tre-fire km. fra turistfabrikken nede ved sjøen, så kjem vi altså til gamle Flåm sentrum.
Nr 4:
Kaupanger-Gaupne, "The Gravel Edition"
Det nye hippe innan sykling dei siste åra er blitt "gravel", eller grussykling som det burde heite på godt norsk. Med utviklinga av tohjulingar tilpassa denne type sykling, så har det for mange openbara seg ei heilt ny og ikkje minst morsom sykkelverd, utanfor asfaltens stereotype trilling. Dessuten slipper ein unna bilar, og det burde være god nok grunn til å innta grusvegane åleine, spør du meg.
I fleire år har eg lurt på å ta turen fra Kaupanger og heim, via så mange avstikkarar som det er mogleg å få til, og 13. juli baud anledninga seg.
Eg hadde sjølvsagt undersøkt litt på førehand, og veit kor det er mogleg å ta av fra hovedvegen, iallfall fra Sogndal og innover. Mellom Kaupanger og Sogndal er ein meir ukjent, men det er også litt av utfordringa.
Vel, eg hoppa av bilen ved avkøyringa til SIMAS sitt anlegg, rett ved Mannhellertunnelen, og så var det berre til å trille i veg. Første bit var ned til Amlabukta, og derfra forbi flyplassvegen og mot idrettsanlegget på Kaupanger. Fra ferjekaien på Kaupanger går det gang/sykkelveg, og det var like greit å følge den, men det var rart kor mykje brattare det var opp til Kaupangsenteret på sykkel enn med bil....
Derfra valgte eg å følge den såkalla "Folkevegen", dvs. den gamle ferdselsåra mellom Kaupanger og Sogndal. Hvis du ikkje har gått/sykla denne vegen før, så er det på¨tide. Eg måtte gå av sykkelen nokre få meter, men ellers kunne eg trille heile vegen til Loftesnesbrua utan å være ute på den travle og mykje trafikkerte Riksvegen.
Første etappe var altså til brua i Sogndal, over 15 km. uten å måtte plage meg sjølv og billistar med å være på hovedvegen. Det hadde nok gått adskillig fortare dersom eg hadde sykla der, men det var nå liksom ikkje poenger denne kvelden.
Ved Circle K i Sogndal var det imidlertid ingen bønn, her måtte eg ut på FV 55, iallfall eit stykke. 4,5 km. vart det på den kjedelige asfaltstripa langs fjorden, før eg kunne ta av på England, og over den 65 moh. høge knubben, før det stuper bratt ned att til Fjorden v/Nagløyri. Heldigvis på grus :-)
Her kan ein, hvis ein er dum eller ukjent nok, sykle opp gjennom Årøytunnelen, men for oss lokalkjente, så tek vi helst omvegen utanfor, via Årøy kraftverk. Det å sykle motbakke i tunnel, i 80-sone, er lite gøy. Det unngår eg, så sant det er mogleg.
Opp Årøyane var det heller ingen veg utanom, bokstavleg talt, så her måtte eg pent følge bilvegen heilt til Okleviki, dvs. ein distanse på knappe fire km. Her er det nå laga til ein ny fin turveg, eller rettare; Det er den gamle ferdselsvegen som er opprusta. Kan sterkt anbefalast! God grussti, og så kjem ein borti i byggefeltet på Hestnes og Galden.
Eg valgte å sykla opp att til YX, og følgde gang- og sykkelvegen forbi Lyngmo, og gjennom det nye byggefeltet mot Stolpen. Her går det fin gang/sykkelveg heilt opp til Hillestad, og eg sykler denne kvar gang, så sant det er høve til det. Kvifor i all verda skal eg surre meg ut i 70-sona når eg kan slippe??
Oppe på Hillestad kan ein velge om ein vil sykle den gamle ferdselsvegen om Hillestadstølen, noko som er ganske så bratt og tungt, eller ned på gamlevegen om Modvobakken. Eg valgte det siste, noko som medførte at eg fikk ein ny km. ute på hovedvegen, før eg kunne ta av til Mollandsmarki, og den fine grusvegen i Morki og forbi Li. Herfra var det berre til å ta "Liarmen" opp til Lambhaug, og gamlevegen ned til Tang. På den tid, i juli månad altså, var det vegarbeid ovanfor Dalane, men så seint på kveld, så stod maskinene i ro. Eg leide sykkelen greit forbi på det ikkje akkurat glatte underlaget.
Nede på Tang, vart det så ein liten tur ut att på hovedvegen, denne gang MOT Sogndal att, i ca. 200 meter, slik at eg kunne komme meg opp på gamlevegen om Sviggaplassane. Herfra gjekk det utanfor hovedvegen heilt heim, på den smått geniale turvegen som vart etablert da Røneidstunnelen vart utbetra for nokre år sidan.
Så der har vi det altså. Kaupanger-Gaupne "The Gravel Edition". Eg KUNNE ha strekt det til å bli enda litt meit utanfor asflaten ved å sykle om Hillestadstølen, men det får stå sine prøve.
Totalt brukte eg nesten tre timar på denne fem mil lange turen, og det var inkludert alle stopp. Det mest utrulege av alt, er at det vart over 900 høgdemeter, kven skulle vel ha gjetta det?
Oppsummert kan eg sei at dette var ein veldig morsom tur. Det er ikkje for dei av oss som absolutt skal sykle som ville f på asfalten, men den er også såpass krevande i form av motbakkar, at det er ingen tur for dei som skal på sin første sykkeltur. Det denne turen passar for, er dei som ikkje liker å ferdast der det er bilar som suser ubehaglig fort og nært forbi, samt for dei som vil prøve noko nytt.
Det er også ei henstilling til våre bevilgande styresmakter, om at de må byrje å legge meir til rette for at folk i det heile tatt kan sykle/pendle. Det er få eller ingen som kan pendle langs denne vegen, når det tek så lang tid, og når hovedvegen ligg der, rett ved sidan av.
Mi oppfordring er: Bygg fleire turstiar langs bilvegane. Vi treng ikkje flotte gang og sykkelvegar, men vi treng å bli adskilt fra biltrafikken.
På desse fem mila var eg ute på hovedvegen i ca. 10 km, så det er fullt mogleg å slippe biltrafikk. Men igjen; Eg forstår jo at dette ikkje er ein tur for alle, derfor MÅ vi få fleire turstiar ala Gaupne-Marifjøra på plass. Og så MÅ Vestland Fylke få somle seg til å sette opp skilt om sykkelveg opp gamlevegen på Indre Hafslo. DET burde være enkelt, hvis fylkeskommunen berre vil. Og gidd.
Stravaspor og profil:
Ingen vits i å sykle opp denne 400 meter lange tunnelen, i motbakke, når ein kan ta den omtrent bilfrie vegen på utsida.
Den nye turstien langs Hafslovatnet er veldig fin. Men denne dagen låg det ei buske i vegen. Antagligvis uværet nokre dagar før som hadde vore på farten.
Altså, eg kan ikkje få det bedre enn å sykle på slike vegar. Fine grusvegar, omtrent uten biltrafikk. Dette er fra vegen mellom Morki og Li.
I midten av juli stod det framleis att ein smule arbeid på vegen. Men frykt ikkje, dette er forlengst avslutta!
*************************************************
Nr 5:
Revsnesvegen.
Tilbake i byrjinga av mai, nærare bestemt den 4. så var vi til Lærdal. Normalt er vi i denne bygda for ein einaste grunn; Besøke sjukehuset.
Men denne fine laurdagen var det i eit heilt anna, og langt nyttigare ærend. Vi skulle prøve å sykle Revsnesvegen.
Den som har levd ei stund, slik som vi har, hugsar nok denne vegstrekninga mellom Lærdalsøyri og ferjekaien ute på Revsnes. Etter at det nye ferjeleiet Mannheller-Fodnes og Fodnestunnelen opna, har trafikken ut til Vindedal vorte mildt sagt redusert. Lenger enn dette kjem ein nemleg ikkje, for dei siste kilometrane mellom Vindedal og Revsnes er stengt. For biltrafikk. Vegen skal tilbake til naturen, og vert ikkje vedlikehalden i det heile tatt. Eigentleg så lurte vi på om det lot seg gjere å sykle heilt ut på kaien, men det var berre ein måte å finne ut det på: Prøve.
For den uinnvidde, så var Revsnesvegen ein del av det som eigentleg skulle være stamvegsambandet mellom Oslo og Bergen. Mellom Lærdal og Revsnes er det ca. 15 km, og det er altså dei fem siste som er avstengt. Vegstrekninga stod ferdig på tidleg 1960-tall ein gang, og det var planar om å vidareføre denne til grendene langs fjorden, og inn Aurlandsfjorden. Dette vart det som kjent aldri noko av, da politikarane på 1990-tallet fant ut at lange tunnelar var tryggare for vegfarande. Det hadde dei nok heilt rett i. Revsnesvegen var ein svært rasfarleg veg, spesielt om vinteren.
Trafikken mellom Lærdal og dei siste husa før bommen i Vindedal, er også svært moderat, spesielt før fjellvegen mellom Erdal og Aurland opnar om våren. Det var omtrent ikkje ein bil å møte, på det som i si tid var ein flott og moderne tofeltsveg. Sidan 1994 derimot, har vegstandarden endra seg mykje, og det som var flott den gang, er definitivt ikkje så bra i dag. Det er antaglegvis ikkje gjort vedlikehald i det heile tatt på 30 år.
Men det var ikkje nøye for oss. Fra Erdal og til Vindedal var det artig å sjå korleis vegen ein gang var, med råkøyring for å rekke neste ferje....nå til dags er det meir hjort enn bilar her.
I Vindedal traff vi forresten ein engelsk sykkelturist på terrengdoningen sin. Han såg at vi køyrde "gravel", og da meinte han at det var ok. Vi sneik oss gjennom bommen, og så ut på dei nedlagte fem kilometrane.
Her er naturen i ferd med å overta meir og meir, men vegen er langt fra overgrodd enda. Det var ingen problem å sykle der, og lokale fastbuande hentar seg litt ved her og der. Dessuten er det ein viss trafikk av både fot og sykkelfolk som tek turen utover. Alt i alt, så var vegen i bedre stand enn eg trudde på førehand. Joda, det hadde rasa ut her og der, og det rant litt vatn over vegen einskilde stader, men 30 år etter at siste bil køyrde forbi, så var det ingen problem å sykle der.
Revsnes ferjekai var enda meir aude enn eg kunne hugse at det var. Rart å tenke på at her har det stått tusenvis av bilar i kø gjennom dei 30 år som vegen var i bruk.
Det som ikkje var så hyggeleg, var at ein eller annan nisse hadde funne det for godt å kaste fra seg hundrevis med gamle bildekk ute på kaien. Desse låg i dungevis der, og nokre var sjølvsagt strødd utover dei gamle ventefilene. Nei, det var ikkje dekk fra ferjekaien, det var heilt vanlige bildekk som var dumpa der. Kva slags nepe som har funne ut at dette var ein smart ting å gjere, har eg ingen aning om. Stygt var det iallfall, og med ei opprydding så hadde det frista langt meir å ta turen ut att.
Men nå har vi vore der, for første gang på 30 år. Eg køyrde Revsnesvegen maaaaange ganger i si tid, men nå er det historie. Til tross for dei par hundre bildekka som låg slengt omkring, så var det eit nostalgisk gjensyn med staden, og eg anbefaler alle som har tatt ferja Kaupanger-Revsnes, om å ta seg ein sykkeltur på denne fredelige vegen til neste år.
Over på andre sida av fjorden ser vi SIMAS sitt anlegg i Festingdalen. Artig å sjå det fra denne vinkelen.
På den gamle ferjekaien er det altså mengder med gamle bildekk. Så mange at det ikkje kan komme fra ein privatperson åleine. Dekka ligg strødd, og kva er vitsen? Det veit vi jo. Den/dei som har dumpa dei her, har rett og slett ikkje gidda å levere dei der dei skal være. Idioter.
Kommentarer
Legg inn en kommentar