Sykkelønsker 2025
Dette året fikk vi sannelig tatt fleire av turane som stod på menyen i fjor høst. (Og tidlegare år.)
Men det er ingen grunn til å fortvile, for det er framleis bøttevis med flotte turar vi kan ta. Faktisk er det slik at jo meir eg sykler, jo fleire nye veger oppdager eg. Det må da være bra.
La oss byrje med den enklaste og kortaste. "Enklaste" i betydning koordinering og planlegging.
Det er ein og anna bakke her, men ikkje noko uoverkommeleg for den som har trilla før.
Nr 1:
Vi tar turen over Sognefjellet, igjen. Stopp på Vågå, og så skal vi lesse av syklane der.
Og nei, vi skal ikkje opp Slådalsvegen slik som sikkert alle trudde nå, den turen har eg forlengst sett meg ut. Her tek vi berre NYE turar, som vi har funne i år.
Litt kort sa du?
OK da.
Eg har ein lengre variant klar.
Dessverre ville ikkje ruteplanleggaren samarbeide heilt da eg tenkte ut denne litt lengre rundturen, for det vil framleis være eit mål å unngå dei tett trafikkerte hovedvegane. Vi byrjar som på den korte varianten, men på Lalm så fortset vi berre på sørsida av elva heilt ned til Otta. Derfra kan vi sykle langs lågen ned til Sjoa, men på vestsida av dalen. Fra Sjoa går det så slakt oppover til Randsverk, før vi avslutter som med den korte varianten. Ca. 120 km. blir denne runden. Denne turen kan takast allereie i mai.
Nr. 2:
Neste runde krev litt meir planlegging, men vil være som eit lite eventyr gjennom Jotunheimen.
Vi køyrer til Bygdin på Valdresflya. Der kan vi parkere bilen, og så kjem det geniale: Vi sykler den vesle biten ned til båten som tek oss vidare over dette 25 km. lange vatnet. I motsatt ende er vi komne nesten heim igjen, på Eidsbugarden, men vi skal ikkje ned i Årdal denne dagen. Neida. Nå sykler vi først til Tyin (grusveg i eit par mil) før det går ned mot Vang i Valdres. Her skal vi sykle på nordsida av Vangsmjøsa, og berre håpe på at det NVE-overvåka fjellet Skutshorn ikkje raser ut....
Fra den sørlege enden av Vangsmjøsa stig det så jamnt og trutt på FV 2510 og 2508 over mot Skammestein på RV 51 over....ja nettopp, Valdresflya. Skammestein er noko nedanfor Beitostølen, og derfra er det ca. halvanna mil opp til Bygdin der bilen forhåpentligvis står og venter. Ca. 135 km. og ein båttur på eit fjellvatn. Det kan knapt bli bedre. Nevnte eg at det blir to mil på god grusveg også? Ikkje? Vel, det blir to mil på grus. Ju-huuuu!
Aberet er at vi må vente til langt utpå sommaren før båten går, det er nemleg is her oppe i fjellheimen. Kanskje vi må vente heilt til slutten av juni. Må hugse å sjekke båtrutene.....
Nr 3:
Den siste turen er inspirert av YouTuberen Matthew Norway, som alle sykkelinteressert eigentleg burde ha ei plikt til å følge.
Heller ikkje her er logistikken av dei mest avanserte, ein må berre gidde å gjennomføre det.
Det å køyre til Grotli er ein enkel affære. Der parkerer vi, og så vi sykler Gamle Strynefjellsvegen. Hardpakka grus i eit par mil, før vi får ein av flottaste nedkøyrsler i landet ned til Hjelle i enden av Oppstrynsvatnet. På Hjelle har eg spelt ein uforgløymeleg fotballkamp, for snart 40 år sidan, men vi er berre på besøk denne dagen. For vi må sykle om Hjelle, såklart må vi det, for da unngår vi hovedvegen eit par km.
I motsatt ende av Oppstrynsvatnet har vi nå to alternativ: Mot Stryn og den kjedelige asfalterte vegen til Hornindal og Hellesylt. ELLER vi kan ta den adskillig meir spennande turen om Flo.... Det inneber meir grusveg, og det vil sikkert innebære at vi må gå opp den brattaste bakken, men eg meiner at dette vil gi oss ein bedre oppleving totalt sett. Sjekk videoen! Utfra Strava ser eg at det er fleire som har sykla over her, så da kan ikkje vi være noko dårligare.
Heller ikkje her var ruteplanleggaren heilt samarbeidsvillig, men du kan få eit inntrykk likevel. Uansett rutevalg fra Oppstryn, så kjem vi til Hellesylt, og derfra går det ferje til Geiranger. Da er vi snart tilbake til bilen. Vi må berre sykle opp til Dalsnibba først....
OK, vi MÅ ikkje sykle dei siste fire-fem km. heilt opp til toppen, men har ein først komen så langt, så kvifor ikkje?
Totalt ca. 125 km. sykling, og definitivt den tøffaste av dei tre turane vi skal ta til neste år.
Her må vi vente til Gamle Strynefjellsvegen opnar, normalt godt ute i juni ein gang. Trur vi ventar til den verste ferietrafikken har gitt seg. I august kanskje? Det er vel ikkje prnisessebryllup i Geiranger neste år. Håper eg.
Kven blir med?
Kommentarer
Legg inn en kommentar