Ein tur med toget: Kragerøbanen

 "Altså, kor mange baner skal han skrive om da?"

Tja, så lenge eg gidder??
Dette er ikkje meint å være ein slags kunnskapsbase for underlige og nedlagte jernbaner her i landet. Det fins andre baser for det. Dette er meir underholdning og tidsfordriv.
Nå i første omgang vil det helst bli om alle våre meir eller mindre meiningslause nedlagte banestrekningar, og etterkvart så går eg muligens over på dagens jernbanestruktur, samt jernbaneplaner som aldri vart realisert, og baner som BURDE bli bygd.
Det vil kanhende bli den mest omfattande biten.

Fram til da får vi fortsette med nedlagte baner, og i dag; Enda ein av Sørlandsbanens altfor mange sidebaner, nemleg Kragerøbanen.





Bygging av jernbane til denne fine, vesle byen vart vedtatt alt i 1908, men byen måtte vente i 21 år før bana faktisk kom dit. Dei første åra var Kragerø Sørlandsbanens endestasjon, og trafikken var stor.
I 1935 derimot, endra ting seg, for da stod Sørlandsbanen ferdig mot Arendal, som i sin tur vart midlertidig endestasjon for Sørlandsbanen i nokre år.
Meir om Arendalsbanen, og denne si sidebane til Grimstad, samt Treungenbanen i ein seinare post.

Med færre passasjerer og ingen vilje eller evne til oppgradering, så var det berre eit spørsmål om tid før den nesten 27 km lange normalspora Kragerøbanen ville bli nedlagt.
Da Stortinget hadde sin togmassakre i 1988, så gjekk sjølvsagt Kragerøbanen med i dragsuget. Trafikken hadde nå vore laber i årevis, så det var ingen veg utanom.

Det er i grunn litt trist at dette området ikkje kan ha lokal jernbanetrafikk, og det vart derfor eit håp om bedre tider da noko som heitte "Grenlandsbanen" vart foreslått for ein del år tilbake nå. Dette er ei prosjektert jernbane som skal knytte Sørlandsbanen saman med Vestfoldbanen i Skien/Porsgrunnsområdet. Denne nye bana skulle etter planen bli knappe 60 km. lang, og passere under ei mil fra Kragerø. Ei slik forbindelseslinje vil gi langt kortare reisetid fra Kristiansand til Oslo, men skulle du ha sett; Planane vart skrinlagt i 2022, kven kunne vel ha gjetta det?

Vestfoldbanen derimot, har fått ei kraftig og høgst etterlengta oppgradering siste tiåra, men nokon nye banestrekningar til nye byar er det ingenting av.



Dette kartet illustrerer eigentleg den absurde traseen som Sørlandsbanen har hatt i alle år, og dette er kun ein bitteliten del av den.
Ein skulle tru at det var meir nyttig med skikkelig bane fra Kongsberg og ned til Grenland, for deretter å gå via kysten mot Kristiansand, men neida. Sørlandsbanen er plassert laaangt inni skogane, der det er meir elg og hjort enn folk.
Den blå heiltrukne linja er der som Grenlandsbanen vart foreslått, og den blå stipla linja er der som den burde ha fått traseen sin for 100 år sidan, med påkopling til ein oppgradert Brevikbane. 

Istadenfor å bygge ei skikkelig bane i dette området, så er det, ikkje overraskande kanskje, bygd ut motorveger for milliarder. Det er sjølvsagt talande at det meste av Kragerøbanen er fjerna og gjort om til fylkesveg i dag. 

Det er iallfall ingen tvil om at Kragerøbanen fekk den lagnad som det vart lagt opp til, og som dei lokale styresmaktene ville. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden