Ein tur med toget: Namsosbanen

 Eller Namdalsbanen som er det eigentleg og korrekte navnet. Men personlig foretrekker eg "Namsosbanen", fordi Namsos veit eg i det minste kvar er, medan Namdalen er liksom litt meir anonymt.

Vel, på min ferd rundt omkring i landet, på stadig jakt etter underlige, og gjerne nedlagte jernbanestrekningar, er vi i dag komne til ein av Nordlandsbanens sidebaner. Ikkje det at det var så mange av dei, i motsetning til f.eks på Sørlandsbanen, men Namsosbanen må vi ta med.

Den vart bygd på 1920-talet, etter ein trasedebatt som starta alt i 1875, nei det er ikkje tull. Det tok altså nesten 50 år fra dei første tankane om jernbane til Namsos dukka opp, og til bygging starta. Opninga var i 1934, og bana fikk normalspor.
Årsaka til at det tok så laaaang tid fra dei første planar og til realisering, var ein heftig diskusjon om kor Nordlandsbanen skulle gå. Det var ønske om at den skulle gå via Namsos, slik at denne byen hadde blitt ein stasjon på den over 700 km. lange banestrekninga fra Trondheim til Bodø. Men sterke krefter arbeidde for ein trase meir inne i landet, og slik vart det. Som ein slags kompensasjon skulle Namsos få tilknytning til banenettet via sin eigen sidebane, altså Namsosbanen.



I motsetning til mange andre av våre nedlagte sidebaner, så fikk Namsos ein brukbar standard. Sjølvsagt ikkje så bra som Nordlandsbanen, men likevel høgst brukbar.

Når vi ser på desse dryge 50 km med sidebane, så forstår ein at dette var ei meiningslaus banestrekning. Joda, Namsos i seg sjølv burde og skulle hatt bane den dag i dag, men da som ein del av Nordlandsbanen i seg sjølv. Det hadde medført at den strekningen hadde blitt ein smule lengre, men når bana likevel er over 700 km, så vil ikkje nokre km. fra eller til bety all verden. Namsos er tross alt ein by, om enn ikkje ein verdensmetropol, og med direktetog til/fra Namsos og Trondheim, så ville ein kunne opparbeide seg ein viss lokaltrafikk, samt å opprettholde ein god menge godstrafikk. Slik som det vart, så fikk dei reisande berre ein lang omveg, anten dei skulle sørover til den naturlege stoppestad i Trondheim, eller dei skulle nordover mot Bodø. 
Sidan traseen vart lagt fem mil fra byen, med togskifte og vesentlig lengre reisetid enn det etterkvart vart med privatbil, så seier det seg sjølv at det ikkje kunne gå bra i lengda.


Persontrafikken vart nedlagt i 1977, men det fortsatte ein viss godstrafikk fram til 1999. Eit par mil av bana vart likevel framleis brukt heilt fram til 2005, men i 2012 gikk regjeringa inn for nedlegging. Da hadde det i praksis vore over og ut i fleire år allereie.
Det er smått ironisk at det var snakk om ei opprusting og gjenopning så seint som i 2009, noko som det sjølvsagt aldri vart noko av, grunna ein prislapp på eit parhundre millionar. 

I dag er det vissnok høve til å leige dresin på Namsos, for å sykle den eit par mil mot Grong, skiftestasjonen på Nordlandsbanen. Andre stader er strekninga omgjort til turveg i den fine naturen. 
Mi meining er at heile bana burde vore omgjort til ein skikkelig gang/sykkelveg, og at det burde satsast på sykkelturisme i dette naturskjønne området. Uten at eg er heilt sikker, så trur eg det kan være meir populært med sykkelturisme, enn med dresinutleige, men det er nå meg da.


Namsosbanen vart offer for for Stortingets klassiske grep: Kompromiss. Joda, byen skulle få jernbane, sjølv om den påtenkte landa fem mil lenger inne i landet. Resultaet var at byen fikk ei lite praktisk sidebane, som vart nytta til passesjertransport i berre 43 år. Dersom Nordlandsbanen hadde blitt lagt om Namsos, så hadde ein fått både i pose og sekk, i form av ei hovedbane gjennom ein by, der bebuarane hadde fått god og effektiv veg til Trondheim og Bodø.
Så langt fram klarte ikkje datidas politikarar å tenke, og ingeting tyder på at våre dagers politikarar er i stand til å tenke nybrottsarbeid i jernbane heller. Joda, det er rett å satse på dobbeltspor på Ofotbanen, faktisk burde det ha vore gjort for fleire tiår sidan, men at vår kanskje viktigaste godsbane må køyre ein laaaaang omveg via Sverige for å frakte gods til Oslo, er hinsides all fornuft. 

Meir om Ofotbanen kjem seinare, men først får eg gå gjennom fleire av alle våre nedlagte sidebaner, Namsosbanen er framleis kun ein av mange slike.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Vi er i ferd med å gå grundig lei av.....