This week in.....popcorn!!

24.10.2024:
Lite engasjerer så mykje som skulenedleggingar. Det er fullt forståeleg. INGEN vil jo miste skulen sin!
Det har skjedd her i kommunen også, faktisk er tre skular lagt ned siste par tiår, som eg kjem på i farten. Fortun skule, samt dei vidaregåande skulane på Hafslo og i Gaupne. 
Slikt burde ikkje framkalla popcornet, men det gjer reaksjonane og den interne kranglinga mellom representantar fra regjeringspartia.

For oss som står utanfor og berre ser på fra avstand, så er det popcornfaktor når den ellers ubrukelige justisministeren skuldar fylkesordføraren i heimfylket for å være ei politisk hore. OK, ho brukte litt andre og meir danna ord, men det var det ho meinte. Fylkesordføraren fra Sp sin regjeringspartner Ap, hadde nemleg gått inn for å legge ned nokre skular i Innlandet, og slikt blir det baluba av. Nedlegginga altså. 

AP-boss Støre meinte at ein slik ordbruk ikkje var greit, men justisministeren har ikkje ville beklage. Noko som fortel oss at Støre ikkje har kontroll på flokken sin, men det visste vi jo alle fra før. Finansministeren har såklart støtta sin populære (gudane må vite kvifor) regjeringskollega, og framheva at denne saka viser kvifor SP trengs. Ja, for uten dei så vil Distriktsnorge dø ut. Det er nemleg viktig for denne regjeringa å ta vare på distrikta, iflg. ein plattform dei kokte ihop for nokre år sidan. Denne plattformen var visst ikkje så mykje verdt da det kom til stykket, for når Innlandet AP kunne hore seg til makt, så kunne dei ikkje la ein slik sjanse gå fra seg. Iflg. Mehl da.

Vel, dette er resultatet av den politikken som denne regjeringa ønsker å føre; Meir lokaldemokrati. Avgjerder skal takast der folk er, og "ikkje inne i Oslo". Men det gjeld tydlegvis berre avgjerder som fell positivt ut for SP. Når dei lokale avgjerdene ikkje er som SP vil, så er lokaldemokratiet litt fy-fy likevel??. Vi såg det i fjor, da Oslo ville prøve med avkriminalisering av narkotiske stoff. Blankt avslag, lokaldemokrati til tross. Nå, i ei sak der lokaldemokratiet har tatt ei avgjerd som SP er imot, så blir det også feil.

Så her er vi altså: Eit AP som går stikk motsatt veg av det dei sa før kommune og fylkestingvalget i fjor, og eit SP som ikkje tåler at lokaldemokratiet fungerer.

Hmmm. 
Hadde Innlandet og Norge berre hatt ei regjering som ville ta vare på distrikta, og som i tillegg hadde ein finansminister som kunne strødd litt meir pengar utover....

Popcorn, uten tvil!

But wait!
For kven andre enn grunerløkkamannen Trond Giske måtte komme på bana og kritisere Mehl.
Altså, det kan ikkje bli bedre enn dette. Trond Giske altså, mannen som står i fare for å havne på Stortinget att, klarer ikkje å dy seg, og klager over SP lokalt oppe i Trøndelag.
Dette er heilt priceless. Trond Giske og Emilie Enger Mehl i open konflikt, og statsministeren lar det skje.

Er det rart at AP nå er halvparten så store som det berømmelige 36,9% ? 
Er det rart at SP nærmar seg sperregrensa?? Og at Mehl står i fare for å ryke ut??

Jaja, slik går nu dagan. Mens skular i distrikta blir nedlagt på AP og SP si regjeringsvakt, og krangelen går mellom dei to partia på deira veg ned i avgrunnen, så går eg ut på kjøkkenet og.....lager popcorn, såklart! Ingenting kan glede meg meir enn at desse to partia krangler seg ut av regjeringsbygget.


**********************************************************


3.2.2024:

Lite er så artig og popcorninspirerande som når maktpersoner trakker i salaten. Det være seg når nokon av dei blir tatt i juks med masteroppgaver, reiserekningar, pendlerboligar.....
Eller når det oppstår intern krangel i eit politisk parti.
Eller når poltiske prestisjeprosjekt går i dass.

Dei to siste tilfella har vi hatt nokre skikkelig gode eksempel på siste dagane.

Nr. 1:
Industri og næringspartiet er splitta. Intern krangel og usemje om vegen vidare, gjorde at partileiaren trakk seg, og dagen etterpå starta han likegodt eit nytt parti, Det Norske Industriparti.
Kranglinga har verkeleg vore ei popcornbøtte verdig, og til alt hell ser det ut som om det viser seg att på siste meiningsmåling i Nettavisen. 
Etter å ha sveva høgt, faktisk godt over fleire av dei andre partia på målingane, var INP tilbake der dei høyrer heime, dvs. under sperregrensa. 


Fortset slik, så befinn INP seg snart i kategorien "andre" igjen, saman med andre obskure politiske utskot ala Alliansen, Konservativt og "Folkets" Parti.


Denne meiningsmålinga er også godt nytt for oss som ønsker SP så små som mogleg. Dette partiets siste krumspring, i form av ein hjelpelaus folkeavstemning nede på Sørlandet, er ei oppvisning i korleis eit politisk parti kan skyte seg i foten. Til glede for oss andre. Det fører oss rett over på.....

Nr. 2:
Joda, kommune og regionreforma var kanskje ikkje det beste som Solbergregjeringa fant på, men det har langtfra ført til undergangen for nasjonens distriktskommunar heller. Reversering av desse (i nokre tilfeller nødvendige) reformane, vart liksom SP sin O Store Kampsak før valget i 2021. Nå som diverse samanslåingar har gått seg til, så viser det seg at alt dette slett ikkje var så gale likevel, og at befolkninga ikkje har merka nokon negativ effekt av dei. 
Det ville derfor ha vore mildt sagt tullete å bruke hundrevis av millionar på å splitte opp att fylker og kommunar igjen. Viken og Troms/Finnmark er tilbake til h.h.v. Vestfold, Buskerud og Telemark, samt Troms og Finnmark. Om innbyggarane vil få det så mykje bedre nå som dei gamle fylka er tilbake?  Neppe.

Oppsplittinga av fylker og kommuner var ein politisk jippo av SP, som AP av ein eller annan merkverdig grunn lot seg lokke med på. Ganske sikkert svært motvillig i mange tilfeller.
Nå, nokre år etter kommune og regionreforma, så gikk lufta ut av SP sin misnøyeballong. Ingenting illustrerte dette bedre enn helgas folkeavstemning i Søgne og Songdalen. SP hadde fått AP og SV(!!!) med på å endre lovverket(!), slik at ei oppsplitting kunne bli meir spiseleg. 16 åringar kunne få stemme, men kun i dei to kommunane, ikkje i den tredje kommunen i samarbeidet, Kristiansand.

Nå er resultatet klart: Hverken Søgne eller Songdalen vil ut av samanslåinga att. Folkefleirtalet, med god valdeltaking, viste at oppslpitting ikkje var ønskeleg. 

SP kan sei kva dei vil, om at alt dei har gjort er å "lytte", men realiteten er jo at dette er eit gedigent prestisjenederlag for den mest bakstreverske del av ei regjering vi har sett på mange år. 

For oss andre derimot, er det enda ein grunn til å gafle i oss popcorn på SP sin bekostning.
Noko seier meg at det ikkje blir siste gang.


PS: Nevnte eg domstolsreformen som SP ville reversere "så snart det var mulig", i fall dei kom i regjering? Det nærmar seg to og eit halvt år sidan uduglige Mehl entra denne statsrådposten, og sidan har det skjedd.....null. Kven kunne vel gjette det? Men dette er jo samme statsråd som opnar opp att lensmannskontor, berre for å la dei stå stengt og folketomme.

Bra bruk av offentlige kroner! (Ironi)

******************************************************



10.1.2024:
Nytt år, og stadig nye anledningar til å stappe i seg popcorn.
I dag skal vi til landets flottaste familie, nedstamma fra Huset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glucksburg.

Nei, dette er ikkje spøk, eller ein tittel henta fra Game of Thrones.

Vårt kongehus stammer fra denne gamle tyske fyrsteslekta, enten vi liker det eller ei.

Joda, kongehuset vårt er nå der. Noko nyttig har dei ikkje gjort på maaaange tiår, men vi blir ikkje kvitt den levninga fra gamle dagar med det første ser det ut til.
I seg sjølv er kongehuset ein harmlaus institusjon, utan reell makt her i landet. ALT vi ser om kongen og hans familie er teater, om enn ikkje på det nivået vi ser i andre europeiske kongehus, t.d. freakshowet i Storbritania.

Akkurat nå skal vi være mest glade for at arvelova for tronarvingar vart endra såpass seint at Haakon og Mette-Marit vert sittande som formelle statsoverhovud om nokre år.
Det kunne vært verre; Vi kunne faktisk fått ein kvakksalver som dronninggemal. Ein kvakksalver som skal gifte seg med det som altså kunne vært tronarving her i landet, og altså landets neste formelle statsoverhode.

OK, ein kvakksalver er ille nok, men hans siste utspel om sjølvmord var ille. Svært ille.
Som pårørande og etterlatt burde eg bli dritsur, men heldigvis har han sagt så mykje dumt fra før at ingen tar han seriøst lenger likevel. Men sårande er det jo.

Men igjen: Dette er mannen som hadde fått ein fjong tittel, og flytta inn i landets mest fornemme adresse. Det var kun ei treg endring av arvelova som forhindrar at det vil skje.
Neste spørsmål må da bli: Kor lenge skal vi beholde monarkiet? Kongemakta er heldigvis flytta ut til folkevalgte organ, og kongehuset har kun symbolsk betydning. Tida er overmoden for at Grunnlova vert endra (det er ein omstendlig prosess) og vi kvitter oss med denne styreforma som kun er ein levning fra middelalderen.

Fram til vi vert republikk, neppe i mi levetid, så får vi heller tåle at mannen som altså kunne blitt dronninggemal gir oss stadig nye grunner til å handle popcorn. 

*****************************************************



23.11.2023:
Ein månad med Postkassetrim og jernbanehistoriar er over, så nå kan vi OMSIDER fokusere på det viktige igjen; Underlige utspel fra politikarar og maktpersoner som er beint ut lattervekkande, les ufrivillig komisk. Slikt gir oss alltid ein grunn til å....ja....finne fram litt popcorn!
 

Vår største bidragsytar på området er uten tvil Senterpartiet. Gudbedre så mykje popcornstoff dei har gitt oss siden dei (dessverre) kom i regjering for eit par år siden. Til tross for at den verste av dei, Ola Borten Moe, er ute av politikken for godt (får vi håpe), så bidreg dei flittig. Den eine som viser seg å kunne måle seg med OBM er Geir Pollestad, landbruksminister og greier. Tidlegare har han utmerka seg ved å ville bryte Grunnlova, da han meiner at politiet skal bruke tvangsmiddel mot norske borgarar, utan mistanke om lovbrot. Sterkt gjort!

I sin nye stilling som landbruksminister vil han nå utrydde villsvin. Det er forsåvidt ikkje ein dum ide, da villsvin er ein høgst uønska art i norsk fauna. Villsvin finns i nokre hundretusen eksemplar i Sverige, og er allereie i ferd med å passere den laaaange grensa til Norge.
Kor lett og praktisk det vil bli å utrydde villsvin skal være usagt, noko seier meg at det vil bli bortimot umulig, men det er  ikkje poenget her.
Det morsomme er VG sin vinkling på saka. Pollestad inviterte avisa med til dalstroka innafor for å vise kor handlekraftig(??) han er. Med lånt gevær, barsk positur og døde villsvin, så skulle ein tru at vi hadde med ein skikkelig tøffing av ein jeger å gjere.




VG sine billedtekster i denne saka er berre hysterisk morsomme. Det røde krysset derimot, det er mitt. Ein mann som poserer slik, med statsrådbilen i bakgrunnen, og uten at han har nokon gang har hatt jegerløyve, er berre total baaabuuu.





Gudbedre for ein klovn. Men grunn til å gi oss popcorn...det er det jo!


Vi må holde oss til SP, iallfall delvis. Vår ubrukelige justisminister, den åttande i klovnerekka av dei ni siste no less, har mottatt kraftig kritikk fra omtrent alle fronter siden.....ja....da ho tiltrådde i jobben. Symbolpolitikken til SP, den å opne nedlagte lensmannskontor, har vist seg å være nettopp det; Symbolpolitikk. Tomme, stengte kontor som nyleg er reopna.....kva kan slå feil? Alt, viser det seg. Kontora har ikkje innhold, dei er berre der, uten nyttefunksjon i det heile tatt. Men husleiga må sjølvsagt betalast for det. Istaden for å bruke desse pengane på etterforskning av alvorlige straffesaker, så går det altså til husleige av kontor som aldri er opne. Ein må være svært innbarka Senterpartist for å synes dette er nyttig bruk av skattekroner. 
Denne gedigne feilprioriteringa har ført til massiv kritikk fra politiansatte. Naturleg nok.

Svaret på denne kritikken?

Politidirektør Bjørnland veit svaret! Slutt å kritiser!!





Bjørnland burde ha mista jobben forlengst etter samrøret mellom politiet og NNPF, men sitter av ein eller anna merkeleg grunn i stillinga si. Det belønner ho nå ved å be sine undersotter om å ikkje kritisere justisministeren....
Det må jo nevnast at Mehl tidlegare i år ba folk om at vi ikkje måtte kritisere politiet for manglande tillit, for det kunne føre til....manglande tillit...

WOW. Just WOW.

Politidirektøren har, som den lojalist ho er, henvendt seg til etaten, men slike hensyn trenger ikkje eg å ta. Mehl er totalt ubrukelig i jobben sin. Eg hadde aldri tenkt at det kunne bli verre enn den før omtala klovnerekka vi fikk fra FRP i si tid, men I stand corrected! Mehl er jaggu verre. DET er litt av ein prestasjon.


Skal vi også ta med litt fra dei siste meiningsmålingane? Kanskje rippe litt i lakken til Senterungdommen? Dette var partiet som meinte det ikkje var rart at V nærma seg sperregrensa, all den tid "dei ville ha fri hasj og greier". To år seinare kan vi fastslå at V og Sp er omtrent like store. Eller små.




I desember 2020 oppnådde Sp 21% på målingane (Poll of Polls), medan V låg under sperregrensa på 3,3%


I november 2023 er Sp tilbake der dei høyrer heime, om enn framleis 1,6% for høgt etter min smak. (Poll of Polls) Men utviklinga er i det minste fin! Popcorn? Gjett om.


Vi kan avslutningsvis i kveld avsløre at ein politimann borti Østfold har sitt å stri med. I flg. eit oppslag i Østlandets Blad er det barn i 12-års alderen som kjøper dop, og det skal visstnok være lettare å kjøpe narkotika enn vin. Årsaken til at det er slik, er at Vinmonopolet har opningstider, medan dei som selger narkotika har døgnopent.


Ein skulle kanskje tru at denne politimannen kunne enkel hovedregning, slik som 2+2=4, men neida. I hans verden blir dette regnestykket -3726,87 eller deromkring.
Den enkle, kunnskapsbaserte og trygge metoden å regulere narkotikaomsetninga på, burde såklart være å gjere som med den omtala vinflaska. Men neida. Denne politimannen meiner lenger oppe i artikkelen at "dei har mista verktøy", og at dei ikkje lenger kan "hjelpe". 
Vel, hvis du ønsker å hjelpe, så bør du bli helse og omsorgsarbeider, og hjelpe 12-åringane på den måten. Dei er under den kriminelle lavalder, så dei skal ikkje ha noko med politiet å gjere likevel.

Innlegget er sjølvsagt kun enda eit sutreutspel fra ein politimann som antagligvis må finne på noko anna enn å opprette ferdig oppklarte brukersaker. Det ser jo pent ut, men nyttig ser det ikkje til å ha vore, all den tid bruken har auka i 50 år, og at tusenvis har døydd som ein følge av den politikken han har vore med på å føre.

Det kunne ha vore trist, og er det, men det er også ganske popcornframbringande når folk forstår så lite av sin eigen argumentasjon. Logikk burde vore pensum på Politihøgskolen. 


***************************************************************





3.10.2023:

Litt fra både fjern og nær i dag.

La oss begynne med ein på Stortinget som klager på......korker....




Eg trudde i mitt einfold at når du satt på Stortinget, så brukte du tida di på noko nyttig. Evt å oversjå kva ektemannen driv med på aksjefronten når du er statsminister, evt. utenriksminister 

  #gåavbeggeto

Men istaden for å bruke tida på energiforsyning, beredskap, utbygging av helseinstitusjoner og andre bagatellar, så velger nokon å ergre seg over at Ringnes skal begynne å feste korkane på flaska, slik som Coca-Cola har gjort nokre år nå. Dette er bestemt i EU, og sidan vi ikkje er medlem der, så har vi ikkje så mykje vi skulle ha sagt; Det er eigentleg berre til å lystre ordre. Det er slik vi har valgt å ha det.

Popcorn er kjøpt.


Neste popcornbidrag kjem fra, atter ein gang, Norsk Narkotikaforebyggendeforening (NNPF, det er kun ein kosmetisk sak) som skal arrangere såkalla "utdanningskonferanse" på Gardermoen i høst. Styreleiaren deira har etterlyst fleire påmeldte, noko eg ser på som eit godt tegn. Fint at færre melder seg på denne kvakksalverkonferansen, i regi av ein ekstremistforening på området.

Eg tok ein kikk på programmet for "konferansen", og eg lurer verkeleg på kva utdanningsnivå denne samlinga har lagt seg på.


Eit av tema er altså "hvem tjener penger på cannabisindustrien i Norden"?
Really? De må ha ein utdanningskonferanse om dette?

I fall NNPF ikkje veit om det, så er det stort sett kriminelle som tjener på cannabisindustrien. Det mikroskopiske som fins av medisinsk cannabis er ein dråpe i Stillehavet samanlikna med den totale omsetninga og forbruket.
Og ikkje nok med det; Det er akkurat slik NNPF har jobba for å ha det sidan stiftinga deira for over 30 år sidan. Såklart vil dei påstå å ville fjerne all narkotika fra markedet, men bakkekontakt og realisme har aldri vore i høgsetet der i gården. 

Det er nemleg ikkje til å komme ifra. Alle de som framleis vil ha bruk, salg, innførsel og produksjon av cannabis ulovleg og endatil straffbart: Det er ei gedigen gavepakke til kriminelle.  

Meir popcorn takk!!



Til slutt i dag vil eg imidlertid tenne eit lys framfor å kjøpe popcorn. Av og til er det nemleg slik at vi kvite middelaldrande herremenn treng den støtte vi kan få. Og i dag vil eg oppfordre alle andre middelaldrande herrer til å tenne lys også. 


Det må være hardt å sjå rutebussen reise forbi heile køen, medan ein sjølv må stå i kø.

Dakars.



********************************************************



25.8.2023:

Da er det popcorn-time igjen!!
Nå som det nærmer seg valg, så virker det som om popcornbidraga er ekstra hyppige, så la oss berre hoppe i det.
Kor skal ein begynne i dag?
Kanskje med noko seriøst og faktisk ganske fornuftig?
Dette forslaget fra visepolitimester i Vestland er veldig bra!
Ein slags politikommisjon, der ein må forvente at politiet skal arbeide kunnskapsbasert er slett ingen dum ide, om enn det burde være ein sjølvsagt sak for fleire tiår sidan. Det er nesten synd at det må være på tale med ein eigen kommisjon, berre fordi ein må arbeide etter kunnskap, og ikkje etter synsing.

Innlegget tek for seg arbeidsmetodar, bemanning, økonomi m.m.

Men om dette kan la seg gjennomføre i den svært konservative politietaten lurer eg verkeleg på. Nye arbeidsmetodar og nye organisasjonsmodellar blir ikkje alltid like godt mottatt der i gården.
Altfor ofte høyrer vi argumentet om at "det er vi som er ute i gata som vet hvordan det virkelig er", noko som er heilt feil utgangspunkt. Det "vi ute i gata" forteller, er faktisk ingenting anna enn eigne anekdoter, og dei kan ikkje brukast til noko som helst.
Det ein må stole på er grundige forskningsrapportar, utredningar og analyser.
Slik som ein offentleg utredning på over 400 sider, som berre vart ignorert, og endatil direkte motarbeida av store deler av norsk politi. Problemet? Tja, utredninga leia ikkje fram til det resultat og den konklusjon som etaten ønska, da var det brått "vi mener" og "våre erfaringer" som talde meir enn dei faktiske forskningsresultata.
Så at norsk politi brått skal begynne å arbeide "kunnskapsbasert", når den samme etaten glatt overser den mest grundige analysen som er gjort på eit bestemt fagområde...det har eg liten tro på.
Håper eg tar feil.


Men nokre ekte popcorn-bidrag har kome siste dagane, og ingen gir oss meir grunn til å fylle begra, og i dette tilfellet bøttene, enn vår alles ubrukelige justisminister.
MOT alle politifaglige råd, mot t.d. fagorganisasjones ønske og anbefaling, så vil regjering gjenopne tidlegare nedlagde tjenestestader. Uten at eg har sjekka altfor nøye, så tipper eg at svært mange av desse reopna tjenestestadene er heimehøyrande i SP eller AP styrte kommunar???

Joda, det kan være fornuftig med vinteropen politistasjon i Hemsedal, sommeropen i Geiranger, samt ei styrking av einskilde bydeler i Oslo. Men det er eit langt steg derfra til å gjenopne kontor i kommunar der det har vore, og er, minimalt med kriminalitet. Og skulle du ha sett: Undra si tid er ikkje over, det er faktisk mogleg at ein våre verste justisministrar nokon gang (Og noko Erna Solberg ALDRI kan tilgis for), har eit poeng. 

Dette er ingenting anna enn symbolpolitikk nå rett før lokalvalget, ikkje at det overraska altså. Symbolpolitikk er viktig for våre SP-statsråder, og til alt hell er det nå berre to år til vi forhåpentligvis er kvitt dei. For ein laaaaang periode.

Men justisminister Mehl var ikkje ferdig med å dele ut symbolpolitikk: Ho tok likegodt og talte varmt for å fortsette ein politikk som har pågått i over 55 år her i landet, og som fleire og fleire heldigvis forstår er ein meiningslaus strategi.
I høve dei siste månaders store kokainbeslag, så går det klart fram at denne regjeringa ikkje vil liberalisere narkotikapolitikken. Neida, det skal fortsatt "satses knallhardt" mot denne typen kriminalitet. Dvs. på samme måte som vi har gjort i over 50 år. 
Det er beslaglagt 2,5 tonn kokain i 2023 her i landet, 20 ganger meir enn i heile fjor, og svaret er; Fortsett som før.
Altså; Slike beslag ser fint ut for toll og politi, men det har liten effekt på markedet. Resultatet er at prisen aukar ein smule nokre dagar, og nye aktørar kjem inn på marknadet. 
Istaden for å destruere 2,5 tonn kokain, så var det Staten som skulle stått for omsetninga, DET er nemleg måten å redusere eit 100% illegalt marked på. Eg har sagt det til det kjedsommelige før; Ta ansvar, legaliser og reguler, da bruken ikkje forsvinner likevel. 
Dessuten; Var det ikkje slik at politiet ville "miste muligheten til å ta bakmenn", når dei fjor ikkje fekk lenger bryte lova i form av tvangsmiddelbruk? Var ikkje det å "ta brukerne" nærast ei forutsetning for at det kunne foretas større beslag og gå etter bakmenn?

Greit å sjå at dei i etaten, (les: NNPF) som meinte dette, tok...feil. Som vanlig. Dei store beslaga er altså ALLE tatt ETTER at lova vart presisert, og at politiet berre må følge dei lover som gjeld i ein demokratisk rettsstat. Joda, dei ØNSKER seg politistatmetoder i NNPF og SP, men det får dei jo ikkje.

Men i Mehl og SP sin verden, så fins det ikkje snev av nytenkning og fornuft i det som heiter ruspolitikk. Igjen:    To år nå.......Teller ned....
Vel, vi får la Mehl fortsette med å gi oss grunn til å poppe. Det ser ikkje ut til å stoppe med det første.


Vekas desidert største popcornbidrag kom imidlertid fra eit anna hald. Vi reiser til Tromsø for dagens ubegrunna og totalt udokumenterte skrekkoppslag om......kokain. (gjesp).
Joda, det flyyyyyter med kokain. Så mykje at over 95% av befolkninga ikkje har prøvd det ein gang siste året.


Løysinga i Tromsø? Ein kreativ vekter har funne ut at å smøre matolje rundt omkring, hindrer bruk av kokain.
Joda, det å smøre matolje på alle glatte flater inne på dassane er liksom løysinga. For da går det ikkje an å snorte striper lenger. 
Hmmm...... nokon har sett for mykje på gamle filmar om korleis ein inntek kokain???
Det går utmerka godt å ta seg litt kokain uten å fordele dette i passande striper med platinakortet sitt, inne på......eit dolokk? Joda, det KAN nok skje at det blir dratt ei og anna stripe på dass, men køane inn dit skuldast nok heilt andre ting; Nemleg at folk skal la ølet gå ut igjen. Hvis det er slik at lange køer inn til toaletta er fordi dei skal bruke kokain, så var det jammen slik på gamle Sfinxen og Lægreidskjellaren på 1980-talet også. Der var det nemleg laaaaange køer også, men utruleg nok, så såg eg aldri snurten av kokain. Men altfor mykje øl.

Vel, la oss sei at matolje på toalett hindrer kokainbruk da. Personleg synes eg det høyres usedvanlig grisete ut, og gudane må vite kva Mattilsynet synes om matolje på slike flater. For ikkje å snakke om den uheldige som skal vaske vekk olja etterpå. 
Dessuten; Dersom ein absolutt MÅ bruke kokain på akkurat den utestaden, så er det jo berre til å gå på ein annan utestad, så løyser ein mange problem for seg sjølv. Det er neppe vanlig med matolje på alle toalett i Tromsø enda.

Vedkommande som synes dette er ein genistrek, er vektar i PSS Securitas, og da forstår vi jo litt meir. 
PSS Securitas var fram til nyleg den siste såkalla samarbeidspartneren til ekstremistane i Norsk Narkotikaforebyggendeforening (Joda, det ER NNPF), og voila! så forstår vi at trikset med matolje er akkurat like dumt og like grisete som vi kunne ane. Ingenting fornuftig kjem jo fra NNPF i dette spørsmålet.

Saman med SP er NNPF gaven som alltid gir og gir på rusfeltet.
Dei gir oss iallfall enda nokre grunner til å poppe.


************************************************

21.7.2023:

Ei stund sidan siste oppdatering av denne posten, men det skuldast ikkje mangel på bidrag, meir ein manglande vilje til å oppdatere fra mi side.

Kor skal vi begynne?
Med kulturministeren som måtte pakke sammen for nokre veker sidan?
Næ, for kjedelig. Kun ein handfull poppis av det nå.

Raudtleiar Moxnes som blir tatt for å naske merkesolbriller på Gardermoen?
Jo, det blir popcorn av det også, men kun eit lite beger.

Men vi har jo bidragsyter nr. 1 på popcornfronten, nemleg Norsk Narkotikapolitiforening, som skifta navn til Norsk Narkotikaforebyggendeforening her i vår. 
Eit navneskifte for denne antidemokratiske foreninga er kun som å smike grisen, men dei gir oss iallfall underholdning. Gang etter gang.
Denne veka kunne NNF fortelle at det nesten ikkje blir tatt ungdommar for narkotikabruk lengre, og det er visst eit stort problem. Iflg. NNPF (Eg bruker den gamle forkortinga, gris og sminke osv). 
Som dei antidemokratiske forkjemparar dei alltid har vore, så vil dei nå at politikarane skal gi politiet tilbake virkemiddel, som politiet aldri har hatt lov til å bruke.
Som kjent vart den omfattande bruken av tvangsmiddel mot personar kun mistenkt for BRUK av illegale rusmiddel, effektivt stoppa i 2021 da Riksadvokaten kom med sitt oppdaterte rundskriv.

Som einkvar oppegåande person her i landet nå bør vite om, så er ikkje bruk av illegale rusmiddel å rekne som eit såpass alvorleg lovbrot at det heimlar bruk av tvangsmiddel. Ergo så reknar eg ikkje NNPF som spesielt oppegåande.
Det er smått komisk når politiansatte, som jo dei fleste medlemmane i NNPF er, vil ha heimel til å bruke nettopp slike metodar.
Altså; Vi lever i ein rettsstat, ikkje ein eller annan bananrepublikk der styresmaktene kan bruke metodar som bryt med Grunnlov og internasjonale menneskerettar. Det er akkurat det NNPF tek til orde for.

Iflg. samme organisasjon, så har antal anmeldelsar gått drastisk ned sidan Riksadvokatens rundskriv.

Det er berre eitt stort problem:
Nedgangen skjedde to år FØR rundsskrivet kom....


Det undrar meg storligen at Riksadvokaten skal få skulda (eller æra i mine auge) for at politiet to år TIDLEGARE openbart byrja å ta til fornuften, og ikkje lenger fant det formålstjenleg å anmelde unge for bruk av illegale rusmiddel. Du ser, dei fleste politifolk er nemleg ikkje som ekstremistane i NNPF, og gidder ikkje bruke tid på slike bagatellar, som rusbruk tross alt er. 
NNPF sutrer i samme intervju også over at det ikkje lenger blir tatt tak i, og tilbydd "hjelp" til dei unge.
Vel, hvis de hadde latt Rusreformforslaget fra 2019 bli vedtatt, så MÅTTE politiet ha henvist til dei kommunale råpdgivingsnemndene. Slik det er nå, så står desse nemndene berre til pynt, utan å bli brukt. Så resultatet av å gå imot Rusreformforslaget i 2021, vart altså det stikk motsatte av det som var intensjonen. Nice work, idioter!

NNPF kvalifiserer som alltid til eit middels beger popcorn.



Men dagens største popcornbidrag kom, ikkje uventa, og ikkje uten ein viss skadefryd det må innrømmast, da Ola Borten Moe OMSIDER pakka sammen ministertittelen sin,forhåpentligvis for godt.
Dette er altså mannen som saman med bl.a. forsvarsministeren var på den berømte hytteturen der det var sendt grise-SMS til partifelle Liv Signe Navarsete. Ingen av grisegutta fra hytteturen har hatt ryggrad til å vedgå at dei gjorde det, pyser på eit slikt nivå har gjerne ikkje det.

Det er hysterisk det som er kome fram i dag, og det er meg komplett uforståeleg at ein profesjonell og erfaren toppolitikar kan opptre slik. Årsaken er vel like enkel som ein kan forvente: Penger.
Hvis det nå viser seg at han har drive innsidehandel i tillegg, så står ikkje verda til påske. Det vil faktisk ikkje forbause meg eit sekund om han har prestert det også, det vil etterforskninga vise. Håper Økokrim gjer ein skikkeleg jobb, og det er eg sikker på dei gjer, dei er i mine auge landets dyktigaste særinstans i heile justisvesenet.
Det som bringer popcornfaktoren til nye høgder, er at Borten Moe og SP har vore så veldig opptatt av at politiet må "få tilbake dei verktøy som skal til for å avdekke rusbruk", dvs. akkurat det som NNPF har dreve lobby for siste par åra. SP gikk på sitt landsmøte i vår inn for at det kunne brukast tvangsmiddel utan at det eingang var mistanke om bruk av illegale rusmiddel, dvs. politistatmetoder, og da er det EKSTRA stor mengde popcorn når ein av deira fremste tillitsvalgte blir tatt for lovbrot. På eksisterande lover.... 
I mine auge er det Borten Moe har gjort, laaaaaaangt meir alvorleg enn det å fyre ein joint ein laurdagskveld. Og eg trur faktisk fleirtalet av den norske befolkning meiner det samme.

Konklusjonen på dagens bruduljer vart uansett at Borten Moe gikk av som statsråd og nestleiar i SP, og hvis vi er ekstra heldige nå, så ser vi aldri noko meir til han i politikken igjen. Det er mitt store håp, for maken til udugelig minister skal ein leite lenge etter. Det er nesten Mehlske "kvaliteter" over det han har prestert. 

La oss forresten håpe at Mehl blir den neste ut, men det er ei anna historie.

Jammen er det ikkje synd på han da?
Nei.
Ikkje eit gram.
Saman med Tadjik, Enoksen og Trettebergstuen (har eg gløymt nokon nå?) har han brote regelverket, og Borten Moe sitt regelbrot er det desidert verste av desse fire. 
Synd det er to år til neste Stortingsvalg, slik at vi ikkje kunne nytte høvet til å bli kvitt heile denne  regjeringa. Den dagen kan ikkje komme fort nok. 

**************************************************************



25.5.2023:
Det fins element i justissektoren som gir. Og gir. Og gir. Og gir.

Denne gang kan vi finne popcorn-bidraget fra sektorens absolutte toppnivå, i form av justisminister Mehl sin tik-tok video fra FN-bygningen i New York.
At ein justisminister i det heile tatt velger å bruke den svært kontroversielle appen er for meg komplett uforståelig, privat tjenestetelefon eller ei. 
Nåja. Det vekker sikkert ein del merksemd i ....målgruppa....... og velgarmassen....

Men det er ikkje sjølve videosnutten som er det beste her. Det er nemleg musikken.

Mehl valgte nemlig å legge på musikk fra ein rapper som kallar seg Travis Scott.
Eg har aldri høyrt om vedkommande før nå, da rap ikkje har særleg mykje til felles med den musikken eg helst vil høyre på.
Kven er så denne Scott? Og ja, det er såklart eit kunsternavn.

Tja, det er nå ein afroamerikaner som lager musikk han liker, og det er jo vel og bra.

Men han er også ein person som har investert i......cannabisindustrien....gjennom brandet "Cactus Farms".
Dette er eit heilt lovleg foretak, som produserer og distribuerer cannabisprodukt til det stadig voksande weed-markedet i USA. Berre dei siste par dagane har ytterlegare eit par delstater avkriminalisert bruk av psykedeliske rusmiddel, i tillegg til den cannabisen som dei selger lovlig.

Så medan vår justisminister predikerer ein auka innsats mot narkotikaBRUK, samtidig som norsk politi melder at vi må forvente at fleire typer kvardagskriminalitet vil bli nedprioritert, så legg ho altså ut tik-toksnuttar med ein hasjrøykande cannabisinvestor som bakgrunnsmusikk.

I ei tid der våre avholdsmoralister, skremte folkevalgte og ekstremistorganisasjonen Norsk Narkotikapolitiforening (Nå; NNF) snakker om "normalisering" av "nARkotIkA" som om det skulle være Svartedauden som er på veg tilbake, så legger altså vår justisminister ut ein videosnutt fra ein stor weed-entusiast.
Det er ingen som har klart å "normalisere" slik som Mehl i dette tilfellet, for ikkje å snakke om dei mange utskremte som hevdar at "alle bruker kokain", når det eigentleg berre er eit lite antall som har PRØVD.



Oppsummert: Vår justisminister, fra eit parti som nekter å snakke om noko som helst form for avkriminalisering og legalisering, og som ønsker å bruke politiets tvangsmiddel uten konkret mistanke ovanfor brukarane......finn altså ut at musikk fra ein hasjrøykande cannabis-investor passer bra å ha på tik-tokvideoen sin.....

Hvis ikkje dette kvalifiserer til ei bøtte popcorn, så veit ikkje eg. 

****************************************************************************

10.5.2023:
Da er det gått nokre dager siden ekstremistorganisasjonen Norsk Narkotikapolitiforening skifta navn. 
Det er unektelig ein viss skadefryd i det, for dette hadde neppe skjedd dersom rusreforma hadde blitt vedtatt for snart to år sidan. Sidan den gang har som kjent svært mykje skjedd på rusfronten, og den største taparen er utan tvil NNPF, eller NNF som dei nå heiter. Det er ikkje Norsk Naturist Forening det står for, sjølv om begge desse organisasjonen no er grundig avkledd. Jo, naturistane har samme forkortelse, berre så det er sagt. 

Men det beste står likevel att: 
Medlemsutviklinga. 

For to år sidan såg det slik ut.


Dette var før det verste mediestyret og sjeletta byrja å ramle ut av skapet. Da hadde NNPF ca. 3600 medlemmar. Etterkvart som den eine skandalen avløyste den andre, og organisasjonen vart dømt nord og ned i høve den omfattande rapporten som vart lagt fram i januar, så ser det nå slik ut, iflg. organisasjonens eiga nettside fra byrjinga av mai inneværande år.


Som vi ser er det ein gedigen nedgang i medlemsmassen, noko som fortel meg at NNPF har bomma med sin strategi, endatil innad i sitt eige nedslagsfelt. Unektelig ein grunn til å finne fram popcornet!

Men dette er ikkje alt: 
Dagens Næringsliv har hatt fleire kritiske reportasjer mot Forsvaret si handtering av narkotikasaker. Det er avdekka at Forsvaret har opptrådd....skal vi sei....."uryddig", og da er eg snill. Praksisen med å innhente opplysningar fra politiets register er no opphøyrt, og skulle sjølvsagt aldri ha funne stad.
Edderkoppen i denne ulovlige praksisen? Joda, tidlegare generalsekretær i NNPF og aktiv drittpakkeprodusent Lars Holmen. Om det overrasker? Ikkje eitt sekund.
 Den ulovlige praksisen skal visstnok blitt godkjent av vår tidlegare riksadvokat, dvs. æresmedlem i NNPF.
Seier forsvarets "narkotopp".
Tilfeldig? Neppe!!



Det koker eigentleg ned til kven som lyg her: Tidl. Riksadvokat og æresmedlem i NNPF, Tor Aksel Busch, eller tidl. generalsekretær i NNPF, Lars Holmen. 

For oss andre er det altså popcorntid!

***********************************************************


4.5.2023:
Før jul 2022 vart det tatt ut tiltale mot ein eksadvokat som hadde hengt oppe nokre plakater i Oslo.
Desse var visst sjikanerande, og slikt kan vi jo ikkje ha noko av. 

Eg vil derfor be alle mine MILLIONER av lesarar om å ikkje spre dette bildet vidare.





Vel, som vi nå veit vart saka lagt vekk i første omgang grunna aktor sitt medlemsskap i samme forening. (Null premie for å gjette at det var ekstremistorganisasjonen Norsk Narkotikapolitiforening).
Etter ytterlegare etterforsking, så vart saka lagt bort igjen, nå utpå våren 2023.

Men idiotiet er ikkje over.

Nestleiar i NNPF, statsadvokat Geir Evanger har nemleg klaga på vekklegginga.

Det er da vi forstår kor mykje popcorn som trengs for å følge med på denne heilsprø føljetongen. Dette er sååååå bortreist.
Joda, det kan sikkert kjennast "stigmatiserande", men det er da ikkje noko problem? Iallfall ikkje ifølge Evanger himself.


 Det var iallfall ikkje eit problem at brukarar av illegale rusmiddel vart stigmatiserte (utanom at nokre av dei tek sitt eige liv da, men pytt-pytt), så da er det sikkert ikkje eit problem at ein vert hengt ut på nokre småfreidige plakater.
Joda, ubehaglig kanhende. Men i eit demokrati som vårt er det nettopp slike "ubehaglige ytringer" som skal tolererast. Dessuten; Ubehaglig? Meir morsomt synes eg, og slike reaksjoner fra hårsåre juristar er akkurat det som skal til for å fylle dagens popcornkvote.

Sjelden har uttrykket "You can`t make this shit up" passa bedre.




2.5.2023:
"Du skal ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer deg selv"

Dette kjende sitatet kan passe bra, nå eit par dager etter at leiar Bollestad i Krf vart utsatt for det ho kalla "ydmykende behandling" i samband med ei flyreise.

Såklart var det audmjukande å bli stoppa i sikkerheitskontrollen på flyplassen, kanskje med ransaking og sjekk av klede, handbagasje og greier.

Vel, dette er akkurat slikt som tusenvis av rusbrukarar har opplevd i fleire tiår. Desse har blitt stoppa, ransaka, avkledd, endatil ute på offentleg stad i einskilde tilfeller. Kva galt dei hadde gjort? Jo, dei hadde brukt illegale rusmiddel, m.a.o. sjølvmedisinert seg, eller berre hatt det litt gøy. Dei har ikkje akkurat risikert andre sitt liv og helse.
For Bollestad sitt vedkommande handlar den "ydmykende handlingen" om fellesskapet tryggleik ombord på eit fly. Joda, Bollestad er ein kjent figur, men får pent finne seg i akkurat det samme som andre flypassasjerar må, for ikkje å snakke om dei rusbrukarane som Krf helga før ville skulle bli utsatt for verre overgrep enn det Bollestad vart utsatt for.

Hykleriet i Krf er openbart uten grenser.
Dei vil gi politiet tilbake tvangsmiddel som dei aldri har hatt lov til å ha, dei babler om "påtvungen hjelp". (Hvis det er påtvungen, så er det ikkje hjelp, DUH!!) Desse tvangsmidla er langt meir inngripande enn det Bollestad var "utsatt" for på flyplassen.


Det er da det passer å vise til dagens opningssitat, og finne fram popcornet igjen. Krf vil fortsette å gi oss slike øyeblikk i rusdebatten framover, det er vel det einaste som er sikkert.

Som ein anekdote vart min eldste sønn utsatt for ransaking og pågriping, på arbeidsplassen sin, den gang tilbake i 2015. Han fant det svært audmjukande, og det vart sjølvsagt ikkje funne ein døyt. Men slikt synes altså Krf er OK, men ikkje å bli stoppa i sikkerheitskontrollen på flyplassen....

Det er vel slik at urett som rammer "dei andre" er ok, men når den samme uretten rammer ein sjølv....ja da er det ikkje så greit lenger.

Gudbedre for ein gjeng.
Altså; Klarer du eitt overgrep, så klarer du to???



Og medan eg skriv dette, så pågår "Debatten" på NRK, der eg ser Arbeiderpartiet massakrere seg sjølv, live på statskanalen. Det er altså ikkje til å tru det som skjer internt i AP om dagen, men det er nå ikkje mitt problem. Tvert om vil eg sei det er smått underholdande, og enda ein grunn til å poppe litt.

25.3.2023:

Vel, vel, vel....

Det er lørdag, og det har samla seg opp nokre nye punkt å le av siste veka også.

Kvar skal vi begynne? Justisvesen og rusdebatt er gaven som gir og gir, og i dag skal vi også ta ein tur i tidsmaskinen. Det er jo alltid artig å sjå på spådommar og utsagn som nå i ettertid viser seg å være....feil....men på den andre sida gir det oss høve til å finne fram popcornet.


Skal vi byrje med ass. politidirektør Skulstad i dag kanskje? Mannen har akkurat blitt belønna med seks nye år i jobben sin, noko som er ei fin belønning for å være såpass gløymsk at han ikkje hugsa at han hadde meldt seg inn i NNPF, vore medlem der i SEKS år (ikkje fem som det først vart sagt), før han heller ikkje hugsa at han meldte seg ut.

Med ein slik hukommelse, så er eg litt redd for om han finn fram til rett avdeling når han kjem på jobb om morgonen, men vi får håpe det beste.

Det er ellers verdt å humre litt over hans arbeidsgiver, Politidirektoratet, som ikkje akkurat la sjela si i å finne ut om sine toppleiarar sitt medlemsskap i NNPF. For korleis sjekka dei det? Jo, dei spurde. Og passande nok, så kunne ikkje Skulstad hugse dette der og da. 
Så da svarte POD "nei" på spørsmålet om leiinga nokon gang hadde vore medlem.
Men #narkotwitter gav seg ikkje så lett. Ved innsynsbegjæringar av den heilt lovlige sorten, så kom det fram (etter laaaang tids trenering, det må nemnast) at Skulstad HADDE vore medlem i fleire år.

Da først hadde han ryggrad til å  huske litt igjen. Sikkert tilfeldig.


Skal vi ta litt om Senterpartiet og ruspolitikk i dag også?
ALDRI ein dag uten!
I eit intervju med partiets representant i justiskomiteen(!!!) Ivar Prestbakmo, så viser han for all verda kvifor vi ikkje kan bruke dette partiet til noko som helst i ein seriøs debatt om narkotika: Han lever nemleg i den tru at det som vi lærte på 80-talet, det duger enda.

Eg limer inn dette mesterstykket fra intervjuet.





Den gule uthevinga er henta fra twitter, slik at det er sagt. 

Neida, du oppfatter kanskje ikkje deg sjølv som gammeldags og kunnskapslaus, men vi andre gjer det. Med dine utsagn så viser du for all verda at du faktisk ER gammeldags og kunnskapslaus. Samt utdatert såklart.

Ivar Prestbakmo er eit par år yngre enn meg, og meiner at den tilnærminga vi fikk om narkotika i 1985 var ok. Da fikk vi vite at dette var både farlig og ulovlig, og det holdt ungdom vekke fra slik styggedom. 
Eg er oppvokst på 1980-tallet også, og vi vart sendt på "opplysningsfilmar" ala "Hard Asfalt", som eg rett nok såg frivillig på Soltun kino i 1986.
 "Å være ung er for jævlig" vart vi derimot tvangsmisjonert med på gymnaset. Der vart vi pent jaga ned på Sogndal kino, i skuletida, for å "lære", eller bli "avskrekka". Vi hadde også om boka som filmen er bygd på i samfunnsfagtimane. 
Det høyrer med til historia at læraren vår vart pastor og forkynte det glade budskap eit par år seinare, men det er ein annan historie.

Poenget mitt er at Prestbakmo openbart trur at verda har stått stille siden han var russ i 1987.
Det er forsåvidt eit kjennetegn med mange av SP sine kampsaker, at "alt var bedre før". De veit, dette med å bruke nokre hundre millionar på å opplyse fylker og kommuner, opprette nye politistasjoner som nesten ingen vil ha, reversere ein domstolsreform som INGEN vil ha tilbake til det gamle....

Men det er eit stort problem for Prestbakmo og SP i rusdebatten: Dagens unge er ikkje så dumme som det vi var på 1980-tallet. På den tid trudde vi på det som autoritetane sa til oss. Nå i dag veit vi at det som politi og lærarar sa til oss om narkotika den gang....ja, det var berre tull.
Dagens unge har ein tilgang på kunnskap og informasjon som vi aldri hadde, og det er nettopp derfor nesten ingen unge røyker tobakk lenger. Dei VEIT at det er farlig, sjølv om det er fullt lovlig. Dei VEIT også at ein joint KAN være helseskadeleg, men dei VEIT også at dei ikkje blir gale, eller døyr av å fyre opp samme rusmiddel.
Joda, Prestbakmo kan gjerne leve i den tru at samme skrøner som han gikk fem på i 1987, at dei duger i dag. Men da undervurderer han ungdomsgenerasjonen brutalt. Det er dei som har kunnskap om rusmiddel, ikkje vi gamlingar som vart oppfostra på løgn og skrekkpropaganda.

Det er meg ei stor glede å opplyse Prestbakmo om at kunnskap og teknologi har gått MYKJE framover sidan han gikk ut fra vidaregåande.
For å trøyste Prestbakmo ein smule, så vil eg henvise han til eit møte med Senterungdommen, her er eit bilde fra deira forrige styremøte:






Nært beslekta med det kunnskapslause våset fra SP, dukka dette utklippet opp i feeden min på twitter her ein dag. NNPF ligg kanskje nede for telling, og kjem til å bli der heldigvis, men som ein ondarta svulst, så har dei funne nokre nye metodar å snike seg inn til lettlurte skular og forvirra foreldre.

Folkemøter.

Jada, dette er ein velkjent strategi der i gården. Gå ut i media først og fortelle kor ille alt er blitt, deretter kalle inn til folkemøter, for deretter å selge inn sine ubrukelige kurs til ein dritdyr penge. Effektivt, men eg hadde aldri hatt moral til å drive på slik.

Dessuten måtte eg fortalt skrøner igjen, og det har eg ikkje samvit til lenger.




Det er slike møter som øydelegg for den sannferdige, saklige og nøytrale informasjonen som trengs. Når vi seier slikt som dette, så kan ein nok lure ein og annan dum røykande forelder der ute i salen, men igjen; Dette bit ikkje dagens unge på.
Den alternative og korrekte overskrifta skulle sjølvsagt vore:

MANGE VOKSNE TROR AT DET ER FARLIGERE MED HASJ ENN MED TOBAKK.

Folk døyr av å røyke tobakk. Kor mange er registrert døde som følge av å røyke hasj? Næh. Er det nokon i det heile tatt??
Og før du eksploderer og finner den der 20 år gamle VG-artikkelen om at "flere døde av hasjbruk", så kan eg opplyse at dei gamle oppslaga gjaldt syntetisk cannabis, eit mykje farlegare og potent rusmiddel, som eigentleg har null å gjere med cannabis som vi til vanleg kjenner det.
Neida, hasj kan være skummelt nok for unge som ikkje har ferdig utvikla hjerner, og det skal på det mest instendige frarådast å brukast for dei under 18-20 år. Dog; Vaksne døyr ikkje av det.

La oss komme med saklig informasjon, ikkje slik som  presentert i Halsnøy. Passande at det vart framført i kulturhuset, der det sikkert er kino m/tilhøyrande popcorn også.



Til sist i dag: TIDSMASKINEN!!

Tilbakeblikk er alltid skøy, og i dag vil eg gjerne sjå litt på den gang sprøyterom var ein sak i media.
Det er ca. 20 år siden slikt vart diskutert, og dette var ikkje lett å få på plass. Tvertom var det ei rekke røyster som gikk imot alt som måtte smake av endringar i ruspolitikken, og kven var vel dei?

Ein av dei organisasjonane som var mest høglydt til innføringa av sprøyterom, var Forbundet mot Rusgift. Dei meinte at Oslo kommune da legaliserte heroinbruk, og tok likegodt og anmeldte dette livreddande tiltaket. Eg trur dette var i 2002, og sidan den gang har reglane heldigvis blitt mjuka opp ein del. Det er nå brukarrom, ikkje berre sprøyter, og det er utvida til å gjelde andre enn heroinpasientar.
Alt i alt må det seiast å være eit vellukka tiltak, og etterspurnaden har berre auka. Det trengs nå fleire slike helsebringande tiltak, både i Oslo og andre stader.

Dei andre som var høglydt imot var........Politiets Fellesforbund. 
Såklart var dei imot. 
Politiet har stort sett vore imot ALT som kunne minne om nytenkning på rusfeltet, og alle endringar som har vore, er skjedd på tross av politiets feilaktige vurderingar. 

Så også i dette tilfellet fra 18 år tilbake.

Nå veit vi at tiltaket var svært tiltrengt, og at PF saman med FMR som vanlig tok feil.

Kva kan vi lære av dette?
Jo, at vi ikkje skal bruke ekstreme avholdsorganisasjoner og politiets fagforeninger som kunnskapsformidlarar i russpørsmål. Dei er ikkje utdanna til dette, og veit rett og slett ikkje kva dei prater om.

Men som underholdning og popcorn for oss andre, DET er det å sjå att desse gamle fordommande mot det som var eit nytenkande og livreddande tiltak. Noko seier meg at vi skal ikkje høyre på PF og FMR nå heller. 




*****************************************

På min forrige plattform hadde eg ein periode ein post som heitte "This week in police".

Etter siste dagars oppslag, så vil eg spinne vidare på det, og plukke diverse tullball fra justissektoren og rusdebatten generelt.
Det vil for ein stor del sikkert bli ufrivillig moro, men sidan eg alltid sparker oppover, så gjer eg det med godt samvit.


I dag skal vi først til Ålesund; 
Berre to dager etter at Riksadvokaten på ein konferanse på Politihøgskolen slo fast at etaten har dreve på med kjenslelada og kunnskapslause utspel i narkotikadebatten.

M.a.o. all skrekkpropagandaen vi har sett, koordinert fra krefter i #nnpf har vært tull.



Og reaksjonen fra ein stasjonssjef på Sunnmøre?

Hold My Svele!



I sjølve innlegget er det KUN skremselspropaganda. Eg har lest det, og ABSOLUTT ALT han seier er som tatt ut fra Riksadvokatens nådelause kritikk. Han skildrer alle ting som er galt med dagens narkotikapolitikk, og forstår ikkje at det fins ein enkel måte å løyse problemet. Han skildrar alt som er galt gjennom alle år med norsk narkotikapolitikk, og løysinga er altså å fortsette som før.
Iflg. stasjonssjefen så har ungdommen nå gått over fra cannabis til kokain, og det skal visstnok flyte av det kvite pulveret i Ålebyen. 


Det er imidlertid eit stort problem: Det stasjonssjefen seier er berre ba-bu. Det flyter ikkje av kokain i Ålesund, heller. 
Eg har peika på dette tidlegare, for det er knappe fem av hundre som har prøvd kokain i alderen 16-30. Dette stoffet er heller ikkje av det billigaste, så at det skal flyte omkring i ungdomsmiljøet høyres ikkje særleg truverdig ut fra begynnelsen av. 
Cannabis derimot, det har 25% i samme aldersgruppe prøvd, så denne historia om at unge nå har gått fra hasj til kokain, er altså berre tull. Om det skuldast dumskap, ondskap eller rein løgn er eg i dette tilfellet litt usikker på. Dumskap er vel det mest nærliggande eg tenker på. 



La oss så hoppe over til neste tabbe fra ein politileiar, og dette er ein av heilt andre dimensjonar. Joda, ein stasjonssjef er nå så sin sak, men det blir enda meir popcorn-faktor over det, når sjølvaste ass. politidirektør Håkon Skulstad vert tatt i løgn, eller "dårlig husk" som det heiter i dei kretsar.

Tilbake i 2021 vart han spurt om han nokon gang hadde vært medlem i #nnpf, neida, det hadde han ikkje. Årsaka til at dette er litt viktig, var at Skulstad var sentral i arbeidet med å foreta ein gjennomgang av politiets samrøre med den private og antidemokratiske organisasjonen #nnpf

Etter eksternt press, vart Politidirektoratet tvungen til å foreta ein ekstern granskning, istaden for den interne som Skulstad tok til orde for. 

Vel, rapporten vart lagt fram i januar, og alle med ein bittelite snev av interesse i justispolitikk, har antaglegvis fått med seg kor knusande den var. 

Skulstad er norsk politi sin nest øverste leiar. Han er såleis noko langt meir enn ein sutrande stasjonssjef ute i perifirien som ikkje har snøring. Det er derfor av stor betydning når ein slik toppbyråkrat vert tatt i løgn. Eller som han seier til Dagbladet i dag: HAN HUSKER IKKE.

Det blir for dumt.
Det er fem år sidan han stod på talarstolen på #NNPF sin årlege fyllefest, også kjent som årskonferansen. 
Det er slik i #nnpf at ein ikkje får taletid hvis ein ikkje er medlem, men eg skal la tvilen komme dei til gode i denne saka, og satse på at  Skulstad fikk tale i kraft av sin stilling. 


For oss som arbeider for ein endring i norsk narkotikapolitikk, og har gjort det i mange år, er det smått underholdande å sjå slike mageplask fra straffenissar og forbudsløkar, gang etter gang. Noko seier meg at vi ikkje blir ferdig med underholdninga i næraste framtid heller.

Så, korleis har denne koplinga komme fram i dagen?? Er det riksmedia som har gjort ein gravejobb, nokre lekkasjer fra utro tjenarar i POD eller avhopparar fra sekta #nnpf?

Neida, som vi har sett mange ganger nå, så er det #narkotwitter sin borgarjournalistikk som har fått fram Skulstad sine krumspring. Etter at han nekta for å ha vore medlem, så vart det begjært innsyn i hans ansettelsesforhold, og vipps! Der dukka det opp at han vart trekt i lønna, direkte i medlemskontingent til Norsk Narkotikapolitiforening i fleire år....

Det er mi oppriktige oppfatning at ingenting av det som har kome fram av samrøre deluxe, og alle løgnene fra NNPF som vi har blitt presentert i alle år, ikkje hadde kome fram hvis det ikkje hadde vore for #narkotwitter.

Og det beste, alt har skjedd via heilt lovlige innsynsbegjæringar, til tross for utallige forsøk på treneringar fra Politidirektoratet, tildels også Justisdepartementet, men dette til tross; Dei er avslørt som dei løgnarar dei alltid har vore.

For oss som ikkje har kompetansen til graveteamet i #narkotwitter, men kan bidra på anna vis, så er dette popcorn-underholdning av høg klasse.

PS: Denne posten kjem ganske sikkert til å bli oppdatert.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden