Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2023

Kvar gikk det galt i rusdebatten, Arbeiderpartiet??

Bilde
Året er 2017. Rett før jul det året var det hurrastemning i ei rekke politiske miljø, for nå skulle det skje ei omlegging av vår farlege og dødelige narkotikapolitikk. Eit breitt fleirtal på Stortinget beståande av H, V, Sv, Mdg, Rødt og AP gikk inn for det som skulle bli den mest omfattande og viktigaste helsereforma på maaaaange år. Som vi alle veit: Vi snakker om rusreforma. Det vart satt ned eit offentleg utvalg, som i i løpet av eit par års tid skulle komme fram med sitt utkast til korleis ein slik reform burde være. Utvalget kunne ikkje seiast å være av den spesielt liberale typen, men tvert om ein fagleg forsamling fra ei rekke samfunnsområder. Mandatet var gitt, og utvalget gikk i gang med sitt svært omfattande arbeid. I ettertid har bl.a. politimeistaren i Bergen sagt atd ette var kanskje den beste utredninga på området han hadde sett. Han gikk likevel imot den, men det er ein anna historie. Det interessanteer er den tverrpolitiske bakgrunnen for den nye linja som dei var skjø...

FV 55, Nes - Høyheimsvik

Bilde
Oppdatert 15.11.2025: Det er fort det går eit år, for så lang tid er det faktisk sidan forrige oppdatering om denne høgst etterlengta oppgraderinga av ein av landets dårlegaste vegstrekningar. Nå er det kome ein presentasjon om korleis vegeigaren ser føre seg korleis vegen skal bli. Kort oppsummert; Det vil bli ein tofeltsveg, med gul midtstripe, som seg hør og bør. Ikkje noko dilldall om ei mindre oppgradering som ordføraren ymta frampå i fjor høst. Gang og sykkelveg blir det ikkje noko av, grunna lite trafikk. Ein ÅDT på 970 bilar i 2024 forsvarer ikkje at det skal leggast til rette for slikt. Greit nok. Sålangt ser alt veldig bra ut.  Problemet melder seg når ein får vite at det førebels ikkje er satt av midlar..... Neida. Det VAR satt av midlar tilbake i 2021/2022 eller kanskje det var enda før også? Men nå er dei brått fordufta.  Vi sit altså igjen med ein fin plan. Og det er alt. Det vert sikkert jobba i kulissane for å få på plass midlane som vart lova oss, men vi kan ...

"The Last of Us"

Bilde
 Av og til.... Av og til dukker det opp filmar og TV-seriar som er heilt fantastiske, og når ein har sett dei, så forstår ein at HER har ein bevitna noko heilt spesielt. Filmar og TV-seriar basert på bøker er langt fra noko nytt, og vi har også hatt suksessrike seriar og filmar basert på tegneseriar.  Det siste nye er seriar og filmar basert på diverse dataspel, og det er nettopp det vi skal sjå på i kveld:  HBO sin fantastiske versjon av dataspelet "The Last of Us" Eg har aldri spelt The Last of Us, har heller ikkje noko ønske om det, men eg har sett det som er HBO sin storsatsing, og svært suksessrike TV-serie av samme navn . Og la det være sagt med ein gang; Dette er kanskje den beste TV-serie eg har sett. Saman med Watchmen  fra 2019 (Også HBO), samt The Sandman (Netflix, 2022) , er The Last of Us, heilt der oppe. I ultraklassen. Handling: Vi byrjar i 1968, med ein slags prolog der det vert diskutert denne sopptypen som tek over "hjernen" til innsekt, eks. maur,...

Sol og vind i Gåpnabøgdi

Bilde
På min forrige platform hadde eg nokre meir eller mindre gode idear om korleis heimbygda kunne endre seg fram mot 2030. Vel, dei fleste ideane  var nok ikkje så veeeldig gjenomtenkte...lov å leike seg da! Nokre av dei planane ser eg allereie er påbyrja, antaglig lenge før eg skreiv om det, så da må det ha vore noko vettugt i dei. Andre av mine idear var heilt urealistiske, medan atter andre veit eg er så kostnadskrevande at dei neppe kjem i mi levetid. Eller nokon gong. Til slutt har vi dei ideane som allereie kan skrinleggast grunna omreguleringar e.l. men i topplokket boblar det stadig, og kva var det som vart kokt i hop forrige natt? Jo, ei pilotsatsing på sol og vindkraft. Først: Kvifor? Duh! Sjølv om vi bur i ein av landets store kraftkommunar, så veit vi at det vert utfordringar i åra framover. Kva med å tenke litt nytt og alternativt?  Vi har heller ikkje noko val, all den tid vi ikkje ynskjer å bygge ut meir vannkraft. Personleg meiner eg det er ein feil, da vi vil få ...

This week in.....popcorn!!

Bilde
24.10.2024: Lite engasjerer så mykje som skulenedleggingar. Det er fullt forståeleg. INGEN vil jo miste skulen sin! Det har skjedd her i kommunen også, faktisk er tre skular lagt ned siste par tiår, som eg kjem på i farten. Fortun skule, samt dei vidaregåande skulane på Hafslo og i Gaupne.  Slikt burde ikkje framkalla popcornet, men det gjer reaksjonane og den interne kranglinga mellom representantar fra regjeringspartia. For oss som står utanfor og berre ser på fra avstand, så er det popcornfaktor når den ellers ubrukelige justisministeren skuldar fylkesordføraren i heimfylket for å være ei politisk hore. OK, ho brukte litt andre og meir danna ord, men det var det ho meinte. Fylkesordføraren fra Sp sin regjeringspartner Ap, hadde nemleg gått inn for å legge ned nokre skular i Innlandet, og slikt blir det baluba av. Nedlegginga altså.  AP-boss Støre meinte at ein slik ordbruk ikkje var greit, men justisministeren har ikkje ville beklage. Noko som fortel oss at Støre ikkje har ...