Terrifier 3 - filmomtale
Høstmørket drar med seg nifse filmar av ymse slag. Nokre av dei kan være spennande, andre skumle, atter andre kan være blodige.
Så har vi Terrifier-serien.....
Som tar begrepet "blodig" til eit heilt nytt nivå.
Som ei lita oppvarming fikk eg med meg den første filmen med skrekklovnen Art forrige dagen, "All Hallows Eve" fra 2013. Den filmen er nesten sjokkerande dårlig når vi ser den i dag. Art, som den gang hadde ein annan skodespelar under maske, sminke og klovnedrakt, har ein vesentlig mindre rolle, og framstår ikkje på langt nær så ond som i dei seinare filmane.
La oss derfor hoppe rett fram til årets største slaktefest, Terrifier 3!
"Handling":
Vi går først tilbake fem år, dvs. rett etter hendingane i dei tidligare filmane. Der får vi vite korleis det gikk med Art, etter at han vart halshogd på slutten av Terrifier 2. For skulle du ha sett; Det å være hodeløs(!!) er ikkje nok til å bli kvitt denne drapsmaskina. Art er jo besatt av ein eller annan slags demon må vite, og da må det sterkare lut til enn ei ussel halshogging.
Han blir nemleg gjenfødt, eller rettare; HODET hans blir gjenfødt av det einaste attlevande offeret hans fra Terrifier 1, nemleg Vicky. Ho er innlagt på lukka avdeling på ein strengt bevokta psykiatrisk klinikk, som ikkje er verre å komme ut fra, enn at ho og Art enkelte må knerte nokre vakter for å spasere ut dørane.
Vel ute i den normale verda, så går begge to i ein slags femårig dvale i eit forlatt bygningskompleks, før nokre rivingsarbeidarar kjem på inspeksjon. Da vert det liv i gamle seriedrapsmenn/kvinner, og vi er for alvor i gang.
Samtidig er Sienna, heltinne og merkelig nok enda ei overlevande, fra Terrifier 2, også komen ut fra sitt sjukehusopphald. Ho skal flytte heim til onkel og tante, nå som det er jul. Til julefeiringa skal også broren Jonathan komme, samt at onkel og tante har Siennas største fan i 12-åringen Gabbie.
Heilt tilfeldigvis oppdager Sienna at Art er ute på slakt/jakt igjen, denne gang utkledd som grotesk nisse.
Sienna bestemmer seg for å prøve å stoppe Art med sitt magiske, men akk så forsvunne magiske sverd, som tydlegvis er det einaste som kan stoppe han.
Og slik går nå desse 120 minuttane, med ei hemningslaus drapsorgie av ei anna verd. Tilfeldige personar som dukkar opp i Art og Vicky sin veg, endar opp som byggesett i uvisst antall deler, evt. som rein kjøttdeig.
Innvoller renner, blodet spruter, hjerner eksploderer......flytande nitrogen er forresten det hotte nye på draps og lemlestelsefronten, saman med samarbeidsvillige rotter, pistoler (booooring...), samt vår alles favorittredskap; motorsaga!
Eg prøvde å holde ei viss telling med kor mange som enda opp som kjøttdeig/byggesett, men tatt ut av tellinga sånn ca. midtveges.
Altså; Dette er ikkje ein film for kven som helst, akkurat som eg sa etter å ha sett dei to første Terrifierfilmane. Ein skal ha ein viss sans for ekstremvold for å ha utbytte av denne blodsprutorgien.
Skummelt? Fins ikkje.
Ekkelt? Nei.
Lo eg? Såklart. Det høyres kanskje rart ut at ein reiser på skrekkfilm for å le, men slik er det nå ein gang.
Hvis ein ikkje kan sjå den kolsvarte humoren i dette, så kan ein berre la være. Terrifier 3 gir seg ikkje ut for å redde verda fra krig og hungerkatastrofer. Dette er rein og skjær voldsunderholdning for skrekkfans.
Er det så ingenting feil med denne filmen? Joda, Art får faktisk litt for lite plass ved sidan av Vicky. Han vert nesten som ei bifigur til tider, og han har fått litt for stort rom til å være klovn kontra drapsmaskin. Til neste film vil eg ha meir drapsmaskin og mindre tullball takk!
Terrifeier 3 er ein film som trygt kan anbefalast genrefansen. Absolutt alle andre skal styre unna.
Så vil eg gjerne framheve den lokale kinoen som fant ut at det var ein passande ide å la ein av sine ansatte kle seg ut som....Art....og så vandre inn i kinosalen midt under forestillinga. La oss berre sei at DET gjorde susen for dei litt mindre skrekkvante i kinosalen. Utruleg kor høgt 18-år gamle damer kan hyle.
Terrifier 3 er blitt ein stor suksess, og har på under ein månad dratt inn over 600 mill NOK, noko som må seiast å være ein sensasjon. Filmen har eit lite budsjett på ca. 20 mill NOK, men regissør Damien Leone har fått valuta for kronene. Suksessen skuldast imidlertid ikkje Art åleine, for skamferte drapsoffer og blodsprut herfra og til månen til tross; Den klart beste i filmen er Sienna Shaw, briljant tolka av Lauren LaVera. Art, for tredje gang framstilt av mimeartist David Howard Thornton, er som vanlig bra. La oss også nevne Vicky, som under eit tonn med sminke er framleis tolka av Samantha Scaffidi, på samme måte som i dei to foregåande filmane. Her har ho ei langt større rolle, men om det var så smart, det kan jo diskuterast.
Høgdepunkt: Vicky sin bruk av ein skarp bit av den knuste speigelen, medan Art tester ut nye drapsmetoder, var mildt sagt horribel. Ju-huuuu!
Lavmål: For mykje klovn og for lite drapsmaskin.
Kommentarer
Legg inn en kommentar