O lykke!
Flagget gikk til topps, i overført betydning rett nok, da det torsdag vart klart at Senterpartiet gikk ut av regjeringa.
"Nok er nok" vart det sagt derfra, men vi er etterkvart mange som har syntes det samme om SP.
Etter at dei rei høgt på meiningsmålingane i 2020 og fram mot valget i 2021, så har kvardagen forlengst innhenta dei. Det er lett å rope på lettvinte løysingar og reverseringstiltak når ein sitter i opposisjon. Når det kjem til stykket derimot, og dei høga ropa og lettvinte løysingane skulle omsettast til praktisk politikk, så har SP vist seg ubrukelige. Dei har brukt store ressursar og kroner på meiningslause oppløysingar av kommuner og fylker. Det er oppretta undervisningsstader som ingen har sett nytten av. Dei har gjenopna lensmannskontor som ingen besøker og som stort sett er stengt likevel. Dei har tala varmt for å innføre reine politistatmetoder her i landet.
Men det som altså var dråpen, var at dei ikkje kunne leve med nokre direktiv fra 2018 som EU ville innføre.
Eg kan for lite om straumområdet til å sei kva som er rett eller feil i saka, men erfaringane fra dei tre-fire siste åra er likevel soleklare: Hvis vi skal tru på Støre eller Vedum, så vil eg velge Støre 11 av 10 ganger. Neida, AP sin snuoperasjon i april 2021 skal aldri bli gløymt eller tilgitt, men samanlikna med SP sin giftige og løgnaktige propaganda om våre næraste handelspartnarar og allierte, så var det ein lett valg.
Heile denne historien bunnar nok i adskillig meir enn i å være usamde om nokre straumkabler og innføring av direktiv. Med stadig sviktande oppslutning, så kunne ein gjennoppstått kamp og motstand til "byråkratene i Brussel" være ein god sak for SP.
Det er det nok også.
Eller; Det KUNNE ha vore ei god sak.
For omsider viser Støre seg som den statsmann han skal være, og som han beherska så fullkomment da han var utenriksminister. Knappe eitt døgn etter at SP proklamerte at dei ville trekke seg fra regjeringssamarbeidet, så tryllar Støre og minister Aasland fram eit tiltak som er unisont godt motteke: Den såkalla "Norgesprisen" på strøm. Ein fastpris vil sjølvsagt ikkje redusere strømforbruket eit dugg, snarare tvert om, men det er nå ikkje mitt problem.
SP er med dette parkert på sidelinja i strømspørsmålet, og forhåpentligvis også i dei fleste andre politiske spørsmål for mange år framover. SVÆÆÆÆRT mange år.
Joda, det fins sjølvsagt nokre fra FRP og Rødt som meiner "Norgesprisen" er for lite for seint, men dette er jo fløypartia og opposisjonen sin jobb.
Den mest kritiske røysta kom sjølvsagt fra den forsmådde og utkasta partner SP, som ikkje har stort andre argument å dra fram enn dei vanlige skremselshistoriane om EU.
I SP trur dei verkeleg at handelsavtaler kan erstatte EØS, og at vi kan klare oss sjølv i langt større grad enn vi tross alt gjer. Denne isolasjonsholdninga er ikkje smart å ta med seg i urolige tider, med ein farleg og aggressiv nabo i øst, og ein rabiat, dum fascist som nå skal styre vår viktigaste beskyttar og allierte i fire år. Istaden for å fjerne oss meir fra våre næraste venner i Europa, som SP vil, er det heilt på sin plass å etablere eit nærare samarbeid, aller helst fullt medlemskap i EU, men det er ikkje på dagsordnen nå.
Eg har vært svært kritisk til AP siste fire åra, dvs. etter deira svik i ruspolitikken i april 2021. Nå derimot, ser det adskillig bedre ut, og det er lov å håpe nå. Helseminister Vestre framstår meir og meir som ein slags Bent Høie 2.0, og med SP ute av regjeringslokala kan forhåpentligvis dei mange progressive stemmene i AP også dukke opp igjen. Gudane skal vite at dei har vore sakna.
AP skal ha stor ros for at dei stod i mot sin bakstreverske og konservative partner nå dei siste vekene. Støre har gjort eit comeback av ei anna verd, og internstemmene om at han må gå er bortevekk. Joda, ting ser lysare ut nå for vårt tradisjonelt største og viktigaste styringsparti. Vi trenger eit slikt AP, ikkje den famlande og svake gjengen vi har sett sidan 2021, som i altfor stor grad har latt seg herse med av eit reaksjonert og erkekonservativt SP.
Eg er rimelig sikker på at når historia om AP på 2020-tallet skal skrivast, så vil historikarane være enige om at samarbeidet med SP var den største tabben dei nokon gang gjorde.
SP er nå skubba ut over sidelinja. Dei vil ikkje samarbeide med H og FRP, og kven er da igjen?
Politikkens irrgangar er i sanning kronglete og overraskande, og personleg meiner eg at SP høyrer saman med FRP og KRF der ute på høgrefløyen i norsk partiflora. Gudbedre hvis denne troikaen skulle komme til makta.....
Konklusjonen må bli at AP og Støre har gjort eit mesterstykke av politisk handverk, medan SP har spelt seg sjølv utover, ikkje berre sidelinja, men også ut av stadion, forhåpentligvis for fleire tiår framover.
Det er godt å bli kvitt dei.
Kommentarer
Legg inn en kommentar