Innlegg

Ein tur med toget: Årdalstangen - Øvre Årdal

Bilde
Vi må sjølvsagt ta med denne. Det er nemleg ikkje så mange jernbaner som har vore her i distriktet, iallfall ikkje ute i dagen. Joda, det var t.d. anleggsbaner i høve Jostedalsutbygginga på 1980-tallet, men dei var ikkje akkurat egna for ferdsel for almuen. Det var kanhende ikkje den 13 km. lange banestrekninga mellom Årdalstangen og Øvre Årdal heller, men denne spesielle strekninga må altså nemnast her. Vi snakkar altså om Årdal i Sogn. Sjølvaste utstillingsvindauget for alt som har med arbeidarrørsla og sosialdemokratiet å gjere. Årdal er å rekne som ein av våre reindyrka industristader, og har vore ein svært viktig arbeidsplass for ikkje berre Årdal, men også for alle nabokommunane.  Men det har ikkje alltid vore slik.  I gamle dagar var Årdal ei isolert og heller fattig bygd. Det var først da industrireisinga byrja for alvor at samfunnet vart det bymessige vi har i dag. Og ja, eg veit at Årdal hadde gruvedrift og tømmerdrift for nokre hundre år sidan. Men når ein held til ...

Ein tur med toget: Aurabanen

Bilde
Etter eit par års pause, og for å kople litt vekk fra diverse krig og elendigheit, er vår populære serie om underlige jernbanestrekningar på gang igjen. Eg har funne ut at det må tas med eit par strekningar til, som definitivt fortjener litt merksemd. Første bane ut er Aurabanen. Den tør eg vedde på at det ikkje er alle som har høyrt om før, men når ein har litt sære interesser, så må denne med. I dag kjenner vi Sunndalsøra som ein tettstad med ein dominerande fabrikk og dertilhøyrande aluminiumsproduksjon.  Men for å lage aluminium, så trengs det energi. MASSE energi. Derfor passa det bra at i nærleiken fins det vasskraftressursar, og det var i samband med utbygginga av desse at vi også fikk ei jernbane på ca. 22 km. opp i fjellet.  Aurabanen vart derfor i hovedsak bygd som ei anleggsbane, men da første del av bana stod ferdig alt i 1916, så var det ikkje anna råd for arbeidarane å ta seg opp på anlegga enn med desse toga. La oss berre sei at komforten i "passasjervognene" n...

Minneverdige sykkelturer 2025

Bilde
 1.desember, og det er på tide å oppsummere sykkelåret som snart er over. Har fått trilla på heilt nye vegar i år, på stader som eg har venta på i nokre år, faktisk ganske mange år i eitt tilfelle.  Men la oss starte med tur nr. 5 , og den er så lokal som ein kan få det. Det er 23.juni, og markering av midtsommar. Joda, sommersolverv i 2025 var to dagar før, men av ein eller annan grunn skal altså midtsommar markerast seinare. Like rart som at vi markerer midtvinters tre dager etter vintersolverv 21.desember... :-) På denne fine midtsommarsdagen, var vi på biltur i Jostedalen, og eg hadde i all min visdom funne ut at eg kunne ta med sykkelen, slik at eg kunne få ein fin og lett tur heim igjen. Sykkelen vart tatt av taket ved Jostedal kyrkje, og så byrja eg å trille framover mot breen. Etter ca. 50 meters trilling merka eg dei første regndråpane, men det ville sikkert gi seg snart. Og det gjorde det. Problemet var berre at eg sykla fra regnet dei første kilometrane, så da eg va...

Norsk partipolitikk; Det er eit underlig skue

Bilde
Oppdatert 2.12.2025: Vel, aldri har vel ei overskrift passa stort bedre.  Det vi har sett dei siste dagane var eigentleg som forventa. Var det verkeleg nokon som trudde at dette samarbeidet kunne vare?  Nå er det framleis eit par dager til fredag 5.12. og det er lang tid i politikken, men det er nesten underholdande å følge med på det som skjer. Dette togkrasjet i sakte kino kan framleis unngåast ved at ein eller annan bøyger av. Anten i Mdg, SV eller i Ap. Men slik som desse har stilt seg nå, så vil det framstå svakt om dei gir seg, uansett kven det måtte være. Eg lurer; Kunne ein forvente at fem parti, med så ulik profil kunne bli enige? Hvis det viser seg at alle fem blir enige, så er det uansett berre ei utsetting. Ein skyver problema framfor seg til neste stridstema dukker opp. Om det er olje, rovdyr, sentralisering eller den O Store Elefanten I Rommet; EU. Kven som tjener på dette surret? Jo, Sylvi Listhaug.  Akkurat nå vil det ikkje lenger forbause om ho faktisk b...

Norsk samferdselspolitikk: Det er eit underlig skue.

Bilde
Oppdatert 16.12.2025: Vel, da har nye E16 over, eller rettare; gjennom, Sollihøgda opna for trafikk . Det skjedde visstnok i dag, og er garantert ei fin julegave for alle dei som har stått i kø der. Meg sjølv innbefatta, dog mange år siden nå. Eg unner alle i køfolket å slippe desse meiningslause timane, og så får vi sjå kva som bli neste store, ferdigstilte vegprosjekt i området. Det pågikk ein smule arbeid på E18 fra Sandvika og inn mot Oslo, såvidt eg fikk med meg i sommer.... Men, dette er da ikkje eit underleg skue? Ferdigstilte motorvegar er da noko som mange av oss setter pris på? Joda, men vi som har levd ei stund husker sikkert at det skulle byggast ny jernbane mellom Sandvika og Hønefoss, og at dette skulle være eit samordningsprosjekt med den nå nyopna vegen. Da skulle ein vel tru at jernbanen også stod ferdig i dag? Men den er ikkje ein gang påbegynt. Og det forteller oss svært mykje om kor neglisjert norsk jernbanebygging er blitt. Joda, vi har Follobanen, Askerbanen og Ga...

Topptrimmen 2023 - 2025: Vestre Holåtind

Bilde
Da var det gjort for denne gang også. 10 nye og tildels svært fine toppar rundt om i kommunen er besøkt. Nokre av dei var av den heller enkle sorten, medan andre var tunge og slitsomme. Dvs. akkurat slik det skal være! Vi har besøkt deler av kommunen som vi garantert aldri hadde besøkt ellers, så da får vi sjå om vi orker å begynne på enda ein runde til neste år. 60 toppar er besøkt, og totalt 75 toppturar er nå på cv`en. Det er ikkje til å stikke under stol at det hadde vore moro å få med seg dei 40 siste også....hvis helsa tillet det. Tur nr. 10 i denne runden vart Vestre Holåtind, 2039 moh, beliggande på grensa til Skjåk kommune. Her er vi laaangt inne i Breheimen, med vill og storslagen natur på alle kanter. Laurdag 2. august la vi i veg, etter først å ha forsert det som må være ein av landets mest ekstreme vegstrekningar. For den som ikkje har køyrt innover til Nørstedalseter, så kan denne turen verkeleg anbefalast. Hydro, som er vegeigar, er i gang med utbetringar her og der, men...

Topptrimmen 2023 - 2025: Buskrednosi

Bilde
Da har man på forunderleg vis fullført topp nr. ni av ti. Det såg dystert ut etter første sommaren, men her er vi altså, to år etterpå, og kun ein ussel topp står att. Og det med dei finaste turmånadane august og september igjen. Joda, vi kjem i mål denne gang også. 22.juli 2025 la vi i veg mot Buskrednosi over Vigdalen, 1505 moh. Ikkje av dei høgaste og verste i utgangspunktet, men langt fra den lettaste topptur eg har vore på heller. Start fra vårstølen i Vigdalen, dvs. så langt ein kan komme med bil på sommarstid. Siste par km. går på vinterstengt, privat bomveg. Hvis du ikkje gidder å betale, men likevel køyrer opp, så er du ein snyltar. Vi betaler for oss når vi går topptur. Parkeringsplassen ligg på pene 670 moh, så da blir det vel ikkje så mange høgdemeter da??? Joda, det blir iallfall da nokre, men ikkje avskrekkande mange. Fra parkeringa går det DNT-merka sti mot Vigdalstøl, og vidare mot Fast. Det er ca. 30 minuttar å gå til Vigdalstøl i lett terreng.  Etter den omtala ha...