Bird Box Barcelona - filmomtale

 Fire år etter suksessen med Bird Box, er det altså på tide med ein oppfølgar. Som med den første filmen er også dette ein film som vi kun finn på Netflix, iallfall enn så lenge.
Medan den første hadde fleire kjende skodespelarar på plakaten, som Sandra Bullock, Sarah Paulson og John Malkovich, er denne meir basert på iallfall for meg ukjende navn. Kanskje ikkje så rart, da handlinga føregår i.....Barcelona....med stort sett spanske skodespelarar, som ikkje er mi sterkaste side. Eitt unntak i ho dama fra mesterverket av ein grøssar "Barbarian", det tok litt tid før eg kjente vedkommande igjen.



Barcelona er altså scenen for denne 112 minuttar lange sci-fi horror filmen, som utspeler seg kun i ein storby, i motsetning til originalen som var både i by og på land. Ja, og i elv og skog såklart.
Barcelonaversjonen av Bird Box er altså ikkje ein oppfølgar til den første, men meir ein historie om det samme fenomenet som ramma verda, sett fra ein meir europeisk synsvinkel.


Handling:
Vi møter Sebastian, ein vellykka forretningsmann med dress, slips, kontor og fin bil, samt ei vakker kone og deira datter på ca. 10-12 år. På ein heilt vanleg dag på jobben, så byrjar det å skje grufulle ting, da Sebastians kollegaer tek sitt eige liv, den eine etter den andre. Nyhendesendingane blir etterkvart teppelagt med reportasjer om dette uhyggelige fenomenet, som altså skjer over heile verda.

Sebastian må hente BMW`en sin, og redde kone og barn. Han må berre innom sin lokale prest først.

Så hoppar filmen fram og tilbake i tid, og vi får sjå korleis det er blitt i dag, ni månader seinare. Barcelona er nå blitt eit postapokalyptisk mareritt, med få overlevande, som alle må gå med bind for augene når dei er utomhus. Det fenomenet som skjedde ni månader før er avdekka til å være utenomjordiske vesen, som vi heller ikkje denne gang får sjå korleis ser ut. Men uansett korleis dei ser ut, så openbarer dei seg på ein måte som framkallar vår største frykt, og alle, med nokre svært få unntak, tek sitt eige liv etter eit møte med dei utenomjordiske.

I denne gudsforlatte staden av ein storby, må altså Sebastian og dotter Anna klare seg så best dei kan. Med hjelp av andre overlevande kan dei karre til seg litt mat og tryggleik her og der, men spørsmålet er om Sebastian er så uskuldig som han gir seg ut for å være??

Da dei treffer andre miserable overlevande, med bl.a. ei tysk jente på Anna sin alder, samt ei amerikansk lege med psykiatri som spesialfelt, så vil dei finne det som skal være ein trygg plass i Barcelona, turistattraksjonen Montjuic. I ei salig blanding av tysk, spansk og engelsk legg dei i veg til den andre sida av byen, og så får vi vel håpe at reisa går bra. Hint: Dei møter sine utfordringar.


Bird Box Barcelona har kanskje fått litt lunkne kritikkar fra filmeliten, men eg har sett langt verre fra postapokalyptiske miljø. 
Barcelona ser forbausande herja ut, det er utruleg kva fiffige CGI-effektar kan få til i våre dagar.
Handlinga er kanskje ikkje den mest originale på kloden, men det kan eg leve godt med. Joda, eg veit godt kven som skal stryke med etterkvart som filmen går, det er ikkje særleg dybde i dei karakterane som filmen kan tilby oss, med unntak av Sebastian og Anna da. 

Alt i alt var Bird Box Barcelona grei underholdning, uten at den kjem til å vinne ein einaste pris for originalitet og nytenkning. Det heile handlar såklart om å få mest mogleg ut av den godt mottekne første filmen i serien, og eg er villig til å vedde ganske mykje på at det kjem fleire filmar fra same univers. 
Bird Box Calcutta, Bird Box Melbourne, Bird Box Helsinki....? Det er kun fantasien som set grenser her. Og om dei klarer å tjene nokre kroner på konseptet da såklart.

Høgdepunkt:
Det er mange måter å forsvinne ut av livet på. På film er det ok, i den verklege verda; Not so much:-(

Lavmål:
Skal det der liksom forestille ein sjel....?

Grei underholdning som sagt, men neppe for dei som helst liker romantiske komediar.






Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden